Handelen er enno ikkje formelt avgjort, men ekteparet Marit Riise Olsen og Oddvar Olsen på Sæbø stadfestar at dei no har inngått avtale med Sparebank 1 Volda Ørsta om å kjøpe det tidlegare samvirkebygget på Sæbø.  Dei to vil mest sannsynleg kjøpe bygget gjennom Hjørundfjord Fjordservice AS der Oddvar Olsen er einaste aksjonær.

IMGP2082 - Kopi

Litt til høgre på biletet ser vi det tidlegare samvirkebygget på Sæbø, ei bygning som Marit og Oddvar Olsen no kjøper. I høgre billedkant ser vi så vidt skyssbåten M/S "Hjørundfjord".

Det tidlegare samvirkebygget på Sæbø har stått tomt sidan den siste eigaren Sæbø Bygg AS gjekk konkurs i vinter.  Ekteparet Marit Riise og Oddvar, begge med Olsen til etternamn, kjøper altså det tidlegare butikklokalet inkl. eit husvære på toppen, av Sparebank 1 Volda Ørsta.  Som mange veit er det Oddvar Olsen som er skipper på- og er eigar av skyssbåten M/S "Hjørundfjord".  

Men Oddvar er svært så rask  til å understreke at dette ikkje er noko "Oddvar-prosjekt" åleine.  - Dette er noko som Marit og eg skal bala med i lag, seier han på si velkjende Bømblodialekt.

- Eg reknar med at de ikkje kjøper dette bygget berre for å ha noko pent å sjå på?

- Nei, seier Oddvar, men no er vel ikkje dette bygget kjend for å vere så pent heller.  Det første vi vil starte med er å pusse det opp utvendig.  Eit målingsstrøk eller to vil nok gjere seg godt. - Men aller først vil vi ta kontakt med ein artkitekt, ein arkitekt som ikkje minst må kome med framlegg til korleis vi kan få bygninga vakrast mogleg og ikkje minst teneleg for våre planar for bygget, legg Marit til. 

- Og kva går desse planane konkret ut på?

- I første omgang er det å gjere om bygget til rorbuer.  Vi satsar på å gjere første etage om til to utleigeeiningar.  Det tidlegare samvirkebygget har også eiga kai, her vil vi m.a. ha utleigebåtar liggande.  Så får vi sjå etter kvart, seier dei to.

IMGP2069 - Kopi

Marit Riise og Oddvar Olsen

Marit understrekar at denne turistsatsinga slett ikkje er noko nytt påkome av dei to.  Familien har også i dag ein del av inntekta si frå turistnæringa gjennom skyssbåten M/S "Hjørundfjord" og skyssing av turistar.  No tek dei to eit steg vidare og satsar  på utleigeeiningar gjennom rorbuprinsippet.  Marit vil halde fram som sjukepleiar på kirurgisk avdeling ved sjukehuset i Volda, men kven veit kva som vil skje i framtida, smiler Marit lurt.