Årskogstøylen og Høgereset.

Vi møttest ved Holen, og gjekk oppover til Heimsteholen, då var vi klar for tur.

001

Alice, Kanutte, Kari, Alvhild, Fred og Bernt Arve.

 002

Bernt Arve opnar det spesielle gjerdet som slepp oss vidare oppover vegen mot råsa.

003

Ein flokk med sauder er ikkje komne seg opp i fjellet, dei føretrekk graset på lavare trakter.

004

Medan dei forsyner seg av slikkesteinen, ser dei forundra på oss som skravlar forbi.

006

Alvhild og Alice, no er vi oppe ved enden av vegen.

007

Kari og Fred, to av dei sprekaste.

008

Kanutte, ei som har sprunge i fjella heile livet.

009

Vår kjære Bernt Arve, kjapp og alltid fyrst men som ventar tolmodigt på oss likevel.

010

Ved kanten av stupet!

Nokså bratt ned mot elva her som raset grov ut en del av grunnen.

011

Bernt Arve og Bodil.

Bjørka veks like godt i vinkel berre røtene er i jord, akkurat som sunnmøringear flest.

012

Skodda låg over oss og flytta på seg litt her og der.

013

Snart oppe ved verdens beste vasskjelde.

Fred, Alice og Kanutte, Kari og Alvhild like bak.

014

Skiltet som viste råsa til Aklestad har nok sett sine beste dagar, vi må lage nye skilt her.

Spørs då om vi får bruke dei fine treskilta med freste bokstavar, eller om vi må rette oss etter nye vedtak og bruke grøne plast eller ferdigproduserte grøne treskilt?

036

Ved Årskogstøylen vart det sjølvsagt skriving i boka, og ein liten rådslagning.

Vi vart einige om å legge ferda vidare til Høgereset i staden for Keipen.

Keipen får vi ha til gode.

023

Råsa går lett oppetter sida, og vi hadde god fart.

024

No låg skoddedotten som ei dundyne nedi dalen, Alvild ser utover den majestetiske Holedalen.

025

Elva mot Holekonevatnet er stor og brusar kvitt i fjellsida.

026

Fjellgeiter i full fart oppover kanten, Høgereset i himmelsjå.

027

Bjønnahiet ligg der og ventar på leigetakar.

028

No er målet nesten nådd, siste innsats.

029

I rett tid letta skodda og utsikta vart god.

030

Kari skriv seg i boka.

No er vi i midten av juli og framleis ligg der snøv i sida på fjellet.

031

Saudene klivra seg opp på dei brattaste fjellhyllene for å finne det beste graset, du kan sjå dei ligg litt nedom midten på bildet.

032

Litt kald vind gjorde at vi droppa bading i Bjønnalauget, vi åt litt og kledde godt på oss,

og so var det tid for......

034

Fellesbildet!

Alice, Kanutte, Kari, Bernt Arve, Fred og Bodil.

035

På heimveg!

015017

018

Det ser ut som det er mykje av alt i år, einebær, krekebær og blåbær.

020

Solmodne, søte, ja så sunt og godt som dette er, ikkje minst når du plukkar dei sjølv.

037

Velkomstkomiteen var på plass når vi nerma oss ledet.

Takk for laget til folk og fe.

Fin tur, vi må tru at det vert flott vêr på måndag, då vert det tur til Stokkehornet.

Vel møtt!