At den nye rådmannen i Ørsta allereie no signaliserer at eit eller anna bør gjerast med kommunen sine Tussa-aksjar, let eg ligge no for det er nok av andre saker å henge seg opp i.

For ikkje mange dagar sidan kunne vi lese i Møre-Nytt at administrasjonen i Ørsta kommune vurderte å gå inn for å legge ned ungdomsskulen på Sæbø.  Sist laurdag var der eit nytt innlegg i den same avisa - no ville kst. helse- og sosialsjef Oddvar Marøy legge ned legekontoret på Sæbø og sentralisere det til Ørsta sentrum.  Han vil nok ikkje møte mykje motstand for lokalpolitikarane i Hjørundfjorden ser ikkje ut til å bry seg.

Sæbø ungdomsskule

Tru det eller ei, men der er allereie vedteke i Ørsta kommunestyre at Sæbø skule skal renoverast og det skal byggast ny gymsal.  Likevel kjem det no utspel frå administrasjonen i Ørsta kommune om å legge ned ungdomsskulen.  Og kom der eit utspel frå ein eller annan lokalpolitikar busett i Hjørundfjorden i Møre-Nytt som sa at nedlegging av ungdomsskulen ikkje kom på tale?

Nei, slett ikkje.  Siw Bjørdal skal ha all mogleg ros fordi ho skreiv eit godt innlegg i neste nummer, men ingen  politikar kom på bana.  Rett nok kom der eit intervju med Ola Perry Saure noko seinare der han opplyste at Sp var prinsippielt mot eigedomsskatt, men han var visst ikkje prinsippielt mot nedlegging av den siste skulen i Hjørundfjorden - "det kunne berre ikkje gjerast over bordet".

Legekontoret på Sæbø

Eg har skrive om nedlegginga av legekontoret på Sæbø og Bjørke tidlegare både her på hjorundfjord.no og i Møre-Nytt.  Dei fleste av oss kjenner vel til denne historia - administrasjonen i Ørsta kommune vart, mot sin vilje, tvungne av kommunen sitt driftsutval til å lyse ut dei to ledige legestillingane på Vartdal og i Hjørundfjorden på nytt.  Men som helseleiar Frode Urke sa til meg pr. tlf.: "Den nye utlysinga hadde inga praktisk betydning.  Det einaste denne prosessen gjorde var å utsetje heile tilsetjinga av  legar i Ørsta kommune".  Det ser ut til at Frode Urke får heilt rett fordi ikkje ein gong politikarane som er busett i Hjørundfjorden ser ut til å bry seg.

I Møre-Nytt sist laurdag seier som nemnt Oddvar Marøy det rett ut - legetenestene i kommunen må sentraliserast.  Denne gongen løyner han seg ba den nye helsereforma som statsråd Bjarne Håkon Hansen vil innføre.  Tidlegare var det kostnadane med eit nytt bygg til utleige til det private Ørsta helsesenter Marøy løynde seg bak.  Same kan der vere - igjen; politikarane våre ser ikkje ut til å bry seg.

På nytt gjev kst. helse- og sosialsjef Oddvar Marøy inntrykk av at det ikkje var godt kvalifiserte søkjarar til legestillinga i Hjørundfjorden.  Eg viser igjen til Møre-Nytt sist laurdag: "....dersom dei best kvalifiserte søkjarane ikkje ynskjer solopraksis på Sæbø eller Vartdal". Han slår seg også på brøstet og rosar kommunen fordi dei i alle høve har klart å tilsetje ein person i eit årsvikariat.

Kvalifisert søkjar

Som vi tidlegare har skrive om her på Hjørundfjordportalen søkte der i alle høve ein person på den ledige fastlegeheimlen i Hjørundfjorden etter Bruno Hame.  Søkjaren ynskte også solopraksis og han ville ta sin del av legevaktene i Ørsta kommune.  Vi veit at dette var - og framleis er - kommunelege i Volda, Per Olav Brautaset.  Men som vi alle no veit - Ørsta kommune ville ikkje tilsetje denne legen.  Her på portalen har Marøy også sagt dette rett ut.  Den offisielle mgrunngjevinga er at Brautaset vart for dyr for kommunen.

Vi veit også at lokalpolitikar Bodil Skare (Ap) er med i kommunen sitt Driftsutval og er vel såleis med på å bestemme kva som skal skje med legestillinga i Hjørundfjorden til sjuande og sist.  Men det som er heilt klart er at alle lokalpolitikarane i fjorden burde ha engasjert seg i denne saka. Ein påle burde ha vore slege ned for lenge sidan.

Kven bryr seg?

I vinter hadde eg ein diskusjon i Møre-Nytt med tidlegare ordførar Sigbjørn Kvistad.  Han meinte visst at slike som meg ikkje burde uttale meg så mykje - i alle høve var han sikker på at meiningane til slike som meg ikkje hadde noko betydning.  Makta og påverkningskrafta var det lokalpolitikarane som hadde, meinte han.  Kanskje hadde han rett, men skal du ha makt, stor makt som lokalpolitikar må du i alle høve våge å gå ut i ei lokalavis(Møre-Nytt) og seie kva du meiner i ei sak som dette.

Det er mange som har vendt seg til meg og spurt kva som skjer i legesaka.  Eg må som sant seie at det har eg inga peiling på.  Bjarne Hustadnes sa forresten til meg at den sikraste måten å avfolke Hjørundfjorden på, er å fjerne legen.  Truleg har han rett.

Klok uttale

Her for ikkje lenge sidan var det ein lokalpolitikar som sende meg eit avisinnlegg der ordføraren på Stranda, Frank Svee hadde utalt seg med stor glede over kraftlinja som no var bestemt skulle plasserast mellom anna i Ørsta.  Vedkomande raljerte over lite klok uttale frå Svee.

Denne skrivaren sympatiserer slett ikkje med Frp, men mange politikarar, også frå Ørsta kommune og Hjørundfjorden har utan tvil mykje å lære av Svee.  Svee uttalar seg sterkt og klart, folk oppfattar kva han meiner og så sant han kan unngår han ord som "om", "kanskje", "vi må sjå kva dei meiner" osb.

Hjørundfjordheimen

I ei tid då vi kan lese at det vert kjempa for auka areal til sjukeheimen i Ørsta, m.a. til parkring og uteområde, ser vi at vi på Sæbø at vi kan misse parkeringsareal til sjukeheimen p.g.a. ny riksveg.  Vi veit også at mange vil legge ned Hjørundfjordheimen som sjukeheim og vi veit at det ser ut til at Ørsta kommune får fjerna legen frå Hjørundfjorden.  Skal vi berre godta dette, dvs. gjere slik som vi stort sett har gjort til no, dvs. halde kjeft?

P.s.:  Ørsta kommune har tilsett ein ung lege (han er vel billegare han enn ein erfaren lege på 51) i eit årsvikariat.  Eit par spørsmål til dette?

  • Når dette året er omme, er denne legen lova plass ved Ørsta helsesenter?
  • Er det tilsett legeassistent/kontorhjelp i dette året?
  • Er det avgjort at denne vikarlegen også skal ha legeteneste ein dag i veka på Bjørke slik som no?

Eg harr stor forståing for at ein politikar ikkje alltid kan få viljen sin, men eg, og fleire med meg, ventar i alle høve at ein politikar som er vald inn i kommunestyret frå Hjørundfjorden skal gjere sitt beste og kjempe for skule og legekontor til saka er vunnen eller at slaget er tapt.