Fredag 20. mai kom ein rapport frå Møreforsking og Telemarksforskning om fordelar og ulemper ved samanslåing av kommunane Ørsta og Volda.

Det er kommunane som har bestilt rapporten der samfunnsutvikling, økonomi og tenesteyting er sentrale område ein har sett nærare på.

I rapporten har forskarane av ein eller annan grunn kome med eit namneforslag som har fått mykje mediemerksemd og har skapt stor debatt i dei to kommunane den siste veka.

Rapporten kan du lese her:

http://www.orsta.kommune.no/getfile.aspx/document/epcx_id/558/epdd_id/1363

Debatten under Hjørundfjorddagane vert av ein meir generell karakter, men nemnde rapport er nok på mange område gjeldande også for andre kommunar som vurderer samanslåing. 

Jørgen Amdam, rektor ved Høgskulen i Volda og professor i kommunal og regional planlegging og administrasjon, vert ordstyrar under debatten.

Amdam

I tillegg til Solberg kjem

Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Sp

jenny klinge

Jon Georg Dale , vararepresentant for Møre og Romsdal FrP på Stortinget.

jon georg dale

 

Petter Bjørdal, Ørsta Ap

Paul Kristian Hovden, Ørsta KrF

Ingerid Opedal, Volda SV 

Ein interessant debatt før haustens kommuneval