Hjørundfjordportalen » Natur » Storetinden

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonse

Annonse

Annonse

  • Skriv ut
  • Hjelp

Storetinden

DSC00569

Storetinden 1408 eller Gjuratindane som den også vert kalla er det nest høgaste fjellet i Volda.
Det er fire normale ruter som fører til toppen. Frå Rognestøyldalen i Bondalen, frå Bakkedalen på Bjørke, frå Kvanndalen og frå Fyrde i Austefjorden

Ein gong tidlegare har eg vore på Storetinden og det er nokre år sidan no. Vi gjekk opp frå Fyrde og for meg var det eit slit utan like i dei brattaste bakkane under toppen. Etter kvart som åra har gått synes eg at bakkane har ”flata ut”, no trivest eg godt i dei bratte fjellsidene våre. Søndag morgon med sol frå klår himmel var det klart for eit nytt besøk på grensefjellet mellom Volda og Ørsta. Turen starta frå Fyrde (byggefeltet) på god sti opp gjennom furuskogen, innom Lisjedalsetra, Nordalsetra og vidare til Kvanndalstjønna. Ved porten til Helvetesdalen tok eg av råsa og byrja på den brattaste delen av turen, den dryge grasbakken som endar i ur og flatar ut til toppen. Målet er nådd for denne gong og etter ein god matbit byrjar eg på heimveg, no i delar av ukjend terreng. Eg skal attende på det 2 km lange platået som fører meg ned den bratte ryggen til skaret på 1100m, herifrå i kjent terreng ned gjennom Lisjedalen (lokalt namn) og vidare ned til Bakkedlsetra.

Lisjedalsetra og Nordalsetra er godt omtala i boka Sætrar langs Austefjorden frå Fylsvik til Volda. Boka er skriven av Valborg Hustadnes.

Klikk på bileta under for å få dei i stor versjon.

DSC00562

Råsa mot Lisjedalen og Nordalen har mange namneskilt. I siste bakken

før ein svingar inn i Lisjedalen heng dette skiltet på eit stort furutre.

Og vender ein kroppen 180´      

DSC00563                                                                                          

er det fin utsikt utover Austefjorden                   

 DSC00564   

Lisjedalsetra ligg i eit dalsøkk rett ovanfor Gjeitvika.                                                                                                                          

DSC00565
Oppe i lia går ein over Bjønnalibakken, men ingen bjørn å sjå:-) 
Blåfjelseggja bak.

DSC00568
Nordalen ein av dei finaste dalane i område, sela på støylen er velheldne 
og ligg på ei graskledd høgd med den maistetiske Storetinden i ryggen. 




 DSC00583
Oppe frå dei bratte liene er det storslott utsikt.I dalbotnen ligg 
Kvandalstjønna, nedanfor ligg Nordalsvatnet og vatnet til venstre er 
Langevatnet. Det er fisk i alle tre vatna. På Sunndalsnipa og Eidskyrkjemassivet 
er det berre snøbredane igjen og dei har minka mykje dei siste åra.



DSC00580
Under Sandeggja ligg Helvetesdalen, dalen er grøn og frodig. I inste
 enden av vatnet ligg det is heile året.


DSC00584
På toppen av Storetinden er det fine vardar, i den bakerste varden er
det bok som ein kan skrive seg inn i. Boka har sett sine beste dagar 
den er utskreven og det er på tide å skifte den ut. 





 DSC00585
Tussevatnet omkransa av kjende høge fjell. På heimveg går turen over platået.







DSC00590
Lodalskåpa bakerst på bilde er eit kjent landemerke frå mange fjelltoppar.


DSC00591
Under Storetinden ligg Kvandalsvatnet, det er eit av dei største vatna
i Ørsta. 





DSC00596
Bakkedalen frå skaret på 1100m

 



DSC00608
Lisjedalen sett frå Bakkedalstøylen. Ei av rutene til Jolhornet og 
Kvasshornet går opp denne dalen.



Ein fantastisk dag i fjellet er over :-)




Bakkedalen 10.9.05
Bakkedalen er ein fin fjelldal med bilveg frå Finnes og heilt fram til setra. 
Bilde er frå september 2005 og er teke før klokka sju om morgonen. 

	
Lagt inn av Hildegunn Mork
27.07.2010 21:33

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Annonse

Aktivitetskalender

6.sep.
(Olavshola)
7.sep.
(Grendahuset)
8.sep.
(Sæbø stadion)
9.sep.
(Grendahuset)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

741 registrerte brukarar, 1 medlemmar online, 18 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008

505 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
936295 besøk og 9260314 visningar totalt