Hjørundfjordportalen » Natur » Bjønnatanna - 1470 m, Vestlege Velleseterhorn - 1476 m

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonse

Annonse

Annonse

  • Skriv ut
  • Hjelp

Bjønnatanna - 1470 m, Vestlege Velleseterhorn - 1476 m

IMGP4787 kopi

Eg likar slike fjellnamn - Fingeren, Bladet, Giganten... Men kva med Bjønnatanna? Jau, det måtte bli Bjønnatanna i dag...

Utgangspunktet var Haukåssetra.  No gjekk eg framover Urkedalen.  Eg måtte smile for meg sjølv - endeleg, endeleg hadde eg hugsa å ta med meg alt nødvendig utstyr.  Til og med reim til å feste rundt skituppane på skina som no var festa til ryggsekken, hadde eg hugsa.  Det einaste eg hadde gløymt var ein solblendar på fotoapparatet, men den kunne eg leve godt utan.  Eg var stolt over meg sjølv.  Etter ca. 25 minutt gange var eg ved snøkanten. No skulle skina festast til beina, men skifellane, kvar var skifellane?

Denne søndagen var målet Bjønnatanna, Bjønnatanna via Grøtdalen. Det er ikkje så vanskeleg å finne fram.  Køyr til Urke etter rv. 655, ta av ved brua der du m.a. ser skiltet Urkedalen.  Køyr så framover setrevegen, no var vegen brøytt gjennom Breidfonna, nesten til Haukåssetra.  Parker bilen og gå etter råsa framover Urkedalen frå der du ser skiltet "Råna". Du går no framover Urkedalen og ta så av første dal til høgre.  Du går no oppover mot Grøtdalen.

IMGP4824 (Large)IMGP4769 (Large)

T.v.:  Ta av frå riksveg 655 på Urke der dø møter dette skiltet.  T.h.:   Turen oppover mot Grøtdalen er ikkje særleg sexy.  Trøsta må vere at etter at du har kome opp i Grøtdalen "går alt så meget bedre".  Ruta eg gjekk har eg teikna inn med raudt.

Grøtdalen har forresten ikkje så godt ord på seg. Til tider nesten flattliggande bjørkekratt og bratte og glatte grasbakkar gjer det lite triveleg å kome seg opp dit.  "Godt skjult og med vanskelege oppgangar får Grøtdalen stort sett ligge i fred", skriv Helge Standal i boka "Fotturar på Sunnmøre" - side 203.  Han har sikkert rett for ut på sommaren ligg Grøtdalsbreen der, full av sprekker, og gjer at folk kvir seg for å gå her. Men løysinga på desse problema er som vanleg ikkje så vanskelege - ta turen om våren med ski. 

Eg hadde altså lagt att skifellane mine i bilen.  Det gjorde at det tok 35 minutt ekstra med tid og motivasjonen sakk eit par hakk, men Gauken likar seg godt i Urkedalen og han fekk meg etter kvart i betre humør. 

IMGP4778 (Large)

Ruta mi vidare oppover frå Grøtdalen. 

For ca. 15 år sidan var eg oppe i dette området, men eg hugsa ikkje detaljane.  Eg hugsa likevel bresprekkene (i slutten av juni) og dei ser eg også frå kjøkenvindauget her heime om sommaren.  No var det heldigvis snø, mykje snø.  Frå Grøtdalen og vidare oppover gjorde også nysnøen seg gjeldande - jamn, fin nysnø.  Eg tenkte allereie på nedkøyringa og kvar eg evt. skulle ha fotografert, men eg var åleine.  Eit par foto tok eg likevel, berre for å vise mine faste turkameratar, som ikkje "kunne" vere med, kva dei gjekk glipp av.

IMGP4775 kopi IMGP4784 kopi

På desse fotoa hadde det gjort seg med ein skikøyrar på veg nedover.  Foto til venstre er tatt i retning Bondalen.  På fotoet til høgre er nok hellingsvinkelen mellom 20 og 40 grader. 

På turen oppover oppdaga eg det som eg først trudde var vatn/fjord der fjelle spegla seg i vatnet, men det  var det slett ikkje.  Men er det nokon som kan gje eit godt svar på kva det er vi ser under?

IMGP4790 kopi

 Kva er det vi ser her?

Turen oppover gjekk utan problem av noko slag. Ingen andre hadde gått føre meg oppover, men nesten oppe i toppområdet oppdaga eg eit par skispor.  Eg konkluderte med at dette måtte vere folk som hadde kome opp frå Sykkylven via Storbreskaret(?)

Så var eg oppe - nesten.  Eg kika over kanten og der var eg møtt av synet av to flotte fjell.

IMGP4787 kopiIMGP4785 kopi

To flotte fjell, men kva for eit er Bjønnatanna? 

Det var som nemnt Bjønnatanna som var målet, men kva for eit fjell av dei to var det?  For meg sjølv konkluderte eg med at det måtte vere fjellet til venstre, men det var lågare, trudde eg, og gjekk på fjellet til venstre.  Litt klyving måtte til på slutten, men eg kom meg opp.  No har det vel kome litt kritikk mot oss som skriv mest om fjellturar her på portalen - vi er for PR-kåte men eg tek sjangsen på å legge ut eit foto av meg sjølv.

IMGP4799 kopi

Her er eg på det eg trudde var Midtre Velleseterhorn.  (Men det skulle vise seg at det var dette som var Bjønnatanna) 

Som nemnt var eg slett ikkje sikker på kva fjell det var eg var på.  Difor vart det ein telefon til turkamerat (og svigerson) Somby.  Han hadde løysinga på problemet mitt klart føre seg - gå på begge fjella.  Og slik vart det.  Under tek eg med nokre foto frå dei to fjella som syner den flotte utsikta.

IMGP4803 kopi

Foto tatt frå Bjønnatanna mot Vestlige Velleseterhorn (1476 m) og Bondalen.  Av dette fotoet ser eg at eg ser Bjønnatanna frå kjøkenvindauget her heime... 

Så var det berre å gå ned att frå denne toppen, feste på seg skina igjen, renne ned eit stykkeog gå opp att på neste fjell.  Avstanden mellom  dei to toppane skal i fylgje boka vere ca. 500 m. (Men eg trur den er mindre)

 

IMGP4804 kopiSkitur 001

Desse fotoa er tatt mot det første fjellet eg var på  - som altså viste seg å vere Bjønnatanna. Fjellet eg står på er Vestlege Velleseterhorn.  (Mobilfoto til høgre)

Så eit par utsiktsfoto frå Vestlige Velleseterhorn.  Som ein kan sjå, kan dei fleste bondalingar sjå dette fjellet.

IMGP4808 kopi

Bondalingar flest kan sjå Vestlige Velleseterhorn. 

 IMGP4812 kopi

Og her ser vi Urke 

Så litt tilbake til nemnerotet mitt.  Eg trudde at det første fjellet eg var på var det høgste av dei to og heitte Midtre Velleseterhorn.  Fjell nummer to trudde eg var Bjønnatanna, men eg var usikker.  Heldigvis sende eg ein e-post til fjelleksperten vår, Svein Myhre, og han visste sjølvsagt kvar eg hadde vore i går.  Det er altså det første fjellet som er Bjønnatanna.  Det andre var Vestlige Velleseterhorn og er det høgste av dei to fjella.  Så veit vi det.

Mens eg var på Vestlige Velleseterhorn, gjekk to Herrar opp på Bjønnatanna.  Desse to kom opp frå Sykkylvssida.  Namna deira står under fotoet.To herrar

Geir Helge Grebstad og Bjørn Lindvik på Bjønnatanna

Under Vestlige Velleseterhorn vart det tid til både mat og kaffi.  Eg hadde ikkje med gradestokk, men etter det eg kunne sjå på snø- og iskrystallane var det minusgrader i lufta. Litt nedanfor toppane var det skare på nysnøen.  Denne skaren var den første delen nedover så hard at skispora knapt nok viste att, men føret var likevel kjempeflott.

IMGP4822 kopi

Framleis full vintere under Vestlige Velleseterhorn. 

Det var Bjarte  Staurset i Ørsta som sette meg på ideen å gå opp i dette fjellområdet.  Han var i dette området for ca. 14 dagar sidan og skrytte av den fine nedkøyringa frå Bjønnatanna.  Han hadde sjølvsagt rett.  Denne dagen var også turen nedover flott - dei første 500 høgdemeterane var glimrande.  Så var det eit område der ein måtte gjere seg lett i svingane og til slutt - før fonnbreen - var det eit område med sluchsnø på toppen. Denne snøen seig av stad sjølv nærast berre du såg på den.   Dette er ein tur som absolutt kan tilrådast som ein vårskitur - ein kan nærast sjølv velje kor bratt ein vil køyre.

Det vart ikkje fotografering på turen nedover, difor tok  den heller ikkje lang tid.  Det vart difor tid til ein siesta i bilen på Lekneset og ikkje minst ein tur i veksthusa til Borgar Berg på Urke.  Fotoet under er for dei som er drittleie av snø og ski for i år.

IMGP4828 (Large)

 

 

Lagt inn av Knut Hustad
27.05.2008 01:50

Kommentarar

Haukåstinden er det beste namnet (12.06.08 kl. 21:39)
Då vi skreiv 'Fotturar på Sunnmøre' hadde eg aldri høyrt om Haukåstinden. Haukåsryggen hadde eg høyrt nyss om, utan at den kunne knytast direkte til toppen på 1476 m.

Utan å kunne vise til kjelde så las eg om Haukåstinden fyrste gong på nettet for eit par år sidan, då som eit namn på Urkedalstind. Det meiner eg måtte vere ei mistyding.

Å kalle 1476 for Haukåstinden er god logikk, men litt snodig om kjelda er folk frå Velledalen, og ikkje frå Urke.

Eg har forståing for at velledøler berre nyttar namnet vellesterhornet om to toppar, dei markerte toppane (heimste og fremste) som er synlege frå Velleseterdalen.

Å namnsette fjell som ikkje har namn på kartet bør ein vere forsiktig med. Når det gjeld såkalla 'fortoppar' som er knytt opp til ein hovudtopp, så er det ikkje uvanleg å kalle desse for Sørlege, Vestlege osv. - ....tind/horn. Dette sjølv om dei ikkje er synlege frå den sida hovudtoppen har namnet sitt frå. I Hurrungane har vi både ein og to Soleiebotntindar som ikkje er synlege frå Soleiebotnen.

No har eg i alle fall notert Haukåstinden på side 203 i 'retteeksemplaret' av fotturboka.

Takk for ein god namnedebatt!

(Ved googling får eg opp denne:
http://fjellforum.net/viewtopic.php?t=1994 )
Helge Standal
Navn på fjell (12.06.08 kl. 18:22)
Gløymte å takke for ein flott artikel i all navndiskusjonen. Haukåstind er eit navn eg har høyrt fleire ganger, men eg veit også dei som kun kallar det haukåsryggen. Denne er ikkje vanleg å gå bort på når ein kjem frå storbreskaret. Det er liksom bjønnatanna og velleseterhornet som gjeld, sjølv om det kun er 200-300 meter bort til den. Når det gjeld navnet vestlege velleseterhorn, så hadde eg ein liten prat med nokre i fjellhug, og dei sa at det kun er 2 toppar som er knytt til velleseter navnet. Det er heimste og fremste. Grunnen til det er kalla Velleseterhornet, er fordi det er synleg fra velleseterdalen (vellesetra). Derfor fann dei det merkleg at eit fjell som ligg bak bjønnatanna, også skal få navnet velleseterhornet, da det ikkje er synleg fra velleseterdalen, og igrunn ikkje grenser til den heller. Desse argumenta syns eg virka fornuftige. Dei meinte at det fjellet som vert kalla vestlege velleseterhorn i dinna artikkelen, og som eg kallar haukåstind, ikkje har noke navn, men kun øverste del av haukåsryggen. Vi får lage til ein fellestur ein gang. :)
Geir Helge Grebstad
Navn (02.06.08 kl. 21:44)
Jeg bruker navnene som Knut har brukt i denne artikkelen. Kilden min for navnet Vestlige Velleseterhornet er den nevnte ”Fotturboka” av Standal/Hagen/Wangen. Helge Standal må svare her. Bjønnatanna er brukt i Fjellhugboka, sprekt navn og ut fra formen på ”nabben” er det et av de beste navnene i området.

Haukåstinden er et nytt navn for meg, Haukåsryggen står på kartet men jeg har tolket det for å gjelde fjellryggen ovenfor Haukåssetra men ikke så høyt som denne smale egga som ender i 1476. Det Grebstad kaller heimste Velleseterhornet blir også kalt midtre Velleseterhornet. Eller bare midt-toppen.

At fjell har to navn er ganske vanlig, tre navn er mer sjelden. Haukåstinden er et bra navn, har det vært i bruk lenge og brukes i dag så er det godt nok for meg. Da bruker jeg det også :)
Svein Myhre
Takk for tilbakemelding (02.06.08 kl. 00:13)
Geir Helge Grebstad, dete var svært hyggeleg at du kom med kommentar. Som eg lova, har no namnet dykkar kome under det aktuelle fotoet. Når det gjeld fjellnamnet, Vestlige Velleseterhorn, så er eg sjølvsagt villig til å andre det også om det står feil namn. Men før det evt. vert gjort, treng eg ekspertuttale/overdommaruttale, t.d. frå Svein Myhre og ein av forfattarane av den aktuelle boka, Helge Standal.
Knut Hustad
navn på fjell (01.06.08 kl. 12:27)
Dei to karane på bjønnatanna er geir helge grebstad og bjørn lindvik fra sykkylven. Men fjellet som du gjekk på til slutt, har vi alltid kalla haukåstind. Mulig dette er feil, men vi har alltid brukt det. I velledalen kaller vi dei to toppane til venstre for bjønnatanna fremste og heimste velleseterhorn. Det som er heimste er den du går via, før du går ned i skaret og opp på hovedtoppen (fremste). Eg går ut i frå at vestlige vellesterhorn og heimste velleseterhorn er samme topp, (stemmer med kart, ligger rett vest for hovedtoppen). Så etter mi meining har du først gått på bjønnatanna og så bort på haukåstind.
Geir Helge Grebstad
Flatt fjell (27.05.08 kl. 10:19)
Det flate fjellpartiet med snø på er Tretindane, dvs fjellryggen mellom Langenesvatnet og Velledalen. Noen år siden jeg var der, men slik det ser ut på bilet tror jeg det må være fjellsida mellom Tretindane og Koppen.
Svein Myhre
Ikkje så stor... (27.05.08 kl. 08:57)
Det aktuelle fotoet er altså tatt på veg oppover Grøtdalsbreen. Tele, ja, men ikkje så svært stor (142 mm x 1,5). Det er originalfotoet som er brukt. For meg ser det ut som det er eit flatt fjellparti som stikk fram i dalen bak den næraste ryggen. Stemmer det? Og kva er namnet på dette flate fjellpartiet?
Knut Hustad
Kva er det vi ser her? (27.05.08 kl. 08:15)
Her har du brukt tele. Fjellrekka i forgrunnen er i alle fall Gimsdalstinden (t.v) og Hammarsettinden (-ane). I bakgrunnen t.v, med snø på, er Skjerdingen/Blåskjerdingen og Tindfjellet i Haram.
Svein Myhre

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Annonse

Aktivitetskalender

6.sep.
(Olavshola)
7.sep.
(Grendahuset)
8.sep.
(Sæbø stadion)
9.sep.
(Grendahuset)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

741 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 28 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008

511 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
936301 besøk og 9260375 visningar totalt