Opplegget i år følgjer same lest som tidlegare år. Det vil seie at det vert konkurrert gruppevis. Det er minimum to personar på kvar gruppe, og inga gruppe kan ha meir enn seks vaksne personar. Det er start og mål ved klubbhuset, og ute i løypa vil folk finne seks postar, der det er spørsmål av ulik vanskegrad i tenkjelege og utenkjelege kategoriar. Vaksne er ein etter 10ande klasse.

Prisar: Kr 60,- for vaksne og kr 30,- for born.

Påmelding på klubbhuset frå kl 13.00 eller på telefon 700 40257

 p2          p3

Som vanleg stiller sponsorane velvilleg opp for Sæbø IL, og det ventar flotte premiar. Det vert premiar til dei beste laga kvar dag, premie for deltaking begge dagar og loddbok.

Av premiar i år kan vi nemne: Syklar, hotellovernatting i Trondheim, fleire gode måltid, leiker, trøtraktor, lokale meieriprodukt, lyslykt, termosar, ullkle, ytterjakke, fruktkorg, bilvask m.m.

På klubbhuset vert det begge dagar kiosksal og i tillegg vert det selt rømmegraut på skule Langfredag.

Premieutdeling kl 17.30 på klubbhuset begge dagar

ALLE hjelpemiddel, som t.d mobiltelefon er forbode!

Velkomne til ei sosial og triveleg hending.