Dagen i dag starta med ei tung tåke som hang ned i Hjørundfjord-fjella. Det som såg ut som ein gråvèrs dag blei forandra til ei solskinsperle av dei sjeldne utover formiddagen. Det skulle vise seg at det var fleire enn oss som visste om dette. Målet for dagen var å gå på Kvitegga frå Snødalen som ligg mellom Tryggestad og Fivelstad. 

Etter å ha kjørt gjennom Norangdalen møtte vi eit mylder av bilar parkerte ved vegen der råsa til Kvitegga startar. Kansje fordi vi starta litt seint på dag eller fordi dette er ein kjend og flott tur. Vi spente på oss skina ved sidan av bilen og traska oss oppover den tette skogen i eit hardtrakka spor som var omtrendt like breitt som eit fortau. Vel å merke var det veldig lite snø igjen i dei nedre delane av skogen.

Bilde 069   

Det var lite snø ved vegen og i delar av skogen, men denne gangen slapp vi å bere skina i det heile. Snødalen bak. Ruta til toppen går opp gjennom dalen og inn til høgre.

Det gjekk unna og det tok ikkje lang tid før vi såg fleire folk på veg opp( vi såg også ein del av dei frå vegen). Først var det berre nokre få, så blei dei mange. Vi fekk straks vite at det var Ålesund skiklubb(Aask) som var på tur.

Bilde 032

Det var folkerikt på Kvitegga denne dagen, kanskje ikkje så rart slik vèret var? Det var omlag 40-50(kanskje meir) personar på toppen denne dagen og det var også mange spor frå dagane før.  

Bilde 216

Systra mi på veg opp, Tryggestad nede til høgre.

Det gjekk unna og det tok ikkje lang tid før vi nådde toppen. Flott endeleg på Kvitegga! Det var det...                                                                                 Nei vent no, har eg ikkje gløymt noko? Jau det var dette med utsikta då. Kva kan ein sei? Såg Ålesundarane glise frå øyre til øyre. Høyrde eg nokon seie: " ...dette er som å vere på verdens tak..."? Nei det var nok berre noko eg sa til meg sjølv. Men det var nok fleire som tenkte det! 

Bilde 052

Finn fem fjell! Eller 20?

Bilde 051

Mot Hjørundfjorden og Jakta (1588 m.o.h) og fleire...

Bilde 054

Meir fjell...

Bilde 55

Her ser vi ruta ned frå Storhornet (1600 m.o.h) Trykk på bilde! Det har gått eit stort ras i trasèen der ein renn ned som vi ser. Vi såg spor av personar som både hadde gått opp og rennt ned her  i dag, dei hadde forhåpentligvis ikkje vorte tatt av raset. 

Bilde 058

Folk på toppen og fjell i Sunnfjord i bakgrunnen.

Bilde 235

Frå høgste punkt nedover mot fastfjell.

Bilde 039

Norangdalen. Det må ha vore ein skikkeleg fonn-vinter i år. Snørasa var store og hadde tatt med seg alt som var av mold, stein og tre. Dalen såg ikkje ut der han låg. På vatna og i vasskantane flaut det ein tjukk graut av mold og tre. Dette såg ikkje bra ut med tanke på turismen og sauene som skal beite der.  

Bilde 040

Austover mot Hellesylt. Hellesylt ligg sjult til venstre. Vi kan sjå vegkrysset frå Norangdalen mot Hellesylt over hovudet til personen.

Då toppen var nådd tok vi av fellane og var klar for nedturen. Sjølvsagt brukte vi litt tid til å ta bilete og få i oss mat, men den fine og lange nedkjøyringa frista stort. Det gjekk fint nedover den kuperte og flotte sida. Følelsen av å renne i mjuk snø veit nok dei fleste korleis den er. Her er nokre bilete frå nedturen:

Bilde 242

Er det far min på veg nedover?

Bilde 246

Underteikna på veg ned.

Bilde 204

Kvitegga sett frå Norangdalen.

 

Litt om Kvitegga: Toppen er 1717 m.o.h på snøkuppelen og 1691 m.o.h på fast fjell. Kvitegga er Ørsta kommune sitt høgste fjell, også Sunnmørsalpane om ein ikkje reknar med alle fjella i søraust. Ein kan nå toppen frå Bjørke, Kjellestad eller frå Fivelstad/Tryggestad. Vi gjekk frå sistnevnte oppover tett bjørkeskog til det opna seg i Snødalen, vegen seier seg sjølv. Ver obs for sprekker seint på vinteren og om sommaren. Ein dryg og lang tur, mellom 4-5 timar på 6-7 km. Ingen spesielle farer men det kan forkomme orienterings vanskar ved dårleg vèr på toppområdet. Toppen er stor og vid. Denne rutebeskrivelsen gjeld kun ruta Snødalen-Kvitegga og er basert på dagens tur.