Hjørundfjordportalen » Lokalt » Vekas måndagstur
|
|
Vekas måndagstur
Gunnar-råsa/Storenakken er ein fin rundtur for den som er ute etter ein grei ettermiddags- eller kveldstur. No kan vi også ta av mot Hjellen der ei gammal rås har vorte rydda. Vi møttest i Fonnvernet, nokre hadde tjuvstarta og fleire kom til, i alt var 20 turglade med på turen i kveld.
Trollsk stemning i den gamle granskogen oppom Fonnvernet. Vi har allereie fått opp pulsen.
Påfyll av væske må til, vatn er den beste tørstedrikk.
Her er vi komne opp til storesteinen med trimposten til trimgruppa, alle vil skrive seg inn i boka.
Turens eldste og yngste, Anders, Gunnar, Ingrid og Hanne. Anders kunne fortelje at han har vore opp hit 14 gongar i år, ikkje så verst det vel? Eit stykke lenger oppe deler råsa seg, der kan vi ta av mot høgre i ei godt rydda og merka rås som endar på Hjellen.
Denne gjengen valde å gå Hjelleråsa som Johan Hjellen har lagt mykje arbeid i å finne fram frå krattet. Dei var storfornøgde og melder at stien er god å finne og anbefaler den på det sterkaste.
Frå Hjelleråsa!
Resten av turfølgjet gjekk vidare opp Skondalen, når vi kryssa Skondalselva vart drikkeflaskene fyllte med friskt kaldt vatn.
Ein liten brede ligg att i Knutsgjølet, Gunnar måtte springe nokre runder i snøen.
Ned Knutsgjølet vassar vi i bregner, Sæbøvika og Nordangsfjorden i bakgrunnen.
Kari var førstemann på Storenakken og fekk kvile på sessen, flott utsikt.
Vel nedattkomne til Rise fekk vi auge på vedaladet til leiaren i trimgruppa, no er det visst på tide at du kjem heim frå syden og passar på veden din Bodil :)) TAKK FOR EIN FIN KVELD FOLKENS!!
Neste veke er måndagsturenein del av programmet til naturfestivalen, og vi skal på Stokkehornet. Vi møtest på parkeringsplassen på Stokkesida i Frølandsdalen kl. 18.00. Vel møtt.
Lagt inn av Haldis Fiskå Mo
26.07.2010 22:38 KommentararJa beklager at ej svara so seint, men det har vore så stor pågang av kjøparar på ved!
Gler meg til måndagstur att, tok med meg finevêret heim. Bodil Skare
StikkordStikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette. |
Aktivitetskalender
12.sep.
(Sagafjord Hotell)
(Idrettsbygget ved Lærarskulen)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)
20.sep.
(Frølandsetra)
23.sep.
(Grendahuset)
|
|
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal |
||
741 registrerte brukarar, 1 medlemmar online, 17 gjestar
Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008
470 besøk idag.
1580 besøk - 08.05.2008
939448 besøk og 9278255 visningar totalt