Det er 1. pinsedag, klokka er 0930, telefonen ringjer.  Det er eldstedatter i familien, Ann-Christin.

- Er det i dag vi skal på Skårasalen?

Ann-Christin og eg har lenge avtalt at vi skal ha oss ein tur på Skårasalen -  ein dag vêret er fint.  Og ein dag utan stress.  Det måtte bli i dag.

- Ja, stemmer, svarar eg. 

Vi har dagen framom oss.  Eg treng ikkje fare i fjøsen før klokka 19 og Ann-Christin treng ikkje vere tilbake i Volda før Ella skal ha ettermiddagspuppen sin - eller slik at ho når middagsselskapet hos Elin og Kenneth (Nydahl) klokka 2000. 

I 12 tida har vi køyrt til vegs ende i Kvistaddalen, festa skina på sekkane og er klare til å gå eit lite stykke oppover før vi når snøen.  Det ser ut til å bli ein svært så fin dag.

IMG_0023 (Large)

Rett under Blåhornet finn vi oss ein snøberr flekk.  Det er tid for ein liten pause. Det høgste punktet over hovudet til Ann-Christin er Skårasalen.

Denne dagen er det ikkje så mange som skal på Skårasalen, men Even Hovde går framom oss og har laga eit fint spor.  Det er lett og fint å gå.  Eg går først og tek det litt med ro - eg veit at Ann- Christin har trimma godt i det siste, men det er så rart med det - ho har nyleg avslutta fødselspermisjonen.  Ella er ikkje meir enn 10 månadar gammal.

Men eg går nok for seint.  Oppe i Blåhorndalen kjem det vart frå Ann-Christin: - Du, det er i dag klokka 20 vi skal i middagsselskap - ikkje i morgon...

IMG_0025 (Large)

Ann-Christin var i langt betre form enn rekna med...  Eit liknande motiv såg vi nyleg under "Dagens foto" i Sunnmørsposten. Langhornet til høgre.  Dukhornet lengst bak.

Eg prøver å auke tempoet, men det er så rart med det.  Vi har mykje å snakke om og dermed stoppar eg fleire gonger.  På nytt får eg eit hint: - Det går an både å gå på ski og snakke samtidig...  To ting på ein gong - undrar eg.

Føret oppover Blåhorndalen er som nemnt fint.  Også vidare oppover mot Skårasalen går turen utan problem.  Ann-Christin har ikkje vore på dette fjellet før og er spent.  Vi møter Even Hovde igjen.  Stilt og fint på toppen, er meldinga hans.

IMG_0029 (Large)

Brattare parti.  Støtta for skohælane må opp.

IMG_0033 (Large)

Hallo - kjem du snart?

For den som ikkje har vore på Skårasalen før, kan nok det siste heller bratte partiet før du ser toppen, vere litt langt.  Men denne strekninga skapte ikkje problem denne dagen, men så var det dette med ettermiddagspuppen - den som Ella brukar å få når mamma kjem att frå arbeid.

- Ja, men Fred Ingar gjev vel flaske, prøvar eg meg med.  - Jau... Ann-Christin dreg på det.  Så forstår eg - mjølkespreng.  Eg må nok vedgå at eg ikkje har diskutert dette temaet så mange gonger på tidlegare fjellturar.  Men etter ein telefonsamtale forstår eg også at mjølesprengen til Ann-Christin vert mindre.  Så ser vi toppen.

IMG_0034 (Large)

Har vi sett eit liknande motiv før? Kva om vi byter ut Ann-Christin med Per Atle Røe? (Jfr. eigen artikkel - Skårasalen 1542 m)

IMG_0041 (Large)

Jess!

I alle høve den som kjem på denne toppen - Skårasalen - vert imponert over utsikta.  Ann-Christin var ikkje noko unnatak frå den regelen.  Men vi i foreldregenerasjonen likar ikkje spesielt godt når våre håpefulle skal kike over alle moglege kantar.  Eg gav nærast klar beskjed - hald deg fast i ein varde. Men vi tek oss god tid.  Det er ikkje ein vindpust.  Mat og drikke - og sjølvsgt sjokoladen - er godt.

DSC04796 (Large)

Legg merke til den vakre lua til underteikna...

Det var ikkje så mange av oss som var på Skårasalen denne dagen, men vi møtte tre unge, hygglege (alle som går på fjellturar er hyggelege) menn frå austlandet.  Ein av dei budde i Volda, og hadde fått besøk av to kameratar med truge og snowboard.  Det skulle vise seg at snowboard var lure greier såpass seint på dagen.

Ein famile frå Ålesund kom også.  Eg veit ikkje namna på dei (kona var frå Ørsta og hadde Vatne i alle høve som pikenamn)  Vi fekk låne "limrens" og glider.  Det er klokt å ta med seg slikt om ein ønskjer å sleppe lugging p.g.a. skifellelimen.

IMG_0047 (Large)

Denne familen frå Ålesund hadde absolutt vore på Skårasalen før. Ann-Christin i raud jakke.

Første delen ned frå toppen var det tørr nysnø, men ei lita skorpe hadde likevel danna seg.  Det bratte partiet ned til Blåhorndalen var svært fint å renne, men nede i dalen vart det litt problem - spesielt for Ann-Cristin.

Klokka var nærare 17 og snøen hadde blitt overraskande blaut i dette partiet.  Eg hadde nok rekna med at den hadde "brea" seg meir, dvs. sokke saman og blitt heller hard.  Men det hadde den altså ikkje.  Eg hadde nok vesenleg betre ski enn Ann-Christin (høyrer du det, Fred Ingar?) Dermed flaut eg lettare oppå snøen.  Ann-Christin sakk i eit par parti nærast rett ned.  Heldigvis vart det stort sett berre fliring ut av det.  Sjå under.

IMG_0049 (Large)

Dette går fint sjølv om det berre er andre skituren denne vinteren.

IMG_0050 (Large)

Så vart snøen blaut nede i Blåhorndalen.

IMG_0055 (Large)

Snøen blaut, javel, men ikkje klag på humøret.

IMG_0056 (Large)

Opps!

Snøen vart altså svært så roten etterkvart, men likevel gjalt det sjølvsagt å utnytte kvar ein snøklump.  Når faren for solfonner var over, rann vi ut på fonna sør for Blåhornet (kva heiter den no igjen?)  Takka vere den kom vi nesten heilt ned til råsa mellom dyrkamarka og Vasstøylen.    Dei tre frå Austlandet nådde oss igjen og eg konstaterte at i alle høve dei to på snøbrett flaut vakket på snøen.

IMG_0057 (Large)

Vårskiturar, krattskog og stein høyrer saman.

Sjølvsagt høyrer quizen med.  Vi lurer ikkje berre på kva dette fjellet heiter, men er det nokon som har gått på ski til topps?  Kva med rutevalg?  Er det råd å gå no?

Quiz (Large)

Kva heiter fjellet midt på fotoet?

Ann-Christin og eg hadde ein flott tur - den flottaste skituren eg har hatt til no, som eg brukar å seie.  Men ein ting.  Vi mannfolk er elles flinke til å seie til jentene/kvinnene at dei må kjøpe seg fjellski m/utstyr.  Men vi er ikkje så flinke til å invitere desse damene med.  Kanskje skulle hjorundfjord.no t.d. til neste år invitert med interesserte skijenter med på ein fjelltur eller to?