Det skal oppførast ein firemannsbustad og ein tomannsbustad på gamle sjukeheimstomta i Sæbø sentrum. Alle har livsløpssstandard. Leilegheitene ligg i naturskjønne omgivnadar, med kort avstand til butikk, skule, barnehage, badestrand og det flotte fellesarealet i Kapteinkvia. I tillegg har ein den mest brukte naturstien, Gunnarråsa, rett utanfor døra.

Dei siste åra har folketalsutviklinga på Sæbø vore særs positiv. Mange småbarnsfamiliar har flytta til bygda, og ein ser føre seg at den positive utviklinga vil halde fram - vi veit at mange har tenkt å kome attende til bygda dei neste åra. 

Sæbø har eit rikt aktivitestilbod til barn og vaksne, både innan idrett, friluftsliv og andre sosiale aktivitetar - og samhaldet i bygda er godt! 

Det er lite tomter og einebustadar/leilegheiter på Sæbø, men no har ein altså høve til å skaffe seg ei rimeleg leilegheit i sentrum. Tre av seks er allereie tinga. 

Sæbø Grendalag ser på dette som eit glimrande utgangspunkt for vidare bygdeutvikling. Vi vonar at prosjektet kjem snarleg i gong - og ønskjer nye tilflyttarar velkomne til bygda!

Dersom du er interessert ta kontakt med Meisterbygg Møre as v/Arild Aarseth, tlf. 909 92 349. Finnkode: 48983965.

Sæbø Grendalag