Boka "Lakseeventyret" av Svein Aam er tidlegare omtala her på hjorundfjord.no.  Klikk her. I Ørsta og Volda - og ikkje minst her i Hjørundfjorden - er det svært mange som har sikra seg denne boka og fleire kan nok glede seg til ein flat pakke til jul.  Boka og forfattaren har allereie fått mykje rosande omtale, men ikkje berre det:  Norsk kulturråd har og fått augo opp for boka og støttar bokprosjektet med kr. 20.000,- og grunngjev det m.a. på denne måten: Boka får fram kulturhistorisk dokumentasjon som kan kaste lys over eit tema som framleis er brennheitt, nemleg villaksen sin lagnad.

- Rådet la  og vekt på at dei som deltok i det rike laksefisket fortel med eigne ord om sine opplevingar, fortel Svein Aam til hjorundfjord.no.  Den smålåtne forfattaren seier elles at for han er ikkje pengane det viktigaste, men at det faktisk vart gjennomslag for at laksen og laksefisket er viktig kulturhistorie, og at laks er kultur.  Likevel strekar han under at slik økonomisk støtte som han no har fått frå Norsk kulturråd, og tidlegare Sparebank 1 Volda Ørsta er viktig for at forlaga skal tore ta sjansen på å gi ut bøker om lokale forhold.

20juni08

Her er journalist, forfattar og laksefiskar Svein Aam med fangsten frå opningsdagen til laksefisket i 2008. (Ørstaelva).  På Ingressfotoet ser vi Svein Aam med rekordlaksen han fekk seinare på året.  (Oppdrettslaks tru?)

Etter det hjorundfjord.no kjenner til, er fiskeriministeren no også eigar av boka.  Forfattaren sjølv har no laga ei lita multimediaframsyning som han no reiser rundt med.  Den framsyninga reiser han m.a. med til Stjørdalen i februar.  Dit er han nemleg invitert til for å halde eit foredrag på den store, nasjonale laksekonferansen i februar.  Til slutt seier Svein Aam seg svært godt nøgd med timinga for mutgjevinga av boka - det vert nemleg no snakka og skrive om laks og lakselus i alle kanalar og alle aviser.