Som mange av brukarane av Hjørundfjordportalen allereie veit, var det Håvard Myklebust frå Bjørke og Hjørundfjorden som vann Møre og Romsdal sin fotokonkurranse for elevar og studentar i den vidaregåande skulen i fjor.  Juryen sa  m.a. dette om Håvard sitt vinnarfoto:

"Eit  motiv fylt av livskraft, vågemot og kompetanse,i spektakulære omgjevnader og med ein komposisjon og eit teknisk nivå som er imponerande" Fotoet ser du under.

242886_5h5ufQqYJdk

Vinnarfotoet til Håvard Myklebust.  Han tok det på ein topptur til Urkedalstindane (1524 m)i mars 2008.

Håvard fekk sjølvsagt sin velfortente premie, men ikkje berre det.  Her ein dag tikka det inn ein hyggeleg e-post til fotografen.  E-posten var underteikna av Carmen Dahl.  Vi tek med kopi av eit par avsnitt:

"Hei!
Først vil jeg gratulere deg med prisen for det fine vinnerbildet du tok.

Så har jeg lyst å fortelle deg at en fint innrammet kopi av bildet ditt nå henger på veggen til Vest-Norges Brusselkontor i Brussel.  
Møre og Romsdal fylke er medeier i dette kontoret som er vårt bindeledd til det som skjer i EU. En viktig oppgave Brusselkontoret vårt har, er å ta imot grupper som er på en studiereise i Brussel for å lære mer om EU. Bildet vil derfor bli sett av mange i årene fremover. "

Det er sjølvsagt svært mange som no vil få sjå dette spektakulære fotoet til Håvard, ein ung mann som slett ikkje vil framheve seg sjølv.  Likevel er han i alle høve samd i at fotoet kan vere god god reklame for Hjørundfjorden og turistnæringa her.

Og det er slett ikkje berre uinteresserte byråkratar som er på dette Brusselkontoret.   Vi tek med eit avsnitt til frå e-posten:

"Gaven ble overrakt av en fylkespolitiker fra Møre og Romsdal som var i Brussel i anledning åpningen av det nyrenoverte Norway House i Brussel, det blant annet den Norske Ambassaden og andre Brusselkontor holder til. Kronprins Håkon Magnus var tilstede og ble vist rundt.  EU-Delegasjonen har laget en egen reportasje om dette"

Som vi ser, Kronprins Håkon har allereie sett fotoet og kanskje vert han inspirert til å ta ein tur til Hjørundfjorden - om han blir invitert?

Ein ting er i alle høve sikkert - det er berre å gratulere Håvard Myklebust med dette fotoet.  Så får vi andre berre vere misunnelege og tenkje: - Hadde det berre vore eg...