Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på dei for å få dei i stor versjon.

Meininga var å gå opp på Snøhornet frå Årset i Austefjorden, men p.g.a. åtvaringar mot skredfare og mykje vindpakka snø over ca. 800 meter vart det eit noko meir anonymt fjell i staden. Fjellet har ikkje fått noko storslaget namn, men det var ingen grunn til å angre på turen opp på Hornet - ein ca. 730 meter høg topp rett under fjellet Keipen - nordvest for Årsetsetra.

007b
Fred Ingar (Somby) på veg mot Hornet

I mange år har orda skog og ski hatt dårleg samklang, men dei siste dagane - med breie ski og randoneutstyr - har nedkøyringane/nedrenslene gjennom ulike skogparti vore ei rein glede.  Over ca. 150 høgdemeter har skorpelaget på snøen vore borte og i skogen har snøforholda vore slik som vi drøymer om.  Og området opp til- og rundt den nemnde Årsetsetra er særs vakkert. 

Vanlegvis er det ikkje så vanskeleg å finne vegen - sving  til høgre rett før Årsettunnelen når du kjem frå Volda, ta så av til venstre i første kryss og parker så ved den gamle skulen.  Her står det også eit lite skilt som peikar mot vegen/råsa til Årsetsetra.  Problemet er berre at her akkurat no er anleggsarbeid på gang.  Vi parkerte likevel og slapp etterpå med ei munnleg åtvaring. Er du mindre heldig køyrer ei stor grave- eller skogsmaskin over bilen din og du finn berre igjen nokre pakkar med spikar når du kjem ned att frå turen.  Men du finn  ei løysing.  Klikk elles her for meir informasjon.

Når du har gått over tunnelen og eit stykke vidare oppover skogsvegen tek du av til venstre og går opp eit bratt lite dalsøkk.  Etter kvart treff du ein setrestøyl, Lissjesetra, med Volda sine to eldste bygningar på.   Går du no austover og har eit kart finn du Årsetsetra.

002b
Fred Ingar på veg austover i open furuskog med laus, fin snø.  Austefjorden i bakgrunnen.

_IGP7222
Underskrivne på veg mot Årsetsetra.  Selet til venstre er det Sunnmørsposten sin beste fotograf, Knut Arne Årseth, som eig.  Og her legg vi inn eit spørsmål; kva slags dyrespor er det vi ser i nedre og høgre biletkant?

Vi vart altså åtvara mot å gå vidare oppover mot Snøhornet p.g.a. skredfare. Då vi kom opp til setra og såg oppover vurderte vi skredfaren til ikkje å vere så stor, men i store områder var snøen vindpakka.  Vi gjekk difor mot ein annan topp, ein topp som på Årset berre vert kalla Hornet.  (På fotoet over ser du denne toppen så vidt bak selet til venstre.)

009 011b
Til venstre utsikt mot  Årsetsetra og Blåfjellsegga.  Til høgre er toppen av Hornet nått.

Nokre vil vel meine at ikkje å kome seg opp på dei høgste toppane er eit nederlag. Men i Ørsta/Volda-området er det no kjekkast under 6-700 meters høgde.  Denne dagen kunne vi utan problem renne heilt ned til bilen - også turen ned den bratte skogen gjekk utan problem.  Litt blod på ei lippe etter eit fall på skorpesnø heilt nede må absolutt reknast som ein bagatell.  Og elles?  Sjå på fotoa under.

_IGP7237
Nedrensle med utsyn mot Austefjorden.

024b 031 (2)b

No seier eg gjerne til Fred Ingar at det er uråd å få skikkelege skibilete lenger - han skal berre hoppe og sprette heile tida.  Men eg forstår at han likar det...  Sjekk fotoserien under.

033b 034b 035b 036b

Og så er det berre landinga som står att.

037b
Skal vi seie at det er godkjent?

Heilt til slutt tek eg med eit foto av meg sjølv.  Fred Ingar påstod at eg også letta frå bakken ein gong.  Sjølv er eg usikker på akkurat det, men Fred Ingar meiner å ha fotobevis...

_IGP7245

Takk for turen.