Dei siste par vekene har vi sett ei gul gravemaskin i arbeid på elverampa frå Hustadbrua til Rise.  Det er Ronny Aamås(31) som har sete bak spakane i si 9 tonn tunge gravemaskin.

Å lage ein god gangveg på elverampa  frå Hustad bru til Rise, har vore, og er, eit prosjekt i regi av Hjørundfjorden bygdemobilisering.  Leiar for prosjektet er Irene Osvoll.  For styringsgruppa i bygdemobiliseringa er det sjølvsagt eit mål å få mest  mogleg arbeid for pengane samstundes som arbeidet må verte skikkeleg gjort.  Det var maskineigar Ronny Aamås som leverte langt det rimelegaste tilbodet og det var han som fekk arbeidet.

ATT00010

Ronny Åmås bak spakane i si 9 tonn tunge gravmaskin. 

Sjølvsagt var m.a. Irene Osvoll og Kjell Otto Holen, dei to i leiinga for prosjektet, spent på om Ronny ville gjere skikkeleg arbeid.  Spente er dei ikkje i dag - dei veit at resultatet har blitt godt.  Sjølv Kjell Otto, som ikkje er kjent for å like slurv, seier seg svært godt nøgd med arbeidet som Ronny har gjort.  Men så har Ronny etter kvart fått fleire års erfaring som maskinførar.  Det siste året har han jobba mykje for det offentlege, m.a. har han dreve med rensing av grøfter for Statens vegvesen.  Såleis passa dette arbeidet på elverampa godt, seier Ronny til hjorundfjord.no.

Også Ronny er godt nøgd.  Han planla at arbeidet ville ta sju dagar og no syner det seg at sju dagar har gått med.  No vil kanskje nokre hevde at det er feil at ein Åmdaling skal få gjere arbeid til Hjørundfjorden bygdemobilisering, men ta det med ro - Ronny har hatt bustad i Hjørundfjorden i mange år.  I tillegg er han gift med ei Hjørundfjordtaus - i alle høve nesten.  Han er gift med dotter til Bjørn Urkegjerde.