Kvardag og fest!

 

IMG_0989

Monika ordnar håret til Ingvarda, det er viktig å føle seg velstellt sjølv om ein har runda 104 år!

IMG_0986

På ei av stovene våre har vi ein del gamle ting , vi ynskjer alle velkommne inn til ein kopp kaffi i triveleg atmosfære.

IMG_0991

Her kosar Berta seg med strikketyet sitt, i gode gyngestolen.

IMG_1018

Her bakar vi vannbakkels på dalastova.

IMG_1022

Kaffikos med nysteikte vannbakkels på bordet, Anna, Oddfrid, Haldis, Arne, Harriet, og Berta.

IMG_0914

Kjøkkenpersonalet er ein viktig ressurs her på heimen, dei er uunnværlege!

Her får Marta og Sissel ei oppmerksomheit av Knut, dei har begge runda 60 år, kven skulle tru det!

IMG_0884

Her er ein liten "smakebit" av noko av delikatessene som dei diskar opp med på ein "vanleg" laurdagskveld".

Kjøkkenet er ein av dei viktigaste trivselsfaktoren vi har i heimen vår, den vil vi ikkje miste!

Helselagskafê!

IMG_0972

Flott og fristande kakebord, ope for alle, og eit svært populært tiltak !

IMG_0973

Tut og kjør! underheldt med frisk song og musikk.

IMG_0971

Musikk og hyggeleg samvær er viktig, og skaper ei triveleg stund for oss alle i kvardagen.

KOMPETANSELØFT!

Det er viktigt med påfyll til oss som arbeider i helsesektoren,

I haust har vi hatt kurs i ergonomi, fotpleie, og i etterkant av vidarutdanninga som Ann Helene og Bodil gjekk i fjor (Miljøterapi i demensomsorga) har vi fått alle tilsette med på kurs i ABC i Demensomsorga.

IMG_1003

Vi hadde gode foredragshaldarar frå Nasjonalt kompetanesenter.

Psykolog Anders Bergstøl og geriatrisk sjukepleiar Bjørg Skodje, får takk og blomster av Knut.

 

 

IMG_0994

Kjøkkenet diska opp med nydeleg brennsnut til ALLE denne dagen. Alle var saman om ein dugnad for at pasientane fekk godt stell og pleie denne dagen også.

IMG_1002

Engasjerte gjeng!

IMG_1001

Ergonomi!

Vi tok kontakt med Monika Gustavsen, som er ergoterapaut i Ørsta kommune, for å lære meir om gode arbeidsteknikkar.

IMG_1028

Vi fikk oppfrisking i bruken av gode hjelpemiddel,og rett bruk av desse.

IMG_1027

Vi må sjølve ta ansvar for eiga helse, og her gir Monika oss gode råd .

Gode teknikkar er viktig, då det er mange tunge løft i helsevesenet.

IMG_1030

Her viser Monika oss enkle grep , for å gjere sittestillinga best mulig for pasienten.

 

Fotpleie!

 

IMG_1079

Liv Kile , var her å hadde ei grundig innføring i godt fotstell, så no skal vi bli verdensmeisterar i "gode føter" på Hjørundfjordheimen.

IMG_1093

Ho gav oss gode råd og tips, og alle deltakarane syntest det var ein lærerik dag.

Hilda fekk ei hærleg velværestund.

IMG_1104

Sjå berre her , godt utstyr betyr det meste.

IMG_1103

 

Tusen takk for alle som er med på å løfte kompetansen på heimen.

I samarbeid skapar vi trivsel og og eit godt arbeidsmiljø.

Nøkkelen er ei positiv innstilling til læring og meistring.