Målet med synfaringa er å teikne inn ein ny profil rundt Slettedalshjørnet for å sjå korleis ein kan opne for betre plass attmed kyrkjegardsmuren, når ferjekøa er på det meste. Fyrst starta fylgje med å sjå på kaia som har store skadar i fundamentet, og har hatt litt fyrstehjelp tidlegare i år. Det er støypt ein del i fundamentet, så ikkje kaia skal verte yttarlege utvaska i komande sesong.

Besiktelse av utvaskinga på kaia

Vegvesenet og kommuna tek ei oversikt over den skada kaia, sjølvom det ikkje var det som var målet idag.

 Prestegardsmur er kanskje løysninga
Prestegardsmuren er den som struper trafikken i svingen.

Fylgje tok turen vidare fram til Slettedalshjørnet og det vert her utfordringa for trafikkkonsulent Siv Sundgot i Statens Vegvesen er å finne ei løysning.  Kan Vegvesenet greie å teikne inn ei løysning her utan å gjere for mykje inngrep i prestgardsmuren skal tru? Dette er i allefall det som er målet med synfaringa, at det vert laga ein profil på teiknebrettet for å sjå om det let seg gjere å bruke den eksisterende vegtrase.

 Ein overbevisande busssjåfør
Men når klokka nærma seg 10.30 kom bussen frå Ørsta og ei tvilsomme parkering fann stad utanfor Slettedalshjørnet. Busssjåfør Jostein Kvistad nytta høvet til å fortelje Vegvesenet sine folk om den farlege trafikkfella i krysset, vegen må flyttast, var bodskapen. Kjøpmann Torbjørn Slettedal står nede på vegen og er ueinige med busssjåføren, og meiner her må det finnast ei løysning for å bruke vegen som den er i dag.

 

 Bort
Bortgjennom Øyragata manglar det fortau og gjer skulevegen trafikkfarleg.

Etterkvart har fagfolka sett nok og forflyttar seg bortover Øyragata for å sjå på fortau og skulevegen. Branngarasjen stikk langt fram, og gjer det problematisk med full bredde på fortauet.Den nedre vegen
Her vert den nedre vegtraseen vurdert, som går frå sjukeheimen og rett mellom Bellingen og Stormøllen.

Den nedre vegen, som er etter reuleringsplanen, vil bruke mykje av den  verdifulle plassen som er att på Sæbø, og som kan nyttast til boligar, grøntområde og aktivitetar i forbindelse med sjøen. Mykje av parkeringsplassane til sjukeheimen vil gå tapt ved ei løysing her, og bilane som må flyttast bortom elva, var noko av problema som vart drøfta. 

Landskapsarkitekt og trafikkkonsulent  Siv har no eit oppdrag å sjå på desse to alternativa for å finne den beste løysinga for Sæbø sentrum. 

Gunnar Wangen som er sterkt oppteken av å ta vare på det opprinnelege miljøet på Sæbø, ser fram til dei bestilte vegprofilane ligg på bordet, så det kan takast stilling til om her skal verte ei reguleringsendring ved å behalde den gamle vegen, og å spare det fine området som kan verte det nye sentrum og som kan gje ny busetning på Sæbø.