Gardsdag onsdag 1 juli kl 1300.

Vi skal hesje som vi gjorde i fjor, Arnljot vil kome å vere "hesjemeister".

Ulike dyr vil vi ha på tunet, det vert litt å bite i og ein kaffikopp med tid til litt prat.

Valborg kjem med kinna si og vil kinne smør.

Ja vi vil kose oss i lag på plenen På Hjørundfjordheimen til vi avsluttar med konsert med Frode Moltumyr kl 1600.

Alle som vil er hjerteleg velkomne.

Småbarnsfamilier og andre som kansje ikkje har hesja så mykje før, har no sjangsen til å lære av dei som kan.

Vel møtt!