Hjørundfjordportalen » Lokalt » Bilete med "poesi"

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonse

Annonse

Bilete med "poesi"

Jula 09 047

Etter at Sverre Måseidvåg la inn omtale av eit bilete med tekst som var presentert i Møre Nytt julekvelden, kan det endeleg visast etter at ein feil er retta. No går det an å laste opp bilete att.
Ingressbiletet viser setra frå andre sida.

Lukka2

Biletet er teke på Risestøylen mellom jul og nyttår for 2 år sidan.

Eg har sjølvsagt brukt stativ og passeleg lang lukkartid.

Dessutan må ein ha opplevt ei måneskinnsnatt på setra i lag med nokon du er glad i for å skrive ei slik tekst. Det må i allefall eg. Det må følast først.

Lærar Sigurd Hovdevik terpa alltid på: "Skriv kort og tydeleg. Bruk ikkje for mange ord".  I lag med alle salmeversa han tvinga inn i hovudet mitt, fekk eg nok inn ein del ting som eg har hatt god nytte av seinare.


Dobbelklikk på biletet for å sjå teksta skikkeleg.

Januarlandskap 2012 004

 

                                        Gode tider.

Dei hadde same utsikta som eg, forfedrene mine når  dei sloga ved som dei trengde for å halde varme i gisne og golvkalde hus.

Dei kunne sjå det medan dei vod mjellsnøv etter ein knirkande  vedaslede,eller sitjande på lasset ned att med stramme taumar i grå bladvottar.

Eg har same utsikta som dei når eg køyrer opp med traktor og kamera, tek utsikta med meg heim att og ser det så mange gongar som eg vil attmed varmepumpa.

Knut Riise

Lagt inn av Knut Riise
31.01.2012 16:15

Kommentarar

Flott! (30.01.12 kl. 22:14)
Takk for visinga og takk for "Lukka".
Per Urke

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Annonse

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

20.april
(Sæbø - klubbhuset)
(Hjørundfjord kyrkje)
22.april
(Gymsalen, Sæbø skule)
23.april
(Gymsalen, Sæbø skule)
25.april
(Gymsalen, Sæbø skule)
27.april
(klubbhuset på sæbø)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

939 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 18 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

408 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
1800458 besøk og 15257864 visningar totalt