Hjørundfjordportalen » Natur » Blåfjellet(Blåtinden) - til å smile av
|
|
Blåfjellet(Blåtinden) - til å smile av
Denne gongen fekk vi sett den flotte varden på Blåfjellet og ikkje minst fekk vi helse på Løndalsmannen... Påsketur. Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Palmelaurdag, om det er noko som heiter det, starta med tett skodde - omtrent slik vêrmeldinga melde. Men berre få timar seinare hadde vi ein vakker dag, også til ein skitur. På nytt vart Blåfjellet/Blåtinden målet. Likevel, denne gongen var det slett ikkje snakk om å slite seg opp på ski frå nedre heisstasjon på Bondalseidet. Nei, begge trekka til Ørsta skisenter vart nytta, så rann vi austover og ned mot Trollvatnet på ca. 750 m.o.h. Turen opp til Blåfjellet - som no sikkert vert det offisielle namnet - gjekk som ein leik. Og for den som måtte lure - den rasutsette og bratte sørsida til Blåfjellet/Blåtinden hadde allereie rasa ut ikkje lang tid i forvegen. Det vert ikkje så mykje tekst her. Ikkje var det noko å klage over heller - berre ein flott og avslappande dag utan stress. Til og med Fred Ingar såg ut til å innfinne seg med at tempoet kom til å verte noko labert.
Det er heller ikkje no mykje snø i høgfjellet, men her på Blåfjellet var det i alle fall ca. meteren meir med snø denne dagen (palmelaurdag) enn det var i slutten av januar. Denne gongen var det berre så vidt vi såg i toppen av varden.
Under ser vi ein biletserie av Ronny. Det er gjerne eit laust snølag på toppen i solvende hellingar. Klar, ferdig, gå.
Lagt inn av Knut Hustad
04.04.2010 16:41 KommentararTakk for ein fantastisk flott tur i fjellet, alle saman! Kjekt å få slike dagar når ein har tatt turen til gamlebygda.
PS - må nok innrømme at appelsinen låg att i sekken når eg kom heim (ho vart mest nytta som eit fargeelement i biletet), etter å ha vurdert alternativa vart det beslutta at Kvikklunsj var det riktige valet denne dagen : ) Lill Haugen
StikkordStikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette. |
Aktivitetskalender
6.sep.
(Olavshola)
7.sep.
(Grendahuset)
8.sep.
(Sæbø stadion)
9.sep.
(Grendahuset)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)
|
|||
|
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal |
|||||
741 registrerte brukarar, 1 medlemmar online, 24 gjestar
Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008
488 besøk idag.
1580 besøk - 08.05.2008
936278 besøk og 9260242 visningar totalt