Sjølv om politikarane har gjordt sitt beste for å legge ned ei velfungerande legeteneste i Hjørundfjorden, svarer forsatt vår blide og korrekte legesekretær Elisabeth på telefonen og held orden på timebestillingane, så her er vi i trygge hender så langt, men kven er den nye legen som skal utføre det som er hovudhensikta med besøket?

20130426_111136 red

Lege Siri Tangen Standal er på plass og klar for å ta imot på legekontoret på Sæbø

I døra som vi så ofte har møtte dr.Hame og dr.Sjur, står no ei ung kvinne i begynnelsen på 30 åra. Er du der for å feks. å måle blodtrykk, så er det viktigt å møte avslappa og rolig for å få det beste måleresultatet. Du kan ta det heilt med ro, for her stråler mildheit og forståelse og du vert høfleg bedd om å sette deg ned.

Namnet på Legen er Siri Tangen Standal og ho er fødd og oppvaksen i Volda og bur i Volda i dag ilag med mann og barn. Ho har studert til lege i Oslo og turnustida har ho frå Ålesund og Haram. Ferdig lege var ho i desember 2012, og då var ho klar til teneste i "ukanten" Hjørundfjorden.

Som etternamnet tilseier så har ho gener frå "Lisje-Standal" og far hennar Helge Standal er ikkje ukjent for mange turgåarar. Lenger uti slekta  finn vi også høvdingen Ragnar Standal.

Den rolige dama lyttar og forstår, og på spørsmål om ho føler seg i ein utpost, slik leiande politikarar har hevda, så aviser ho blankt det. Ho trivst i jobben og møter berre varme og velvilje frå pasientane. Ho har teke over og vikarierar over heile pasientregisteret til lege Sjur og har kontakt med han når det er noko. I heile kontortida er ho i løpande kontakt med sine kollegaer i Ørsta og det er eit perfekt samarbeid. Manglar ho utstyr av noke slag så er vegen kort for å sende pasientar til Ørsta.

Siri og Elisabeth står til teneste på Sæbø legekontor ennå, men det er opptil Ørsta kommune og avgjere skjebna til kontoret. Dei to kan garantere at du som pasient skal få ei legeteneste lik den som Ørsta legesenter kan tilby, for her er samarbeidet godt og tett.