Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Juli

_JKS_juli (Large) (2)

Seifiske ved Lekneset                                                                               Foto:  Ivar Svein Mo

 

På dei verkeleg varme dagane er det ikkje alle nordmenn unt å legge fastlandet bakom seg og ta ut på sjøen. I Hjørundfjorden bur dei fleste tett ved fjorden og mange har båt. Særleg i dei veglause bygdene er båten viktig – ikkje berre til fiske, men også  til skyss og frakt.

Det er mykje ein kan få til med god hjelp.  På styremøte i slutten av september bestemte styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering at det skulle lagast ein "Hjørundfjordkalender" for 2009.  No er kalenderen klar for trykkeriet. Under ser du junifotoet med tekst.

DSC_4910_2_justert (Large)

 

Mellom gammal og ny tid. Frå Lygnstøylvatnet.                               Foto:  Lill Haugen

 

Like klart som at vassflata skil vatn og luft i Lygnstøylvatnet, skil ho mellom ny og gammal tid. For setrejentene som heldt hus her før stølen vart lagt under vatn i 1908, var vegen til dals tung. I dag er det lett å nytte bilen for å kome hit og sjå  stølstuftene som framleis kan skimtast ned i vatnet.

Hjørundfjordkalenderen 2009 er eit reint dugnadsprosjekt.  Fotografane har lånt ut foto gratis og nærast sjølvsagt er alt arbeid gjort utan betaling.  Men trykkinga hos Egset Trykk AS i Volda må vi sjølvsagt betale.

Det var underskrivne som fekk ansvaret for at dette "kalenderarbeidet" vart gjort, men utan utruleg god hjelp hadde det ikkje late seg gjennomføre på denne måten.  I redaksjonen har eg hatt med meg ein velkjent herre frå Hjørundfjordportalen - Ronny Opsahl Haugen, Åmdalen/Ålesund Søster hans, Lill Opsahl Haugen er busett i Oslo.  Likevel er det godt å få bruke henne som frontfigur no når marknadsføringa skal gjerast.  Ho er m.a. dykkar, dykkarinstruktør og undervassfotograf.  Vi har fått bruke to foto frå henne - det eine ser du over.  Lill har også gjort ein del fotoredigering i tillegg til at ho har vore ein god diskusjonspartnar.

Ein tredje person som må nemnast er Jan Kenneth Steinsåker, Nordfjordeid/Ulsteinvik.  Han har jobba med fotoredigering, tekst, annonser m.m.  Ingen av desse tre unge personane er altså hjørundfjordingar, men kor mange timar dei har jobba gratis for Hjørundfjordportalen veit dei ikkje ein gong sjølve.  Vi kan glede oss til vi held kalenderen i handa.  Vi tek også med desemberfotoet med tekst:

_JKS_des_LITEN_RGB

Kremtoppar. Utsyn frå Langnestinden                                               Foto:  Knut Hustad

 

Kunstverka til naturen overgår somme tider det vakraste vi menneske maktar å skape. Snøen som vert piska oppetter dalføra og bit seg fast på tindane, dannar former og fasongar som berre kan lagast med ein slik villskap som fjella i Hjørundfjorden har.

Litt om kalenderen

Her er 14 foto inklusive framsida og baksida.  Alle fotoa er frå Hjørundfjorden, garantert.  På 10 av fotoa er det ein person eller to.  Berre ein av desse har fått namnet sitt på kalenderen.  Dette er fordi alle personar er velkomne til Hjørundfjorden - ingen er viktigare enn andre.

Kalenderen vert  i A 4 format, den får metallspiral i ryggen og vert sjølvsagt trykt i fargar - den skal i det heile vise kvalitet.

Kalenderen skal brukast som ein lekk i marknadsføringa av Hjørundfjorden, difor er stort sett alle fotoa av nyare dato.  Nokre av fotoa har t.d. vore vist her på portalen tidlegare, andre er ikkje gjort kjende før.

Inntekta

Kalenderen kostar, men likevel trur vi sjølvsagt at vi skal tene pengar på den.  Inntekta skal i så fall gå til Hjørundfjordportalen hjorundfjord,no, m.a.o. vår eigen kjære portal.  Som dei fleste sikkert har fått med seg, har portalen slete med liten server.  Dette skal rettast på, men ny server kostar mykje meir pengar å leige.  Kanskje kan det også verte att nokre kroner til å gjere portalen betre.

Pris

No kan ein sjølvsagt hevde at det er risikabelt å trykke opp ein kalender i all den dag ein kan få ein kalender gratis i banken eller i butikken.  Det kan så vere, men vi trur likevel at vi/de er villige til å betale kr. 200,- for denne fine kalenderen for å støtte opp om portalarbeidet og ikkje minst få ein flott kalender på veggen.  Og kva med julegåva?  Har du tenkt på at kalenderen vert flott å gje bort i julegåve?

Tinging/bestilling

Kalenderen vert heilt sikkert i salg i lokale butikkar her i Hjørundfjorden frå ca. 1. desember, men vi ber om at du/de tingar kalenderen allereie no.  Klikk på e-postadressa under:

kalender@hjorundfjord.no

Her legg du att namn og adresse og seier samstundes ifrå om kor mange kalendrar du vil ha.  Pris for ein:  Kr. 200,-.  Pris for to:  Kr. 375,-.  Vil du ha fleire tek du kontakt, gjerne på same e-postadresse(mail)

Dersom du ikkje kan/vil bruke e-post, kan du ta kontakt med ein av kontaktpersonane - sjå i venstre marg på denne sida.

At vi ynskjer at du tek sjansen å tingar no, har si årsak i at vi vil lodde stemninga for å vite omtrent kor mange vi skal trykkje opp.  Vi kjem nok til å satse på 300 - 400 stykker, men vi må nok bestemme oss allereie neste veke.  Difor er det viktig at du gjev beskjed no?

Er dette ein god idé?  Kom gjerne med ein kommentar under.  Etter kvart kan du også seie di meining på avstemmingsbarometeret vårt lenger nede til venstre, men likast er det likevel om du tek sjansen og bestiller ein kalender no.  Bur du ikkje i nærområdet vil du få den fraktfritt tilsendt same kor du er i verden.  Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart.