Søndag 11. oktober står fylgjande på filmplakaten: 

Kl 16.30 - kiosken opnar 

KL 17.00 - KNERTEN Aldersgrense: tillaten for alle

PDVD_325.PNG

Knerten er kjend for dei fleste av oss vaksne, og no får borna også lære han å kjenne. Dette er den første av filmane om Knerten, der vi fylgjer Lillebror og familien når dei flyttar på landet og kvardagen til Lillebror med eitt blir mykje meir fartsfylt og spanande i det Knerten dukkar opp frå ein vedstabel.

18.00-19-30: Vår vesle kiosk/kafe er open - her er det muleg å treffast for ein triveleg prat!

19.30: ZERO DARK THIRTY Aldersgrense: 15 år

zero-dark-thirty

Hovudfilmen er trillaren "Zero Dark Thirty", av mange rekna som ein av dei aller beste filmane frå 2012. Filmen gir eit realistisk innblikk i USA si jakt på Osama Bin Laden som pågjekk over ein 10-års periode. Endå vi veit korleis det endar, kan vi love at dette vert ei nervepirrande jakt. 

Allereie dagen etter, mandag 12. oktober kl 15.30 er det klart for seniorvisning, med "Kon Tiki" på programmet.

Mandag 12. okt. kl 15.30: KON TIKI Aldersgrense 11 år

kon_tiki_ver4_xlg

Denne kritikarroste ekspedisjonsfilmen tek oss med på ei spanande reise frå Peru til Polynesia ombord på Thor Heyerdahls balsaflåte. Filmen vart nominert til Oscar for beste framandspråklege film, og er ein av dei mest besøkte norske filmane gjennom tidene. 

Vi gledar oss til å ta med beburarane på Hjørundfjordheimen på denne kinopplevinga! Andre som har lyst og høve til å sjå film saman med oss denne dagen, både seniorar og av den yngre garde, er sjølvsagt også hjarteleg velkomne! 

Prisar for visningane er som fylgjer: 

Born: 25 kr (vaksne gratis i fylgje med born på barnefilm) 

Vaksne: 50 kr

Honnør: 25 kr

I tillegg kjem ein eingongssum til medlemskapsavgift første gong du kjem på ei framsyning, som tilsvarar ein billett. Spesialframsyningar som "seniorvisning" er unnteke medlemsskapsavgifta. 

Vel møtt til kinomørkret som no med jamne mellomrom vil senke seg på Bedehuset! 

Venleg helsing oss i filmstyret