I går, laurdag, hadde rekordfartyet "Skandi Aker" ope skip der det låg fortøydd ved Storneskaia i Ålesund.  Og la det vere sagt med ein gong - dette er eit imponerande farty. Til Sunnmørsposten seier  administrerande direktør Roy Reite i STX Norway Offshore: - Det er det største og mest avanserte offshorefartøyet som er levert av et norsk skipsverft.  Vi kan legge til at "Skandi Aker" er bygd ved STX Europe på Søviknes.

002
I går, laurdag den 17. april, var det ope skip ombord på  "Skandi Aker"

Midtskips er det plassert eit 63 meter høgt tårn - ser ut som eit boretårn, og når ein er ombord kan ein heller  ikkje unngå å legge merke til den store dekkskrana.  Denne dekkskrana kan lyfte ikkje mindre enn 400 tonn, eller 400 000 kg som mange politikarar gjerne seier. Krana si rekkevidde er på ca. 40 m.

032 013
På foto til venstre ruvar dekkskrana som kan lyfte heile 400 tonn. Og på fotoet til venstre er det kranførar Nils Aklestad som står ved siden av det 12,5  tonn tunge loddet som til ei kvar tid heng i enden av wiren.

Og føraren av denne store krana er bondalingen og hjørundfjordingen Nils Aklestad, busett på Sæbøneset.  Nils er på ingen måte nokon fersking - det er vel difor han har fått oppdraget med å vere kranførar på dette fartyet som i tida framover fyrst og fremst skal drive med vedlikehald av oljebrønnar.  Det kan nemnast at dei siste åra har Nils stort sett vore kranførar ombord på offshorefarty som har hatt oppdrag i Middelhavet (Egypt) og Mexicogolfen.

Og la eit par ting vere sagt med ein gong: Underteikna var ikkje lite stolt då eg i går fekk spesialomvisning ombord på skipet av Nils.  Det var no fleire av dei fleire hundre skodelystne ombord som ville ha vore i min stad.  Det andre som eg nemner er at Nils slett ikkje likte at eg fotograferte han innandørs med kjeledressen på.  Kjeledressen skal berre vere på når ein arbeider utandørs/på dekk forstod eg.

011 019
På fotoet til venstre, rett over hovudet til Nils, ser vi styrehuset til dekkskrana der Nils oppheld seg store delar av arbeidsdagen sin. Men på fotoet til høgre ser vi at kranføraren også har eit kontor.  Får kranføraren spørsmål om t.d. eit spesielt lyfteoppdrag, kan han vurdere og kalkulere ved hjelp av pc-en her.

Det er altså snakk om store dimensjonar også når det gjeld dekkskrana. Loddet som heng i wiren, og som skal syte for at wiren held seg stram til ei kvar tid, veg heile 12,5 tonn.  Det seier seg sjølv at wiren og må vere kraftig dimensjonert - ein meter veg 81 kg.  Og wiren er lang - "Skandi Aker" kan ta oppdrag på heile 3000 m djupne.

016 017
Til venstre:  Her et Nils & Co dei fleste måltida ombord og til høgre kokken som skal lage mat for opptil 140 personar.

021
Og når arbeidsdagen er over trekkjer Nils seg tilbake til sin private lugar.  Og om nokon skulle lure - senga var oppreidd då Nils opna døra.

029 031
Brua ombord er imponerande stor - kanskje 200 m2 ? - og velutstyrt.

027 026
Og utsikta frå brua er heller ikkje så verst.

"Skandi Aker", fortel Nils Aklestad, skal enno ein gong attende til verftet på Søviknes for nokre små justeringar, men så er både skipet og Nils klar for oppdrag på dei sju hav.  Vi seier lukke til og takk til Nils for omvisninga.

 

Nokre opplysningar om "Skandi Aker" til slutt:

Lengde:   156,9 meter
Breidde:     27,0 meter
Ca. fart:     18 knop
Dei seks MAN hovudmotorane er på til saman 19200 kW
Drivstofftankane sin kapasitet: 2300 m3
Friskvasstankane sin kapasitet: 1890 m3

033
Hugsar eg rett har "Skandi Aker" heile 11 dekk over maskinromet.

Ynskjer du fleire opplysningar om skipet?  Klikk her: https://exchange.dnv.com/exchange/main.aspx?extool=vessel&vesselid=27507