Delar av sist veke brukte Ronny Åmås gravemaskina si til å rydde den aktuelle strekninga av elverampa for stein og røter.  Dermed var denne strekninga klar for grusing - og grusinga vart gjort i dag, laurdag 28.10.06.

IMG_3088IMG_3089

Her ser vi at hjullastaren lesser grus på tilhengaren til Knut Hustad.  Og kven sat i lastaren? Jau, Gunnar Stokke(foto t.h.)

Også arbeidet med grusinga var gjort på dugnad og det er Holen Sand og grustak som leverer grus til redusert pris.

IMG_3093

Ansgar Kvistad gjorde arbeidet med å jamne ut den tilkøyrde grusen.

Arbeidet med å få til gangveg - i fyrste omgang på elverampa mellom Hustad bru og Rise - er eit prosjekt i regi av Hjørundfjorden bygdemobilisering.  Det er Irene Osvoll som har ansvaret for dette arbeidet og det er også ho som har fått arrangert denne dugnaden.

IMG_3102

Her ser vi dugnadsgjengen.  Frå venstre:  Ansgar Kvistad, Kjell Otto Holen, Martinus Riise, Knut J. Riise, Gunnar Stokke og Asbjørn Hjorthaug.  I tillegg deltok Irene Osvoll, Åge Osvoll og Knut Hustad.

Allereie no har den aktuelle strekninga blitt ein fin gangveg, men den offisielle opninga - med snorklipping - vil nok ikkje skje før til våren.  Før strekninga er heilt ferdig, skal det også setjast opp eit par rasteplassar.  Sjef Irene Osvoll vil at prosjektet skal vere heilt ferdig - også for rullestolbrukarar - før opninga.  - Men for all del, seier Irene, gå gjerne ein tur på rampa allereie i dag.

IMG_3114IMG_3115

Ei matykt er alltid likast på ein dugnad.  På foto til venstre ser vi Martinus Riise som skjenkar kaffi til nabo Knut J. Riise.  Asbjørn Hjorthaug til høgre. Asbjørn veit at det er uråd å vere på dugnad saman med Knut J. utan å flire.   I bakgrunnen Irene Osvoll og Kjell Otto Holen.  På foto til høgre ser vi frå venstre Asbjørn Hjorthaug, Gunnar Stokke og Knut J.