Sida Toppturar i vinterfjell her på Hjørundfjordportalen  har passert 38.000 (!) treff.  Det er utruleg flott.  Rett nok er der litt lite nytt akkurat no, men det kan vi alle rette på i tida framover.  Det treng slett ikkje vere om turar berre frå Hjørundfjorden. Og alle er hjarteleg velkomne til å skrive - berre logg deg inn.  Alt er gratis, men svært mange, også eldre pensjonistar som aldri går på skitur, set stor pris på å få lese om- og sjå foto frå turane.

Tirsdag 20. desember var Fred Ingar (Somby) og eg på Nordre Sætretind.  Vi gjekk opp Fladalen - den enklaste ruta til topps.  Denne gongen vart skina til Fred Ingar med heilt til topps.  Under ligg ved nokre foto frå turen:

Nordre Sætretind 025b

Eit God jul - foto av Skårasalen først.

Nordre Sætretind 001b Nordre Sætretind 011
Vegen opp i Fladalen har blitt ei rein glede - uproblematisk å gå både opp og renne ned no.

Nordre Sætretind 017b Nordre Sætretind 022b

_IGP9553b _IGP9557b

Nordre Sætretind 026 copy
Frå toppen av Nordre Sætretind

Nordre Sætretind 033b Nordre Sætretind 038b


_IGP9576b Nordre Sætretind 056b
Ikkje mykje skorper og framsnø her.

Nordre Sætretind 051 copy
Og God Jul til slutt - med Romedalstinden i bakgrunnen