Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

For eit par år sidan høyrde eg ein slankeekspert snakke  på radioen.  Ho meinte at alle burde kaste restane av julesmåkakene allereie 2. nyttårsdag.  Kaste og kaste....  Eg har i alle høve gjort mitt  her i huset for å fjerne desse godsakene frå boksane snarast råd.  Men det set sine spor - difor bestemte eg meg for denne småkaketuren til Blåtinden sist torsdag.  Og turen starta sjølvsagt frå nedre heistasjon.

004 (2) 005 (2)
Dei fleste startar turen til Blåtinden frå øvre heisstasjon, foto t.v., men ein småkaketur må starte frå nedre.  Ein Sunnmøring går sjølvsagt opp ved siden av stolheisa -mest pengar vert tent på den måten.  Det var nokre lokale snøbyger på veg opp, foto t.h., elles var det ein flott dag.

006 (2)
Snart kom også sola opp.  Kva heiter fjellet der sola kjem opp?

Dersom du googlar "Blåtinden" får du fram mange alternativ. "Vår" Blåtind ligg i Bondalen i Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Utgangspunktet for denne turen er for dei aller fleste Eitrefjellet, dvs. der øvre heisstasjon til Ørsta skisenter ligg. Boka "Skiturar i Sunnmørsalpane"  karakteriserer turen til Blåtinden som "Solvendt kort skitur. Middels vanskeleg". Sjølv om underteikna nemner denne turen som ein småkaketur, så skulle det vise seg at turen i alle høve ikkje vart nokon "piece of cake"-tur, for å bruke nok eit billig poeng.

011 - Kopi
Ruta mi til toppen av Blåtinden frå Eitrefjellet.  Eg gjekk etter den heiltrukne linja, men forbi dei aktuelle fjellhammarane hadde eg tenkt å gå etter den stipla linja.

På turen bak til Trollbotnområdet, til dit det vert merkbart brattare opp mot Blåtinden, gjekk eg forbi to vatn.  Isen var sikkert trygg, men eg gjekk rundt dei begge. Frå Trollvatnet - lengst bak - er det ein rygg som du går etter opp til der den stipla linja startar.  Meininga var altså å gå rundt dette fjellpartiet, men sjølv om det var 5-10 cm nysnø var underlaget svært hardt - så hardt at eg ikkje fann det forsvarleg å gå her med ski på føtene.  Eg var lite lysten på å ligge att som ei røys i dalen under.

Skina vart difor no festa på sekken og eg bestemte meg for å ta ein liten snarveg oppover.  I staden for å gå rundt fjellpartiet, gjekk eg  opp eit lite gjel, ei renne, i dette partiet.  Det var på ingen måte fare for skred, men denne "snarvegen" vart svært tung. (Og eg som vanlegvis brukar å gå i ferdigtrakka spor. :-)  Trøysta får vere at eg nok sveid av eit par sirupsnippar og sikkert også ein fatigmann eller to.

016 (2) 017 (2)
Eg hadde lite lyst til å dette med ski på føtene og kanskje ligge att som ei røys i den vesle dalen under.  Difor festa eg skina på sekken og gjekk opp denne renna i staden for å gu rundt fjellpartiet - foto t.v. På fotoet til høgre ser du mot Eitrefjellet.  Vatnet nærast er Trollvatnet.

Er det korrekt at det går lite folk på Blåtinden, er nok dette nemnde fjellpartiet ei viktig årsak. Det må også nemnast at eg kunne gå opp eit av gjela, men eg vil tru at det straks vert vanskelegare om det kjem meir snø.  Truleg vil det legge seg snøskavlar øvst oppe.

Resten av turen opp - etter at skina var plassert på føtene igjen - var problemfri, men likevel hadde det vore kjekkare å gå med eit mindre hardt underlag.  Styresnøen  hindra ikkje at skina gjerne ville skli sidelengs i sidebratt lende.

020 (2) 030 (2)
På fotoet til venstre ser vi Kolbeinskaret, skaret mellom Verhaldet(foto) og Blåtinden.  På foto til høgre Verhaldet og Saudehornet(lengst bak).

Sist torsdag var det ein kald dag på fjellet, men trass i kulde er det fint å få vere i sola for ein som ikkje får sett sola på stovetrappa før 2. februar.  Blåtinden er namnet på dette fjellet, men tind er vel ikkje akkurat det ein tenkjer på når ein går rundt i eit heller flatt område og leitar etter det høgste punktet.  Men eg meiner at eg traff.

035 (2)
Dette er høgste punktet, altså Blåtinden på 1217 m, men denne varden kan ikkje sjåast frå Bondalen.  Men noko lenger framme, mot aust, skal det vere ein stor, flott varde på eit par meters høgde som er godt synleg også for flesteparten av bondalingane.

040 (2)
Den som vil ha utsikt mot havet får også sitt på Blåtinden.  Kolåstinden har ein tendens til å dukke opp på dei fleste fjellfoto.

Som sagt - det var kaldt og ein del vind på toppen.  Difor var det, også denne gongen, om å gjere å få på seg ei varm jakke, få i seg litt varm drikke og så fjerne skifellane.  Deretter rann eg nedover mot der Lønndalen startar.  Sjå foto under.  Eg skulle altså ned til Bondalen og Ville, eller Villane som vi seier i Bondalen. Lønndalen er vendt mot aust og her hadde det tydelegvis vore lite vind.  Nysnøen låg passe djup, men litt varsam måtte eg vere p.g.a. nysnø på stein og fordi det her er skugge på ettermiddagen og sikta dermed ikkje den aller beste.  Men denne turen ned tek eg gjerne ein gong til.  På turen ned gjennom skogen måtte eg også smile fleire gonger for meg sjølv.  Det er i høgst oppe det er for lite snø f.t.

Så treng eg litt hjelp.  Blåtinden skal vere det høgste punktet i dette området, men her er er minst ein topp til og i alle fall to vardar til.  Det var Jørund Mo, gardbrukar på Villane, som fortalde meg at den nemnde dalen vert kalla Lønndalen.  Villedalen går opp og bakover til overgangen mellom Stokkehornet og Blåtinden.  I "Skiturar i Sunnmørsalpane" (side 257) står det at fjellet til venstre på fotoet under,  heiter Saudehornet.  Er dette rett eller ein feiltrykk?  På Rekkedal kallar dei dette fjellet for Blåtinden.  Og kva heiter punktet der varden som er synleg frå Bondalen står? (Til høgre på fotoet under).

012
Eg hadde ein svært fin tur omtrent etter den raude streken ned frå Blåtinden.  Denne gongen rann eg vest for elva som kjem ned frå Villedalen. 

Avslutningsvis må eg berre beklage ein flekk eg har fått på bildebrikka - igjen.

Eit foto av Bondalen må vere med sjølv om du ikkje ser denne dalen frå toppen av Blåtinden.

048 (2)
Det er vel ikkje rett å påstå at Bonalen ligg bada i sol her, men om ikkje lenge....

-------------------------

26.1.10. Først: Tusen takk for kommentarar, e-postar, foto og opplysningar.

Løndalsmannen hadde eg ikkje høyrt om før i går, men i går kveld kom han sendande pr. e-post.  Takk til Kari Stokke.

Løndalsmannen+082
Ein stor, kraftig kar denne Løndalsmannen.  Tek eg ikkje heilt feil, må dei to i raudt vere vere Jørgen Andreas og Fredik Stokke Mo.  Øvst oppe i Løndalen ser vi to snøbreear og fjellet til venstre må vere Blåtinden.

Som nemnt over har det kome inn ein del kommentarar og meldingar - og eg har studert kart.  Eg trur eg dristar meg til å kome med denne konklusjonen: I turbøkene "Skiturar i Sunnmørsalpane Fjella vest for Hjørundfjorden" og "Fotturar på Sunnmøre" er det feil opplysningar om Blåtinden. Blåtinden er 1182 meter høg, jfr. turkartet "Sunnmørsalpane"

Det er korrekt at det høgste punktet i dette fjellmassivet er 1217 m høgt, men har ikkje den typiske tindeformasjonen.  Det ser ut som om både folk på Rekkedal, på Ville (Villane) og på Stokke, samt turkartet "Sunnmørsalpane" er samde om kva som er Blåtinden - sjå foto under.  Og kva heiter så det høgste punktet på 1217 m? Det står ikkje noko namn på kartet, men i alle høve på Stokke, Ville og andre stadar i Bondalen vert namnet Blåfjellet brukt.  Men dette høgste punktet ser ein ikkje nokon stad frå Bondalen.  Kanskje er det derfor den flotte varden lenger framme på  Blåfjellet vart bygd?  Den varden er i alle fall godt synleg frå nedre 6-7 km av Bondalen - sjå foto under.

Eg har (enno) ikkje endra noko i innhaldet i artikkelen min over, men eg er temmeleg sikker på at Blåtinden ligg lengre mot sør enn det dei to nemnde turbøkene opplyser og at den "berre" er 1182 meter høg.  Nokon som protesterer?

012 - Kopi
Vi ser at streken til Blåfjellet her peikar mot den synlege og flotte varden, men det høgste punktet på 1217 meter ligg lengre bak og er ikkje synleg her.  Elles har eg kutta ut ein n i Løndalen. Dette namnet kjem vel ikkje frå tresorten Lønn? Etter turkartet "Sunnmørsalpane" er Blåtinden 1182 meter høg.