Det er ledig stilling som badevakt i Ørsta kommune. Arbeidsstad er symjehallen i Ørsta sentrum (ved Ørsta ungdomsskule).

 Arbeidstida er måndag 17.00 - 19.00 og fredag 17.00 - 21.00 i dei delar av året symjehallen er open. Dei siste åra har det vore medio september til medio mai.

image002

Som badevakt har du ansvaret for vakthaldet i symjehallen og badstua. Vi ynskjer badevakter med godkjende symje- og livredningskurs. Har du ikkje dette, vil du få naudsynt opplæring.

 Søkjar må kommunisere godt norsk og ha fylt 18 år.

Det er mogleg at to personar kan dele stillinga som badevakt. Få med i søknaden kva dag som er aktuell for deg å arbeide (måndag, fredag eller begge dagane)

 Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pliktig medlemskap i KLP. Den eller dei som tek imot stillinga, må leggje fram politiattest og dokumentasjon av tuberkulinstatus av ny dato.

 Treng de fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med Ingvild Aasen

tlf 90 09 21 47

 Stillingsannonse (fulltekst) og elektroniske søknadsskjema finn du på kommunens heimeside  www.orsta.kommune.no  under lenka ”Ledig stilling”

Søknadsfrist 4. september 2014.

 

 

VELKOMEN SOM SØKJAR

image003