Fredag 19.09 kl 19.00 opnar Rekkedal Gjestehus det nye aktivitetslokalet "Fjøsen",  med å invitere bygdefolk og alle andre til ei haustutstilling med kunstnaren Kjell Idar Saure.

Fjøsen er klar for opning
Det nye aktivitetslokalet "Fjøsen" til Rekkedal Gjestehus.

Kunstnaren opnar utstillinga kl.19.00 og det vert servering av lokal mat og god drikke. Menyen består av spekemat, ost, heimbaka flattbrød og valfritt lokal hyllebomstsaft eller eigenimportert vin frå Italia. Serveriga kostar kr 100

Saure

Kunsthelg med separatutstilling av Kjell Idar Saure!
Sjekk ut meir om kunstnaren på:
saureart.com


Laurdag og søndag vert det ope tun frå 13-17, og høve til å kjøpe kaffe og vafler. Desse to dagane vert det også  vandring/omvisning i alle husa i tunet.

Kjell Idar Saure er også ein musikkar i tillegg til kunstnar, og han tek med fela for å underhalde publikum.

Nyt flott kunst i eit nydeleg tun!

Velkomen til alle.


Helsing Rekkedal Gjestehus