Eigentleg har eg alltid sett føre meg at Fingeren er eit litt vanskeleg mål - utan å eigentleg ha sett på ruta, men boka "Fotturar på Sunnmøre" beskriv siste delen av turen som enkel klyving, så la gå. Vi starta å gå frå Standalhytta som er utgangspunkt for turen...

Fingeren + bading 024

Enno eit godt stykke igjen..

Fingeren + bading 022

Standard å møte på eit eksemplar av desse, skvett like gale kvar gong..

Yr.no meldte regn og det viste seg at dei hadde rett denne gongen, sjølv om sola og viste seg.

Fingeren + bading 026

Mor sjølv (Hilde) i teten, fin rås omtrent heile vegen.

Fingeren + bading 031

Mot Sylen, midt i mellom Fingeren og Kolåstinden, litt meir avansert klatring må til for å nå denne...

Fingeren + bading 037

Det tilbakelagte stykket, litt sleipt å gå til tider.

Fingeren + bading 060Fingeren + bading 059

Det nærmar seg, berre det "værste" igjen...

På sjølve ekstremiteten som boka kallar han vart det ikkje høve til å knipse bilde, så vi hadde meir enn nok med klyvinga.

Fingeren + bading 044

Endelig på toppen, "fort dej å ta bilde no da, vi må nedjen!"

Fingeren + bading 056

Litt kry!

Fingeren + bading 052

Ikkje noko sjølvutløysar her i garden...

Fingeren + bading 047

Utsikt mot Follestaddalen...

Det vart ikkje noko raste på toppen her nei, då enkelte ville ned raskast råd...

Fingeren + bading 062

På snø går veien ned igjen dobbelt så fort

Fingeren + bading 065

Fjellrekka dekt av skodda når vi er trygt nede, trur ikkje vi kunne ha gått stort seinare...

Er litt usikker på om vi valde rett vei å klyve på sjølve "ekstremiteten". I boka stend det at klyvinga er enkel frå skaret og opp nordsida på Fingeren. Vi fylgde ei slags rås og kom opp litt meir bak, mot Follestaddalen. Det blei en luftig tur, men vi kom oss likevel til topps, sjølv om det ikkje var meir enn akkurat. Det var eigentleg ikkje ein tidkrevande tur, og eg anbefalar den til fleire!

Det blei mest bilder denne gongen, og heller ikkje av beste kvalitet. Håper likevel det er til litt underhaldning for portalen sine lesare, spesielt bestefar min Ola Sæbønes som har invistert i PC for å kunne fylgje med kva som skjer i bygda, via portalen. :)