Hurtigruten og bygda

Både Urke Utvikling og Grendalaget veit kor mykje det har å seie for framtida for bygda at Hurtigruten valte Urke som ilandstigningsstad. Bygda er tilført ein vitalitet som langt på veg var i ferd med å slokne. Men dette har ikkje skjedd utan innsats.

Vi feirer nok ein vellykka sesong

Bygda fortener ein fest etter endt oppdrag og denne plakaten er oppslått i bygdene og på face-book:

Scan0003

Plakaten

Dagen er altså laurdag, 1. november 2014, kl 19.00. Det er siste dagen hurtigruta er på Urke denne sesongen. Aviser melder at det er 31. oktober som er siste dag, men det er ei mistyding sidan det er avgang frå Bergen 31.10. som er siste Urketur.

Det blir enkel mat, god drikke og rom for god prat. Den åndelege føda kjem nok i stor grad frå trubaduren Jan Helset.

20130128-113515-pic-102523827[1]

Jan Helset har med minst ein av gitarane.

Det skal nok framførast ei hjartans takk til alle medhjelparane for å få avvikla hurtigrute-vitjingane. Dette er andre året på rad ein har hatt hurtigruta innom som fast ordning. Vi er ikkje å sikre på kven vi skal takke for at veret begge åra har vist seg frå si beste side, men bra har det vore i alle fall.

Helge Ramstad, leiar i Urke Utvikling, saman med medarrangøren Urke Grendalag v/ Dorit Rønning, ønskjer vel møtt!

Helge Ramstad portrett

Helge Ramstad, Urke Utvikling SA

Dorit Rønning

Dorit Rønning, Urke Grendalag