Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Etter det eg forstår har i alle høve nokre av dykk fått med seg at eg nettopp har fyllt 50 :).  Og ikkje berre det - eg var også så heldig at eg fekk Fri Flyt si bok "Toppturer i Norge" - 133 skifjell i hele landet - som gåve.  Sist fredag vart eg invitert med skikameratane Olav og Ronny Haugen på eit anna fjell, men det vart altså Tungremtinden  - frå Sykkylven i staden .  Det skulle vise seg å verte ein lang tur - med heile tre ferjeturar. Ok - det er vel tide at ein mann på min alder utvidar horisonten noko.

Toppen kopi 2

Her ser vi toppen av den 1290 meter høge Tungremtinden. 

Det vart ein tidleg morgon på laurdag, men det såg ut til å verte ein fantastisk dag, knapt ei sky på himmelen.  Etter kvart hamna eg i baksetet til Olav sin bil, somna i det vi såg litt skodde utanfor Rjåneset, men då eg vakna på ferja mellom Festøy og Hundeidvika, var skodda grauttjukk.  Skodda gjorde det ikkje lettare å finne fram for det er no ein gong slik  i Noreg - Sykkylven og Ørsta er ikkje noko unnatak - at det skal skiltast og merkast dårleg.

Vi passerte etter kvart Ekornes fabrikker og køyrde så vidare innover fjorden.  Ikkje lenge etter kom vi til  Erstad og fann etter noko leiting skiltet - eit skilt som knapt var lesbart - som viste vegen til Riksemdalen.  Vi tok av og måtte etter ein kort tur parkere ved ein låst bom.  Så var det berre å sale på.  Det skulle vise seg å verte ein heller lang marsj.

IMGP9711 kopi

Ronny og Olav(nærast) har lasta opp og passert bomen. Vegen frametter Riksemdalen var fin, men ikkje open for vanleg biltrafikk.  Kanskje kan sykkel vere ei løysing?

Boka "Fotturar på Sunnmøre" opplyser at turen frå Erstad til Tungremtindane er på 8 km. Vi følte nok at det var minst så langt - kanskje kunne det ha noko å gjere med at det var lenge å gå etter ein bilveg med skia på ryggen?  Det er lite snø i fjella på Sunnmøre i år og først etter ei litt bratt oppstigning, så ei lang strekning med heller  flat veg, kunne vi ha på skina etter ca. 1 time og 20 minutt. Deretter var det å gå vidare framover.

IMGP9713 kopi IMGP9721 kopi

Det vart ein lang marsj frametter Riksemdalen, både utan og med ski.  Sjølvsagt måtte det leggast inn fleire brødskivepauser.  I det fjerne ser vi Tungremtidane  på begge fotoa.

I Riksemdalen har kraftutbygging sett spor etter seg, men der er heldigvis ingen kraftliner sjølv om det i dalen også er eit kraftverk (ser ut som ei stor tømmerhytte). Etter det vi kunne sjå, er der fin veg nesten heilt fram til Storevatnet på 732 moh.    Denne vegen kan altså ikkje køyrast med bil av "vanlege" folk.  Nokre vil vel lure på kvifor.

IMGP9731 kopi Ronny Olav kopi

Foto t.v.: Her passerer Ronny og Olav Storevatnet (sterkt nedtappa) på austsida og skal vidare opp på ryggen som vi ser rett mot - ryggen mellom Storevatnet og Andrevatnet.  Tungremtinden i det fjerne.  På foto til høgre er ryggen passert (bak Olav t.v.) og dei to har endeleg starta turen mot sjølve toppen. Det tydelege vatnet vi her ser, er Andrevatnet.

Oppover

Toppturen har starta.  I bakgrunnen til venstre ser vi Risemdalen og Sykkylven.

skiområde kopi

Flott skiterreng.  Vi skintar den høgste av Tungremtindane - Tungremtinden - rett til høgre for skuggepartiet oppe i høgre billedkant.  Foto: Ronny Haugen.

Boka "Toppturer i Norge" hevdar altså at denne toppen er lite besøkt.  Det har dei nok rett i.  Vi tre gjekk heilt åleine - svært lenge, men så kom det ein kar bak oss.  Han såg ut til å ta det med ro, men han nærma seg raskt i det toppen nærma seg. 30 år gamle Stian Mork frå Erstad i Sykkylven viste seg ikkje å berre vere ein triveleg kar, men 4.38 på Vasaloppet og 3.38 på Birkebeineren forklarer nok kvifor det var han som kom først til toppen denne dagen.

Dei 4-500 siste høgdemetrane er vakkert ski- og køyreterreng.  Eit par bratte kneikar slik det må vere på ein fjelltur, men mesteparten av denne strekninga er nok under 30 grader.

Mot toppen 2 kopi  Endra kopi

Her ser vi Stian Mork på veg mot toppen og på toppen av den 1290 høge Tungremtinden.  Sikkert litt klokt å halde seg litt bak  kanten.

Når du går denne vegen opp på Tungremtinden ser du ikkje Hjørundfjorden før du er heilt framme på kanten.  Utsikta herifrå er kort og godt overveldande - kan ta pusten frå dei fleste. I framgrunnen er det tindenåler og stup slik det vert hevda i "Fotturar på Sunnmøre".  Du ser godt både inn- og ut Hjørundfjorden.  Spesielt godt ser du  Strendene på motsett side av fjorden.  Sjå under.

Fjorden kopi

Skodda hadde enno ikkje slept taket i heile Hjørundfjorden ca. klokka 15.  Vi let oss imponere over utsikta, andre vil vel lure på om det i det heile kan bu folk mellom alle desse fjella.  Vi ser Standal til høgre, fjellet Nes-Staven omtrent midt på fotoet.

Mot sør 2 kopi

Klikk på fotoet og få med deg fjell, fjell og atter fjell.

Standal kopi Fjorden 2 kopi

Her er det nok mange som kan namna på stadane betre enn underskrivne, men eg meiner å sjå att både Standal, Stavset og Ytre Standal.

Meg kopi Ronny og Olav 2

Og så skulle alle som var på den høgste av Tungremtidane Palmelaurdag vere avbilda. :)

Der vi gjekk opp og der vi rann ned, vender mot aust.  På denne sida tok såleis godt først på dagen, men allereie i 1530-tida vart ho svakare her og det vart litt skorpe på snøen.  Likevel - det vart ein fin tur nedover til ryggen mellom Storevatnet og Andrevatnet. Eit par-tre køyrefoto må vi ha med også her.

IMGP9779 kopi IMGP9786 kopi

På dei to fotoa over ser vi Olav Haugen kose seg.

IMGP9788 IMGP9777 kopi (Large)

På desse to fotoa av Ronny ser vi at det ikkje var akkurat pudderforhold denne dagen.  På fotoet til høgre ser vi at Ronny er inne i eit av dei bratte partia.

Som dei fleste skifolk veit, er det svingane som er det største problemet i skorpesnø.  Men det finns ein teknikk for alt.  Sjå den elegante skorpesvingteknikken til Ronny under.

IMGP9791 kopi

Skorpesvingteknikk på høgt nivå.

Tidlegare i dag fekk eg spørsmål om vegen ned att var like lang som opp.  Nei, faktisk ikkje. Stian Mork er fødd og oppvaksen på Erstad, sjølv om han no bur i Ålesund.  Og Stian hadde både bil med seg og ikkje minst lykjel til bomen.  Treng vi ta opp att at Stian er ein triveleg kar?

IMGP9801 (Large)

Stian lastar ski ut av ei skiboks.  Kan det vere Olav som tek i mot???

Vi må sjølvsagt ta med eit foto av ei av rypene også.  Dei såg- og høyrde vi i alle høve to-tre av.  Det var tydeleg at desse rypene visste kva som skulle skje i næraste framtid - i godlune som dei var.

Rype

Rype i godlune.  Men dei må verte meir varsame slik at dei ikkje blir rent på av skiløparar.

Så konklusjonen:  Flott turterreng frametter Riksemdalen.  Utsikta frå toppen var absolutt kongeleg - av dei beste i Hjørundfjorden.  Nedkøyringa var fin - dei ca. 5 - 600 høgdemetrane frå toppen.  Likevel vart det for mykje langrenn for å nå ei såpass kort nedkøyring - langrenn er ikkje så kjekt med fellar under skia, evt. med skia på ryggsekken.  Ein del vil nok også meine at nedkøyringa har for få brattare parti. No må det seiast vegen hadde tøya(snøen smelta) mykja i løpet av dei siste dagane.  Truleg hadde skituren vore betre med meir snø - evt. om vegen var open for trafikk?  Ei nedkøyring i puddersnø må også vere svært fin.

Dersom ein tenkjer berre på skikøyring, vil underskrivne likevel meine at alle dei andre fjella i Sunnmørsalpane  som boka "Toppturer i Norge" omhandlar, er betre enn denne. (Men kanskje er vi som går mest i Hjørundfjordfjella kort og godt bortskjemde med skiturar der vi kan ha på oss skia ved bildøra og renne/køyre ned att til den same døra?)

Personleg kjem eg gjerne att til denne toppen, men kanskje går eg opp frå Nes utanfor Trandal i Hjørundfjorden?  Er det nokon som har erfaring her?

Vi rakk sjølvsagt ikkje siste ferja frå Hundeidvik klokka 1640, men turen heim frå min plass i baksetet vart slett ikkje verst.  Ein middagslur etter ein fjelltur er absolutt å anbefale. :)  Vi var sjølvsagt godt nøgde med turen, men eg tillet meg her å sitere Olav: - Ein svært så kjekk tur dette også, men vi hadde nok ikkje funne på  denne turen sjølve.

Så quizen. Kva heiter fjellet under?

IMGP9796 (Large)