Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto:  Knut Hustad

For ca. eitt og eit halvt år sidan var eg på fjelltur med tre legar - samstundes.  Eg kjende meg godt teken vare på.  Men aldri har eg vore på topptur saman med så mykje spesialkompetanse som eg var sist onsdag.  Herrane med spesialkompetansen heiter Terje Holen og Vegard Riise.

Skårasalen, vår 008 copy
Herrar med spesialkompetanse, Terje Holen (t.v.) og Vegard Riise.  Begge 25 år og begge på veg mot Skårasalen.

Begge desse karane har studert i utland som eg knapt greier å uttale namna på, begge har idrettsstudiar (skiidrett) bak seg frå Høgskulen i Volda.  Vegard har nettopp avslutta eit to-års studium ved eit universitet i Canada.  Enkelt sagt studerte han nærast alt av det som mange vil hevde er farlege og dumdristige ekstremsportaktivitetar som toppturskigåing, rafting, klatring, padling i elvestryk osb. 

Etter tre år med idrettsstudiar på Idrettshøgskulen i Oslo, og studiar i ulike utland,  har Terje ei bachelorgrad innan idrettsfag.  Seinare har han studert ernæring og nyleg kom han attende til gamlelandet etter eit studieopphald i Spania. Og her har eg ei vedgåing å kome med - eg dumma meg ut.  Av gammal vane drog eg fram ei sjokoladeplate i str. XL.  Etter eit kraftig inngrep baud eg også fram den brune styggedomen til dei to atletane.  Heldigvis for meg er dette ikkje berre svært så trivlege karar - dei er også høflege.   Til og med takka dei ja til kvar sin liten bit.  Vegard var likevel klar på at det var Hjørundfjordbrød frå Strands bakeri med eit tjukt lag med leverpostei som var beste sikringskosten til fjells.  Men kva hjelper det når matpakken ligg att heime? Far Ollen, passar du ikkje på?

Skårasalen, vår 003 copy Skårasalen, vår 004 copy copy
Heilt utruleg - ein topptur med godt vêr i desse dagar.  Terje og Langhornet til høgre.

Etter ein fjelltur med lang bering av ski, skodde, regn og til slutt snø i slutten av mai, bestemte eg meg for å legge vekk alt av skiutstyr for sesongen. Men:  Når Vegard er heime ein snartur frå sommarjobben som raftingførar i Jølster og vil på ski - og når Terje vil bli med -  ja, då må det stillast opp.

Tru det eller ei, men det var ikkje mei enn ca. 200 høgdemeter med skibering - frå parkeringsplassen på vel 500 m i Kvistaddalen- før snøforholda var glimrande  heilt til topps, berre med eit lite unnatak over ein rygg nedst i Blåhorndalen. Heller ikkje dukka regnet opp - og det var opp til fleire plussgrader.

Skårasalen, vår 013 copy
Ein flott dag.  Lekk merke til Saudehornet og Vassdalstinden bak til høgre.

Utan tvil - det vart ein flott dag. Og ikkje berre for oss med ski på beina.  Ein snøspurv fann grunn til å vitje oss på toppen, men det var nok ei dame han var mest interessert i.  Etter det vi kunne oppfatte vert det nok fleire snøspurvar på Skårasalen neste år.

Skårasalen, vår 022 copy
Snøspurv - med dametekke - på varden .

Det er  vanlegvis to skiruter som vert brukt ned frå Skårasalen.  Den eine er ruta ned Lisje-Skårdalen til Skår. Den andre, og mest brukte, er ruta ned til Blåhorndalen og vidare ned til Kvistaddalen.  Om det var meint som ein test av utdanninga si skal vere usagt, men Vegard gjekk fram på kanten  av Skårasalen og såg  ned i Kvistaddalen mellom to av vardane.  Så kom det: - Eg køyrer ned her. Og slik vart det - med underteikna som sjølvoppnemnd fotograf på slep.  La no det også vere sagt; fleire og fleire tek no denne ruta når skredfaren er liten/fråverande - slik som denne dagen.  Og det skulle vise seg å verte ei svært så flott nedrensle.

Skårasalen, vår 028 copy
Frå toppen.  Vegard meiner at mellom vardane må vere eit fint utgangspunkt for turen ned att til Kvistaddalen.

No vart det ikkje fullt så gale som fototeksta over tilseier - vi rann ned til det flatare partiet under toppen før vi tok til venstre og inn i renna/gjelet rett under toppen.  Øvst oppe er renna ca. 40 grader, deretter 35 - 40 grader før ho flatar ut på ca. 800 høgdemeter.  Etter turen ned fekk eg berre dette spørsmålet i hovudet:  Kvifor har eg ikkje gjort dette før?

Takk for turen til til to svært så hyggelege unge menn. 

Under kjem fleire foto frå turen.  Klikk på dei for å få dei i stort format.

Skårasalen, vår 009 copy Skårasalen, vår 012

Skårasalen, vår 018 Skårasalen, vår 020 copy

Skårasalen, vår 036 copy Skårasalen, vår 039 copy
Eit fantastisk område for ein som likar pinaklar og bratt skikøyring.

Skårasalen, vår 044 copy Skårasalen, vår 053 copy
På foto til venstre har Vegard allereie sagt jøyje meg og sett utfor den her ca. 40 grader bratte renna.  Fjellet i bakgrunnen er Dukhornet, vatnet nede til høgre er Vasstøylvatnet.

Diverre vart sola borte akkurat under nedkøyringa.  Difor det litt dårlege lyset.

Skårasalen, vår 063 copy
- Det er slikt ungdommen likar.

Skårasalen, vår 102 copy Skårasalen, vår 107 copy

Skårasalen, vår 120 Skårasalen, vår 124
På foto til venstre gliser telemarkkøyraren Terje, er det over stilen til Vegard (bak)?

Eit klassisk Skårasalenmotiv til slutt.

Skårasalen, vår 026 copy