Hjørundfjordportalen » Natur » Keipen(II) - 974 m
|
|
Keipen(II) - 974 m
Når Sunnmørsposten og laksegeneral Svein Aam inviterer til topptur på ski takkar ein ikkje nei... Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Det er tidlegare laga ein særs god artikkel av Mats Riise om denne alt for lite brukte toppen rett ovanfor Årskogen i Bondalen. Klikk her.
Når eg snakkar om Keipen med veteranar på Sæbø som Anders Holen og Bjarne Riise, ja, då får dei nærast tårer i augo. På 50- og 60-talet var nemleg Keipen ein topp som vart vitja av mange unge rundt påsketider. Og kvifor det? Den flotte utsikta i tillegg til at det var fint å renne ned att vert nemnt, men for å seie det rett ut så trur eg nok at vakre, skigåande damer var eit vel så viktig argument... No er det ikkje så mange som vitjar denne toppen lenger - i beste fall vert den berre brukt som ein mellomstasjon for dei som skal vidare oppover til topps på Lissjedalshornet. Men no er det på tide at denne toppen, Keipen, kjem til heider og ære igjen. Om ikkje må det ein facebook-aksjon til. Toppen er lett tilgjengeleg, ikkje for bratt og likevel kan den ha ei flott nedrensle - i alle høve ein fin "start"-topp.
Svein Aam? Som flesteparten av brukarane av hjorundfjord.no veit, er Svein Aam forfattar av boka "Lakseeventyret" som kom ut på Spor Forlag AS i 2009. Av yrke er han tilsett som journalist i Sunnmørsposten, næringslivavdelinga, med fiskeri som spesialfelt. Om det snart kjem ein reportasje i avisa om fiske med autoline etter denne fjellturen, står att å sjå. Men at denne herren, med røter i Årskogane, også er ein hardhaus på ski, kan det ikkje vere tvil om - fast X2-deltakar som han er.
Det er no ekstra kjøleg om natta. Det er difor klokt å ta med seg ei isøks om ein i desse tider skal til fjells, i alle høve om ein ikkje skal gå opp ei sørside. Som nemnt var underlaget plant, men først på dagen var underlaget svært hardt - også opp på Keipen.
Knut Riise seier gjerne at den beste tida å gå på ski frå Lissjedalen til Grøtdalstindane, eller fjella på motsett side av dalen - Keipen og Lissjedalshornet - er når du kan gå tørrskodd opp til Årskogstøylen og så ha på skina der. I så fall er det rette tida å gå no i desse tider. Sist fredag var det enno råd å renne rett ned frå Keipen til skoggrensa og vidare rett ned eit gjel/renne til Årskogstøylen. Vi valde likevel å renne berre nesten ned til skogen og så ta same veg ned som vi kom opp, dvs. på skrå ned- og innover(nordover) mot Høgereset til vi kom ned i Lissjedalsråsa. Så rann vi nedover Lissjedalen til Årskogstøylen igjen.
Takk for turen. P.s.: Sjølv ein erfaren journalist må ha hjelm. Svein ynskjer seg difor ein slik ein i julegåve. :)
Lagt inn av Knut Hustad
10.05.2010 00:31 KommentararEin lengre artikkel om denne turen og vinnarfotoet i fotokonkurransen stod på trykk i papirutgåva av Sunnmørsposten i dag. I tillegg var der ei sak på smp.no: http://www.smp.no/nyheter/soere/article216718.ece
Knut Hustad
Ein vår uten ein Keiptur var nesten utenkjeleg.
Når ein ikkje hadde bil var det enkelt å gå frå Rise, opp Geitbrauta frå Årskogane. Ein var nesten sikker på å treffe folk i Lissjedalen. Holegutane heldt seg der, om dei var heime. Ofte gjekk vi rett opp Sletteskaret frå Årskogstøylen. Sjølvsagt uten fellar,men oftast med skiene på ryggen. Det var ein ting eg gjerne skulle opplevt om eg fekk ta ein reprise på ungdomen. Det var å ha dagens skiutstyr! Knut Riise
StikkordStikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette. |
Aktivitetskalender
6.sep.
(Olavshola)
7.sep.
(Grendahuset)
8.sep.
(Sæbø stadion)
9.sep.
(Grendahuset)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)
|
||
|
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal |
||||
741 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 22 gjestar
Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008
507 besøk idag.
1580 besøk - 08.05.2008
936297 besøk og 9260338 visningar totalt