Eitrefjellet og Valsetheida.

001

Vi vart ein bra gjeng som møttest, klar til tur frå Ørsta Skisenter på Bondalseidet.

Svein, Greg, Kristine, Eli, Marit, Hildegunn, Terje, Bente, Haldis, Marit, Kari, Rolf og Fred.

002

Kristine og Greg leda an utover Nakkeløypa.

003

Vi andre hang med i eit godt tempo.

004

Lita pause ved starten av bratta, Marit x 2 og Rolf.

005

Varmt og flott, tørt og fint i råsa.

006

Lang, lang rekke oppetter traseen i sikksakk.

007

Etter ei lita stund vert utsikta upåklagelig, her mot Vatnevatnet.

008

Vel halvvegs i Nakkeløypa ser vi godt innover Vatnedalen.

009

Hestehornet helsar oss over Vatnevatnet, og vi kan skimte Rotevatnet og Voldfjorden bak.

010

Melshornet, Ørstafjorden og Lidaveten i fri sikt.

013

Rolf, Hildegunn, Terje, Haldis og Marit i strålande humør.

014

Kristine og Greg med Blåtinden i bakgrunnen.

016

Flotte skyformasjonar, og utsikta vert betre og betre.

017

Liten stopp for å få att pusten og nyte utsikta.

018

Endeleg oppe ved Storevatnet.

021

Vidare rundt vatnet på oversida, mot nedre trekkstasjon i Nottane.

022

Kari med øvre heisstasjon i bakgrunnen.

023

Ferda går vidare mot Korsvatnet.

024

Kvilepause ved hytta hass Ola, her er sprekingane nesten ved målet.

026

Fellesbilde! fyrst ved hytta.

027

So eit frå Heida med Sæbø og fjella i bakgrunnen.

030

Plask-rett i vatnet. Bodil i fritt fall!

034

Varmt, men ikkje heilt enkelt å kome seg uti. Rolf i fri utfoldelse.

049

Eit idyllisk ungt par i motsol.

Kristine og Greg.

045

Marit og Eli i godt prat.

050

Vidare gjekk turen rundt Korsvatnet, du ser at vatnet har minka, ca to meter kant med stein lavare enn normalt.

052

Hytta ligg å lyser mot oss, Bondalen ligg so vakkert mot fjorden, nesten vemodig å gå vidare når det er so flott.

054

Flotte augeblikk i motlys.

055

Ein kan berre beundre.

057

Vi gjekk vidare til toppen ved Eitrefjellet der himmelseglarane hoppar frå.

059

Vi hoppa vidare til kafeen på Eitrefjellet.

063

Der var ingen å selgde vafler, men vi var like blide.

067

Til sist gjekk vi nedatt bratthenget.

Alle var svært nøgde, å for ein triveleg gjeng å ha med på tur!

025

Ja takk for laget, dette vart ein flott dag i atter sol og varme.

Vi vil gjerne ha deg med på turen som går på onsdag, frå Standal til Holen med start cruise på fjorden-fergetur kl 0910 frå Sæbø.

Ta gjerne med å et frukosten på ferga.

Torsdag vert det tur til tua på Hustadneset, og fredag familietur til Stokkesetra.

Von om godt ver, so seier vi Vel møtt!