Hjørundfjordportalen » Natur » Festivaltid: Urke-Helg 2009

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonse

Annonse

Annonse

  • Skriv ut
  • Hjelp

Festivaltid: Urke-Helg 2009

Hjørundfj_fra_leirvfj F.Sv.Myhre

Det er sommar og festivaltid. Ikkje før er Hjørundfjord-dagane vel i hamn, så er det nye greier som skal skje 8. og 9. august og her er det er ikkje Rauma-Rock-festivalen det er snakk om. Her inne i fjorden er det nok ein gong Urke-Helg som står for døra.

Eit foto av Svein Myhre skal få stå fremst denne gongen. Inne mellom dei flotte fjella blir det liv og røre når den tredje Urke-Helga skal gå av stabelen i august.

Hjørundfj_fra_leirvfj F.Sv.Myhre

Fjellmannen og fotografen Svein Myhre har brukt telelinse og trekt til seg fjordlandskapet. Innover frå Veibustfjellet ser vi denne praktfjorden vår og det er Sunnmørsalpane som viser seg fram her.

Styret i Grendalaget inviterer i år til ei bygdavandring laurdag, 8. august med start ved Urke Landhandel kl. 12.oo etter opning av tilskipinga og ei orienterande samling ved Grendahuset ein time tidlagare.

 Nr 2 -scann plakat

Plakaten - kankje meir lesarvennleg om du klikkar ein gong + ein gong til.

Så tek vi ei vandrerunde gjennom bygda med nokre stoppestader: Butikken, bruene, kvernhusa, Nilsa-stabburet og ei stø ved kaia for å få lære om robåten, garngreing og garnsetting. Deretter skal vi nyte medbrakt niste og høyre om kaia og kaikulturen.

Om kvelden vert det samling på Grendahuset med ymse innslag. Søndagen blir det vandring framover til Hukåssætra der det er eit håp om å få smake rjomeringe dersom dei påsette damene får tak i tradisjonell tettemjølk. Om dei i tillegg har heimelaga flatbrød, skulle turen vere meir enn sikra.

Urketur mai 09 014

Her har ein lystig? gjeng sessa seg på seltrappa utanfor Ramoselet. Under Urke-Helg 2009 vil vi titte inn i sela og få høyre om kvardag og gutahelg for 75 år sidan.

På laurdagskvelden er det råd å få kjøpe noko å bite i på Grendahuset, men vi satsar på at kvar einskilt sjølv syter for det meste av både husrom og mat. Store og små er velkome til Urke denne helga.

På vegne av Grendalaget: VEL MØTT !

Lagt inn av Per Urke
11.06.2009 00:04

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Annonse

Aktivitetskalender

6.sep.
(Olavshola)
7.sep.
(Grendahuset)
8.sep.
(Sæbø stadion)
9.sep.
(Grendahuset)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

741 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 16 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008

478 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
936268 besøk og 9260199 visningar totalt