I sin pure ungdom arbeidde Torbjørn som pelsdyrrøktar i eitt og eit halvt år på Øye. Der såg han aldri ein skadd mink, men der fekk han sjå at Fergusontraktorane hadde gjort sitt inntog og der lærde han seg å køyre traktor. Noko seinare var han gardsdreng på Leknes og Maude, men der var det hesten som rådde då.

iva-traktorenOK med tekst

Det er traktoren i Iva-garden som har fått æra av å representere dei første traktorane i Urkebygda. Her kjem Iva Håndlykken til gards med eit høylass på tilhengaren. Å rygge opp den lange og smale låvebrua kunne vere ei utfordring for nokon kvar. Drengen, Frik Urke, ser vi hovudet av på toppen av høylasset. Foto: Torbjørn Urke -1960

I USA oppdaga Torbjørn kor seriøst ein kan arbeide med lokalhistorie på eit mikronivå. Vel heime var det at tankane tok til å arbeide med ei kartlegging av dei gamle traktorane i heimbygda Urke.

TorbjørnU 

Forfattaren, Torbjørn Urke, gir ut denne spesielle lokalhistoria som truleg blir å finne under mange juletre. Foto: Peikestokken - 1995.

Etter å ha grave i albumar og hatt samtalar med folket, presenterer han no ei biletbok med gode, grundige bilettekster og saklege opplysningar om korleis det arta seg då den firbeinte hesten skulle få avløysing av firhjulingen. Men først ut var tohjulingen, Iron Horse, på Stenes. Kvart gardsbruk i området Leknes, Urkebygda, Maude og Stenes har si eiga historie som og kan ha dramatiske innslag.

Seriøsiteten i arbeidet Torbjørn har utført, kjem fram på dei siste sidene med litteraturtilvisingar og kjelder til meir stoff om dei ulike traktorane - til og med leiketraktorane har fått sin plass.

Vi skal ikkje gå ytterlegare i detaljar om denne spesielle og eksklusive biletboka. Boka vert på 30 biletsider. Vi har fått lov å titte på framsida på biletboka og dette må vel vere ei høgst aktuell julegåve til mange med røter frå bygda. Prisen, kr. 200, er vel ikkje uoverkomeleg og førehandstinging kan sendast til: 
 
torbjorn.urke@hivolda.no  eller tel.: 906 75 253.
Urke Landhandel tek og mot tingingar.