Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på fotoa om du vil sjå dei i stor versjon.

Vi har hatt opplegget klart i lengre tid - vi skulle ha eit fotoprosjekt i Skårasalområdet.  Men så var det dette med vêret.  I fleire dagar har vi på yr.no sett at det lettskya og gode fotovêret skulle kome i dag, torsdag.  Og vêr vart det - om enn av det gråe slaget.

_IGP7351b 003
Ikkje mykje lettskya og sol her, nei.  Har du svært gode auger kan du kanskje skimte Skårasalen over hovudet til Fred Ingar t.h.  Her sit han på Blåhornet.

Etter starten på Kvistad kom skyene lenger og lenger ned i fjella, etter kvart kom skodda og til slutt snøbygene.  Vel oppe i Blåhorndalen innsåg sjølv Fred Ingar at dette ikkje kom til å bli ein god fotodag i Skårasalsida.  Vi kunne sjølvsagt ikkje snu berre slik utan vidare, men i staden for å gå mot Skårasalen bestemte vi oss for å gå opp til venstre - til Blåhornet.

No er det eit rekkje med slike "blå"-toppar i Ørsta/Volda-området - og då reknar eg ikkje med fjellet der blå-nissane held til.  Og her kjem dagens quiz:  Kor mange slike toppar er det i desse to kommunane?  (Eg veit ikkje svaret, men det er det vel ein eller annan som gjer?)

017b
Fred Ingar (Somby) på veg ned frå Blåfjellet.  Vi kjenner m.a. att Langhornet i bakgrunnen.

Vi hadde ei god matykt på toppen av Blåhornet, men sikta vart ikkje betre for det.  Vi rekna difor med at nedrensla ikkje ville verte særleg god sjølv om det var 35 - 40 cm skorpefri nysnø og minusgrader på Blåhornet - denne toppen som vert gløymd av dei fleste der den ligg ca. 400 høgdemeter under Skårasalen. Men litt flaks skal en jo ha.  Det heiter i alle fall slik i songen.  Om vi hadde flaks?  Sjå på fotoa under.  Og eg konkluderer allereie no - dagens Blåhorn er ein alt for lite nytta skitopp.

_IGP7367b
Skulle ikkje tru at dette var ein skikkeleg gråvêrsdag.

036b
Etter kvart som vi kom lengre ned vart det litt mildare, men skiføret var godt heilt ned i dalen langt der nede.

040b 046b
Sjekk det vakre lyset på fotoet til venstre.  Nokre sekund fekk vi også sjå toppen av Skårasalen.  Vi meiner vi traff godt med dei 10 minutta med gode lysforhold.

Kvistaddalen er lang å gå inn på ski - og kjedeleg før ein startar skikkeleg på oppstigninga.  Det kan vere eit tipps når du er på veg ned att frå t.d. Skårasalen i skråe ned til høgre i passande høgde slik at du i alle fall ikkje kjem ned på setrevegen/bomvegen før du er litt nedanfor parkeringsplassen.  (Og truleg renn dei fleste ned her - i alle fall når snøforholda tillet det, slik som i dag).  NB:  Det er ikkje klokt å få eine skistaven festa mellom to tjukke greier slik underteikna gjorde i dag.. :( Men mannen er heil og uskada)

Ok - eg legg på eit par foto til.  Fred Ingar til venstre, underteikna til høgre.

030 _IGP7371b