Underteikna veit enno ikkje på kva måte denne mannen - Henrik Andersen - hadde oppdaga hjorundfjord.no, men han hadde i alle fall funne fram til Ronny Haugen sin artikkel om Store Smørskredtind og blitt inspirert.  Han ville få med ein kamerat og ta den lange køyreturen frå Oslo for å gå på nettopp på denne tinden - Store Smørskredtind.  Men så kom det nysnø - var det skredfare i tillegg? Tja...

No var det fleire av oss som hadde Store Smørskredtind i bakhovudet - spesielt etter å ha lese ein artikkel om tinden av Svein Myhre.  Eit par dagar før den nemnde pinsehelga fekk eg ei tekstmelding frå Håvard Myklebust - Smørskredtinden til helga?  Det skulle vise seg å verte Store Smørskredtinden på oss også - på ski, men 1. pinsedag var vi åleine med ski på ferja over Hjørundfjorden.  Så var det no grønt over alt og over 20 plussgarader...

IMGP0950 kopi

Ski, sol, shorts og Store Smørskredtind er ein fin kombinasjon. Håvard Myklebust nærast, Store Smørskredtind opp til venstre.

På veg oppover nemnde vi denne Henrik Andersen fleire gonger - kanskje hadde han teke turen vestover, over fjella, likevel?

Vi traff ingen Henrik Andersen på veg oppover.  Heller ikkje på veg nedover - ikkje før klokka var nærare 18 og vi nærma oss Lygnstøylvatnet igjen.  Då møtte vi to herrar på veg oppover - to hyggelege unge menn frå Oslo.  Den eine - han som kom halsande etter av dei to - heitte Henrik Andersen.  Vi hadde ein hyggeleg prat.  Det viste seg at dei to, som hadde base i ein Lavo i Stryn, hadde vore på Lodalskåpa dagen før og på kvelden hadde det kanskje blitt vel mykje "base" - kva veit vi.  Men no hadde dei bestemt seg for å satse på Store Smørskredtind likevel.

Ville dei nå opp så seint på dag?  Håvard og eg var i tvil.  Men opp kom dei, eller rettare sagt - opp kom Henrik Andersen.  Og her ein dag fekk eg tilsendt nokre foto frå ein svært sæ nøgd tindebesdtigar.  Henrik var oppe klokka 2130.

Eg legg ved ein del "paralellfoto" - foto frå dagsturen til Håvard og meg og foto frå kveldsturen til Henrik. Henrik har brukt mobilen sin til fotografering. Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

IMGP0946 kopi Bilde151 kopi

Så går vi vidare oppover - forbi Allskredhornet og vidare oppover til den siste renna der vi gjekk opp og rann ned.

IMGP0952 (Large) Bilde173 kopi

Dag til venstre (ca. veg opp som raud strek), kveld til høgre.

Under legg eg ved eit par foto av Håvard på veg opp renna.  Høfleg som eg var let eg sjølvsagt Håvard få lov til å gå først. :)

IMGP0953 kopi IMGP0957 kopi

Håvard mot toppen

Bilde164 kopi

Fjellet Skruven i bakgrunnen.  Foto:  Henrik Andersen.

IMGP0973 kopi Bilde199 kopi

Dag til venstre, kveld til høgre.

IMGP0964 kopi Bilde212 kopi

Alltid stad å kome til topps på Store Smørskredtind - Håvard til venstre, Henrik til høgre.

Bilde205

Henrik nådde toppen før skodda kom inn frå havet.  Her ser vi Store Brekketind omtrent midt på fotoet, men kva heiter fjellet rett til høgre for denne toppen? Foto:  Henrik Andersen.

I alle fall fekk Håvard og underteikna ein fin tur nedover også sjølv om snøen ikkje alltid ville ligge så fast.  Eit par foto til. 

knut2 kopi (Large) Bilde220 kopi

På begge fotoa ser vi framover Norangsdalen.  Foto til venstre:  Håvard Myklebust.  Foto til høgre: Henrik Andersen.

IMGP0984 kopi Bilde185 kopi

Håvard til venstre.  Foto til høgre: Henrik Andersen

Til slutt reid både Håvard og Henrik inn i solnedgangen - kvar på sin måte.

Bilde228 kopi

Mot natt.  Foto:  Henrik Andersen

Håvard kopi

Håvard Myklebust - 18 år.

Om nokon møter på ein Herre frå Oslo på ein eller annan fjelltopp i helga så vert ikkje overraska - det går rykte om at Henrik Andersen er på veg vestover igjen.