Norsk Attraksjon til Bjørke

Under fine forhold med lettskya ver og passe varm temperatur svinga ein NRK-bil inn avkøyrsla til ungdomshuset Haukly, på Bjørke, tysdag formiddag. Det var den vidgjetne Linda Eide saman med regissør Kristin Helgeland frå programmet Norsk Attraksjon som ankom.

Dei to reiser rundt i heile Noreg for å finne spesielle attraksjonar til programmet deira som har gått på NRK1 måndagskveldane dei to siste åra. Etter at første sesong var over la dei ut ønske om tips frå publikum om stader som dei meinte var ein norsk attraksjon. Etter å ha fått eit tips om ein ganske så kjend telefonkiosk var alt klart for at dei skulle ta turen til Bjørke og Prillar-Guri.


Linda

Linda Eide frå programmet Norsk Attraksjon i den ikkje så ukjende, raude Diadora-joggedressen.

Spent

På Haukly venta Enok Kippesund, Perry Bjørke, Jarle Myklebust og Jon Egil Finnes spent på dei to tilreisande. Etter ein liten matbit og orientering om kva som skulle skje utover dagen blei basen raskt trekt ned til Prillar-Guri der intervju med dei fire mest sentrale personane frå Prillar-Guri-aksjonen i 1997, skulle gå føre seg.

Enok Kippersund

Intervju var første innslag som blei filma tysdag formiddag. Her er det Enok Kippersund som blir utspurt med nokre ganske så detaljerte spørsmål på kaia ved fjorden.

MS Hjørundfjord

Tysdagar er fast lege-dag på Bjørke. Legen blir frakta med båt til Bjørke frå Sæbø og blir henta sameleis seinare på ettermiddagen. Midt under intervju med ein av karane, blei filminga avbrote i det MS Hjørundfjord kom glidande innover fjorden. Båten la til kai og Linda Eide var snar å hoppe ombord for å få seg nokre ord med skipperen. Ikkje mange minutt seinare kom også Dr.Bruno Hame nedpå kaia, ferdig for dagen på Bjørke. Eide vinka farvel og intervjua kunne fortsette med MS Hjørundfjord krusande i høgre biletkant.

Eide i samtale

Eide var ikkje snau og tok seg likegodt ein prat med skipperen på MS Hjørundfjord midt under innspelinga.

Innspeling

Å lage eit godt tv-program er ikkje så enkelt med berre nokre få personar. Her er det mykje så må stemme under kvar innspeling eller så blir det mange gjentakingar, noko som tek tid. Eide og Helgeland hadde eigentleg sett av berre ein dag til filminga av Prillar-Guri, men sidan ein av medhjelparane blei sjuk blei det berre dei to som tok turen til Bjørke. Det blei eit stramt program, men med ein humørfylt og engasjert gjeng tilstades så blei det nok ikkje for mange filmrullar som må møte bosskorga i ettertid...

 

Botn-plata

Perry Bjørke(t.v) og Jarle Myklebust (t.h) syner Linda Eide kva som var årsaka til at Telenor måtte gje opp kampen 16 mai 1997. Eine bolten som heldt fast telefonkiosken hadde øydelagde gjengar.

Eide fast

Eide prøver «slipset» som hang rundt Prillar-Guri. «Symbolet som viste at noko skulle vekk», forklarte Perry Bjørke om stroppa som hang rundt telefonkiosken den dagen han oppdaga noko var på ferde.

17.mai-tog og makrell

Utover ettermiddagen blei det ei kort matpause med prat om laust og fast. Ein gjeng på ti personar inkludert Eide og regissøren Kristin var no klar for innspelinga av 17.mai-toget som gjekk forbi telefonkiosken i 1997. Sjølve toget bestod av kun ni personar kledd i naturlege klede som tilgrisa arbeidsbukser, t-shirt, caps og joggesko, om ikkje tøflar? I tillegg blei dei ni blei utstyr med tre norskeflagg og nokre bjørkekvistar som blei funnen på staden. Her gjaldt det å vere oppfinnsam, noko ombyting til bunad var ikkje tid til.

Då toget endeleg var klart, kommanderte regissøren og filmar Kristin at fyrste vers av «Mellom bakkar og berg» skulle syngjast. Innimellom skulle kvad som «Hipp hurra!» og «Bjørke, Bjørke, fjell og fjord, ingen er som deg på jord» også ut.

Akkurat då det vesle toget hadde runda Prillar-Guri og var komen ned på vegen igjen, skjedde det som helst ikkje skulle skje. Det var ikkje noko gale, men sjølvsagt kom ein ivrig bilist køyrande. Medan toget heldt på med andre linja på «Mellom bakkar og berg» løfta mannen på capsen sin som ein slags honnør og sveiva ned bilruta og sa: « E her makrell?». Noko mindre upassande å sei i den samanhengen skal ein leite lenge etter tenkte sikkert nokre. Toget avtok farta noko, og selfølgeleg braut Linda Eide ut av toget og sette armane sine i dørkarmen. Ho snudde seg attende til toget som no var snart passert bilen og spurde. « Ja, e da makrell her dokke?

 Det blei konkludert med at makrellen var komen og fiskaren sveiva igjen bilruta og køyrde vidare. Ikkje stilte han eit einaste spørsmål om kva som forgjekk og ikkje såg han særleg overraska ut noko som dei i toget fann svært morosamt då heile situasjonen var noko artig.

 Dessverre ingen bilete frå toget. Alle som var til stades måtte vere med...

Etter ein lang og god dag med mykje filming tok Norsk Attraksjon kveld. Dei fekk husly med Bjarte Sellereite og Cecilie Rørstad ute på Sellereite på Leira.

Traktorparade og fellesbilete

Onsdag morgon blei det opna med traktorparade der Linda sjølv fekk låne Super Dexta'ren til Oddhild Saure Bogen. Mange av bygda sine gjevaste traktorar deltok. Etter på skulle dei same steinane som frå under aksjonen for elleve år sidan på bana igjen. Etter ein del om og men kom endeleg steinane på plass og bygdefolket kunne innta plassane sine rundt Prillar-Guri slik at det blei eit felles bilete rund telefonkiosken.

Bygdefolket

11 år sidan sist.

 

På film

No på tv.

Norsk

 Så er skiltet også på plass.

Ring heim til

«Reis til Bjørke og ring heim til mor!» lyd ordtaket for telefonkiosken.

Film triks

Vekk! Eit lite filmtriks...

Så er ho der 

Vips, så er ho der igjen.

Seinare blei innspelinga flytta til Haukly igjen då kun ei lita scene stod att. Etter det blei det servert varm sodd til dei slitne filmskaparane før dei måtte returnere kvart til sitt. Linda Eide og Kristin Haugeland vidare til nye attraksjonar, og bøndene heim igjen i fjøset.

Kanutte

Linda Eide er ei populær dame. Her er det Kanutte Finnes som har fått seg eit signert postkort.

Dama frå Voss 

Ja så har Linda Eide frå Voss besøkt Bjørke og Prillar-Guri også...

 Her saman med

Her saman med regissør Kristin Helgeland

«Å du, hade då du!» - Linda Eide

 Tekst og foto: Håvard Myklebust