Hjørundfjordportalen » Lokalt » Holmshornet
 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonser

Annonse

Annonse

Holmshornet

044

Varden på Holmshornet må vel no reknast som eit historisk byggverk. Her er det Fred Ingar Somby som studerer den ca. 115 år gamle varden...

Liknande artiklar:

» BBC på Dalegubben
skann0003 (2) skann0006 (2) skann0004 (2) skann0001
Lars Sæbønes Einar Frøland Marius Myren Johan Flatnes

Dei fire staselege karane på fotoa ovanfor var førstebestigerane av det mest myteomspunne fjellet i Hjørundfjorden - Holmshornet.  Årstalet er usikkert, men truleg gjorde dei bragda ein gong rundt 1925.

I julenummeret til lokalavisa Møre-Nytt var det ein lengre artikkel om  førstebestiginga av Holmshornet som dei fire nemnde unge mennene gjorde.  Artikkelen vart avslutta med omtale og foto av ein tur til denne tinden, ein tur som Fred Ingar Somby og underskrivne hadde den 3. september 2010.  Artikkelen er for lang til å vere godt portalstoff, men er det nokon som er interessert i å lese han, men som ikkje har julenummeret av Møre-Nytt, er det berre å ta kontakt pr. e-post.    Adressa er:  knut.hustad(krøllalfa)tussa.com.  Dersom du byter ut (krøllalfa) med @ før du sender, vil dette gå fint.

Under legg eg ut ein del foto frå turen.  Fyrst eit par oversiktsfoto av området.

IMGP0594 (4)
Dette fotoet er teke frå austsida av Hjørundfjorden - omtrent der turen opp til Maradalen tek til. Den vanskelege strekninga dei fire unge herrane gjekk, er egga mellom Nedstevarden og Holmshornet.

miendalen (2)
Her er den omtrentlege ruta til Holmshornet som Fred Ingar (Somby) og underskrivne gjekk.  Raud strek opp, blå strek ned.  Den blå streken enda etter kvart opp på breen under fjellet Dalegubben.  Derifrå gjekk vi vidare ned Skondalen og så avslutta vi med Gunnarråsa ned til Sæbø. Fotoet er teke frå råsa mellom Sæbønestua og Grønskredhammaren.

I turboka til Iriss Forlag i Volda står det at det ikkje er enkle ruter til Holmshornet.  Det er rett, men før eg legg ut fleire foto vil eg hevde at den minst vanskelege måten å kome til Holmshornet på, er å gå etter egga mellom Dalegubben og nettopp Holmshornet.  Eg du trygg på deg sjølv og ikkje  plaga med høgdeskrekk  er denne ruta gåande utan klatreutstyr/sikring.  Likevel vil eg ikkje tilrå denne ruta - det må vere opp til kvar enkelt å vurdere.  Det er truleg enklare å gå frå Holmshornet etter egga til Dalegubben enn omvendt.

Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Vi starta turen på Flatneset, gjekk derifrå opp råsa til Sæbønestua - vi skreiv oss sjølvsagt inn i boka der - så gjekk vi vidare vestover til Grønskredhammaren.  Her mått vi ta ein liten pause for å studere varden som barnebarnet til Johan Flatnes, Jonny Flatnes, har bygd.  Vidare gjekk turen ned Melskargjelet til Miendalen. Miendalen vart kryssa og på breen under Holmshornet tok vi på klatreutstyr.  Det kunne kanskje ha gått bra utan sikringsutstyr, men det freista lite å hamne under breen i tilfelle taket skulle gleppe.  Etter 30 - 40 høgdemeter var det slutt på klatringa og turen gjekk greitt heilt til topps.  Returen gjekk etter egga til Dalegubben og vidare derifrå ned Skondalen til Sæbø.

Først foto frå turen til Holmshornet.  Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad

001b _IGP6850b
Foto frå Sæbønestua og turen vidare vestover mot Grønskredhammaren

008b
Varden på Grønskredhammaren

013 019b
T.v.:  Fred Ingar på veg opp Miendalen.  Miendalstinden rett fram.  Det freista lite å hamne under breen på foto til høgre, mest difor vart klatre-/sikringsutstyr brukt ca. 30 høgdemeter oppover frå breen.

039b _IGP6855b
Det var god friksjon i det store svaet på sørvestsida av Holmshornet

041
Det lågaste punktet på egga mellom Holmshornet og Dalegubben er nått.  Fred Ingar er på veg austover egga mot toppen av Holmshornet.

Foto frå toppen.

_IGP6867b
Frå toppen av Holmshornet.  Lars Sæbønes, Johan Flatnes, Einar Frøland og Marius Myren klatra til topps etter den kvasse egga som kan sjåast rett framom magen til underskrivne.

045b 054b
Ein slik dag er Holmshornet ein god topp å vere på.  Maten og kaffien var ekstra god.

_IGP6874b
Holmshornet speglar seg i Hjørundfjorden

046 (2)
Ferja er på veg mot Standal og i rute - som vanleg.

Returen - etter egga mot Dalegubben.

Egga
Returen tok vi etter denne egga  - egga mellom Holmshornet og Dalegubben.  Dalegubben i bakgrunnen.

Frå Holmshornet ser egga mellom dei to fjella Holmshornet og Dalegubben ikkje gåande ut i det heile.  Ein telefon til Helge Standal, medforfattar av turbøkene, avklarte mykje.  Han brukte uttrykket "fjellet vil opne seg etter kvart".  Han hadde rett - når vi nærma oss vanskelege punkt visste det seg kva gong at der var ei løysing.  Under ser vi foto frå turen etter egga.

_IGP6876 Miendalstindegga b
Utsikta er overveldande.  Til høgre er underskrivne på veg mot Miendalstinden

_IGP6880
Holmshornet bak til høgre

073 (2)b 080b
Til høgre utsikt frå egga.  Miendalen under.

078b
Slingsby og fleire andre har kalla Dalegubben for Miendalstinden.  Vi slår no fast at det er feil.  Her står Fred Ingar på den rette Miendalstinden.

_IGP6884b
Balansekunst? Nei, armane ut til ære for fotografen.

Så står det berre att å takke for turen - og takk til Ola Sæbønes som har vekt interessa mi for dette fjellområdet.

 Det kan vere klokt å lese desse artiklane: "Aldri meir Holmshornet" og Kven var fyrst på Holmshornet?

Lagt inn av Knut Hustad
03.01.2011 22:58

Kommentarar

Frå Nedstevarden (05.01.11 kl. 23:09)
Godt Nyttår, Sverre. Opp til Nedstevarden, sjå foto, er greitt å gå, men ikkje vidare til toppen. Likevel gjekk dei fire etter den kvasse egga frå Nedstevarden til toppen. Vil du ha artikkelen, send ein e-post til knut.hustad@tussa.com så skal eg sende deg artikkelen.
Knut Hustad
Ruter til Holmshornet (05.01.11 kl. 22:49)
Fasinerande lesing og dristige bilete. Flott!
Men eg har ikkje fått med meg kvar ruta til pionerane gjekk. Følgde dei søraust ryggen via Tua til Nedstevarden? Eller følgde dei svada oppetter i retning n.varden ?
Rolf Tjørvåg og Olav Storeide frå Trandal prøvde seg- for to/tre år sidan - på ei rute frå sjøen og opp denne søraustryggen, men dei fekk problem da dei kom opp på aksla under Nedstevarden. Her møtte dei ein hammar som ikkje let seg forsere utan sikringsutstyr, og det hadde dei ikkje, og det var langt på dag så dei returnerte. Skal tru om det var denne hammaren pionerane passerte ?
Kanskje noko veit ?
Sverre Måseidvåg
(05.01.11 kl. 22:30)
Fasinerande lesing og dristige bilete. Flott!
Men eg har ikkje fått med meg kvar den første ruta til pionerane gjekk.Følgde dei søraust ryggen via Tua til
Sverre Måseidvåg

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Sponsorar

Annonse

Annonse

Annonse

Aktivitetskalender

22.des.
(Hjørundfjord kyrkje)
28.des.
(Sæbø bedehus)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

968 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 17 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 421 stk - 01.06.2011

207 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
1927901 besøk og 16455702 visningar totalt