Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Dessverre er kvaliteten ikkje så god p.g.a. feil instilling av ISO på kameraet.

Junior - Jakob (Hustad) og eg tenkte på Svintinden frå Ytre Standal, men så kom det ein e-post frå Svein Myhre: - Blir dere med på  Randers i morgen?  Det rapporteres om fine snøforhold. Vi er en 5 stk. fra Ålesund som er klar ved fonnvernet klokka 0930.  Regner med ca. 400 - 450 hm/t.

Ok, det vart litt endringar på morgonkvisten p.g.a. lett snøvêr i Ålesund og skyer på veg inn fjorden, men det meste retta seg etter kvart.  Klokka 1030 - litt etter gjengen frå Ålesund - var også vi klare.

002 (2)
Jakob klar ved det som forfattarane av skiboka "Skiturar i Sunnmørsalpane" konsekvent - og korrekt - kallar det stygge fonnvernet sør for Årsneset.  (Finns det fine fonnvern, forresten?)

Vi som har vore i denne delen av Molladalsområdet som Randers Topp høyrer til, ynskjer oss alltid attende hit. Utsikta er framifrå og nedkøyringa frå toppen er mellom dei likaste vi har på Sunnmøre.  Eller...? 

Ikkje sjeldan er det nok slik at vi som likar å skrive  om denne turen har ein tendens til å "gløyme" at der er for lite snø til skigåing dei 2-300 første høgdemeterane, eller at snøen etter påske - når denne turen er mest populær -  gjerne er svært så ròten nedst nede. MEN, godt folk - slik var det ikkje laurdag.  Det var berre å ha på ski rett utanfor bildøra. Og slik er det også i dag.

IMGP9773b - Kopi
Foto tatt frå Tungremtindane 4.4.09.  Raud strek syner vegen vi gjekk opp til Randers Topp.  Den korte streken mot venstre syner at vi var ein tur bortom Bladet.

Fjellmannen Svein (Myhre) må sikkert vere eit svar på fotballens "Drillo".  Dei kan begge  - og likar sikkert -  tal. 400 - 450 hm/t skulle vise seg å vere eit klokt tempo. Eg for min del har nok ikkje for vane å tenkje i slike talbaner, men ved hjelp av kalkulator etter turen kom eg fram til at 423 høgdemeter per time, 7,05 m pr. min., vart tempoet for Jakob og meg.  Kan anbefalast. :).

På fotoet over ser turen opp Inste Årsnesdalen frykteleg bratt ut, men ikkje la deg skreme (25 grader i snitt).  Du får rett nok ikkje her køyre opp til ei seter på ca. 500 moh før start, men etter ein litt bratt og tung start, flatar terrenget noko ut og du kan puste ut.  Likevel er nok turen opp Ystenesdalen (dalen til venstre på fotoet over) eit vakrare alternativ, i alle høve seinare på våren.

007 (2)
Ikkje så mykje sol i Inste Årsnesdalen på denne tida av året, men endeleg når vi tak i henne. Skogrensa er for lengst passert og det er tid for ei matykt.

Igjen - det er lite snø i fjellet, men med unntak av eit kortare midtparti var det her absolutt nok til både til ein fin opptur og ei nedkøyring som ikkje vil gå i gløymeboka så snart.  Men er du først og fremst ute etter sol og varme og ei vakker utsikt i toppområdet, kan det vere klokt å vente med turen til over påske.

011 (2) 016_edited-1
Ikkje p.g.a. is, men p.g.a. vindpakka snø valde dei fleste av oss ca. 20 som var på Randers sist laurdag å ta av skina eit stykke oppe i den siste motbakken. (Foto t.v.) - No kjem du ikkje høgare opp, Jakob. (Foto t.h.)

16
Jakob nyt utsikta.  Foto: Svein Myhre.

029 (2) 023 (2)
På fotoet til venstre ser vi nok den yngste og den eldste på Randers Topp denne dagen. Men så dagens quiz:  Kva heiter Herren til høgre?

032 037 - Kopi
Kaldt, men utsikta er vakker. På fotoet t.v.(frå toppen) ser vi både Mohns Topp og pinakkelen Bladet.  Etter byte til tørre og varme klede er det tid for mat, varm sjokolade og solbærtoddy litt lenger nede i bakken.

033
Som sagt - dei fleste bar skina dei siste høgdemeterane opp, men nokre fekk løn for strevet...  Forresten - har det blitt meir populært å gå til topps med truger no?

Når vi først var i dette fantastiske området måtte vi sjølvsagt ta ekstraturen bort til Bladet.  Vi kunne også slå fast at Kanonløpet og Giganten var der dei skulle vere.

041 (2)
Snart kan Jakob klappe på Bladet.  Til topps neste gong?

044 - Kopi 046 (2)
Til venstre ser vi Giganten litt nede midt på fotoet.  Giganten fekk sitt første vinterkliv i fjor vinter av Stig Helseth & Co. På fotoet til høgre kanonløpet.

 Nedkøyringa vart altså flott - tenk 3 - 4 km med unnabakke.  P.g.a. litt vindpakking her og der var kanskje ikkje snøforholda 100 %, men i alle høve for oss som brukte randoneutstyr var det ingen ting å klage på.

059 (2) 057
Etter ei laaang og fin nedkøyring var det fortsatt lenge att før sjøen for Jakob og underteikna.

066 (2)
- Pappa, det svir i låra mine, seier Jakob trass i både fjellturar og turar til Ørsta skisenter i vinterferien. Ei lita pause her før siste etappe.

071 (2)
-Kvil deg, du er nede no, Jakob. Frå tind til tare er det visst noko som heiter.

Takk for turen.