Etter at årsskriftet "Frå Hjørundfjord" kjem ut i starten av desember, er det alltid spennende å sjå korleis boka vert motteken. Aviser, med respekt for seg sjøl, brukar å gje ei vurdering gjennom ein bokomtale. Dette er nyttig for redaksjonen å registrere som ei viktig, profesjonell tilbakemelding.

ÅRSSKRIFT nr. 36

har fått ein grei omtale av Harald Kjølås i Sunnmørsposten. "Nytt i Uka" viser ekstra stor interesse for dette årsskriftet. Avisa veit at svært mange av kjøparane bur utanfor Hjørundfjorden, men likevel innanfor nedslagsfeltet av denne vekeavisa med opplag på ca. 40.000 eks. kvar onsdag.

Kommentator Reidar Skarbø har i tidlegare omtalar vurdert "Frå Hjørundfjord" til å vere flaggskipet mellom dei mange årsskrifta som sogelaga gir ut. Han er også denne gongen raus i omtalen som sluttar slik:

" Sogeinteresserte i "alle land"; vil de sjå korleis eit godt årsskrift kan lagast, så skaff dykk skriftet frå Hjørundfjord sogelag. Det er både velskrive og ikkje minst velredigert så det er ein svir å lese."   (Dette er godord som varmar mang ei hjarterot!)

Nytt i Uka - bokomtale av 2014-boka

"Nytt i Uka" 21. januar brukar ei heil oppslagsside til omtale av "Årsskrift 36".

(klikk på tekstlenkja over, for å lese artikkelen i "Nytt i Uka")

Det skal ikkje hentast ei rekkje sitat frå omtalen av boka frå Reidar Skarbø si hand. Konklusjonen er at årsskriftet held ein høg standard og at redaktørskiftet  etter at Jarle Walseth ga seg etter 2013-årgangen, har gått fint. Men det er ikkje minst Jarle Walseth å takke, skriv Skarbø, fordi tradisjonsberaren Jarle  har innarbeidd rutiner og arbeidsmoral som vert vidareført i denne nye utgåva.

Vi merkar og at Skarbø har merka seg at biletet frå Bjørke skule frå 1947 har like mange skuleelevar då - som det er innbyggarar på Bjørke i dag:

"Somme kallar det utvikling og framsteg, andre vil vil heller bruke ordet tragedie om nedlegginga av bygde-Noreg. Tankevekkjande er det i alle fall. Ein aldri så liten "skjebnens ironi" i denne samanheng: Nummer tre frå venstre i bakerste rekke er Jonny Finnes, svigerfar til noverande stats(-og sentraliserings)minister Erna Solberg ..."

Skarbø har og gode tips som redaksjonen må ta med vidare. Særleg påpeikar han at fotoa må få ein verdigare plass i neste årsskrift.

Vel blåst seier vi til redaksjonen!