Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Eg stod tidleg opp, kanskje vart det skitur likevel? Fjøsen vart gjort på raskaste måte.  Eit siste blikk opp i sauegardane - såg eg ein lammesjuk sau? Eg kika sauen djupt inn i augene: - Du får ikkje lamme før klokka 1530, vaskudde eg. Så vidt eg kunne sjå, fekk eg eit lite nikk tilbake.  Så gjekk eg ut fjøsdøra.

Inne gjorde eg det eg skulle - pakka ferdig den allereie halvferdigpakka ryggsekken og lova junior at eg skulle hente han etter skuletid.  Det har vore for mange tidssprekkar i det siste.  Så var eg klar.  Eg rakk 0815 ferja, målet var Slogen.

IMGP3865 (Large)

Målet var Slogen

Når Helge J. Standal skal gi ut ei skibok om fjella aust for Hjørundfjorden, trur eg han vil skrive omtrent slik om vegen til Slogen:

Køyr etter v. 655 til indre Urke.  Ta av der du ser skiltet "Urke hyttegrend" og køyr oppover til den øvste garden - Klokk.  Er det lite snø, eller er skogsvegen framover Urkedalen brøytt, køyr etter denne til du møter skiltet "Anleggsveg".  Her parkerer du, går vidare etter- eller langs denne anleggsvegen til du kjem til inntaksdammen til Urke kraftverk.  Du er no ved inngangen til Langseterdalen.   Framover denne dalen er det slakt stigande turterreng.  Du ser snart Langsetra til venstre, den mektige Slogen til høgre.

Du skal fram til- og forbi Slogen og så runde denne toppen på austsida, men NB: Rett nord for Slogen møter du eit islagt vatn - Isavatnet.  Gå på høgre-/sørsida av dette vatnet p.g.a. fare for solfonner på ettermiddagstid. 

Etter at Slogen er "runda" er du klar til å ta til på den brattare oppstigninga, sjå foto under.

rute

Her har Fred Ingar (Somby) teikna inn den vanlege ruta opp (raudt) frå der ein rundar Slogen på austsida.  Den blå streken syner ruta vi tok ned denne dagen.

Det var ruta som er nemnt over, eg tok denne dagen.  Eg visste at svigerson Fred Ingar og kameraten Torgeir Kristian "TK" Børve hadde vore på Nordre Smørskredtind dagen før og at dei skulle på Slogen i dag.  Kanskje kunne eg møte dei - eller i alle høve nå dei på toppen før dei hadde starta nedkøyringa?

I det eg hadde starta turen oppover mot eit skar, det som vert kalla Slogerøra(?), oppdaga eg to som kom over  Steinreset.  Det kunne godt vere at dei kom frå Patchellhytta, kunne det vere....? Eg prøvde med eit lite vink, men det kom ingen synleg reaksjon.  Nei, dette kunne ikkje vere dei to eg tenkte på, dei hadde heilt sikkert gått tidleg mot toppen og dessutan gjekk desse to svært seint. Eg gjekk på vidare oppover.

Akkurat to timar etter at eg hadde parkert bilen, var eg oppe i det nemnde skaret.  Eg tok inn litt næring og drikke, fotograferte litt av den fantastiske utsikta og gjekk så vidare oppover - rolegare no. Så ringde telefonen.  Det var Fred Ingar:

- Har du det travelt?

- Ja, eg må nå ferja klokka 1400.

- Du har god tid, ta det med ro, sa han.  Så la han på.

IMGP3880 (Large)

Dei to som kom oppover, var Fred Ingar og TK.  Her har dei starta turen oppover frå Slogerøra.  Dagen før hadde dei vore på Nordre Smørskredtind (fjellet vak til venstre)

Eg reduserte på tempoet, forstod at det hadde blitt i meste laget med saft på Patchellhytta kvelden før for dei to - men så er varm solbærtoddi  svært godt når ein er på fjelltur...

Resten av turen mot toppen gjekk utan problem, eg berre irriterte meg over ein som hadde gått i dei godt opptrakka skispora på veg oppover.  Kvifor skal ein absolutt gå på topptur i snø når ein også går på føtene ned igjen?

IMGP3886 (Large) (2)IMGP3887 (Large) (2)

Foto t.v.:  Ingen problem med å kome heilt til topps med ski denne dagen.  Foto t.h.:  Som vanleg er det lite å seie på utsikta frå Slogen.

_IGP1633bIMG_1104b

TK(t.v.) og Fred Ingar på veg oppover.  Fred Ingar prøver å finne att kreftene ved hjelp av sjokolade, eller er det ein pris snus?

Smith and Wesson

Smith and Wesson, som Fred Ingar kalla oss.  Det er alltid hyggeleg å få helse på ein skientusiast.  Torgeir Kristian Bøvre frå Sogndal/Øystese, er ikkje noko unnatak. Jakta, i bakgrunnen, er vitne.

_IGP1649b

Mot toppen

_IGP1653bIMGP3901 (Large) (2)

Toppen er nådd.  Det er berre å beklage feilinnstillinga av kameraet på foto til høgre

Mange av oss slit meg høgdeskrekk.  Flesteparten av desse oppsøkjer ikkje toppar som Slogen, men det gjer Torgeir sjølv om han nesten berre ville sjå ned på skorne sine.  Men ein kløppar på ski, det er han...

IMGP3899 (Large) (2)

Torgeir går slett ikkje på Slogen for utsikta sin del. 

Så er det berre å gjere seg klar for nedturen. Fred Ingar var førstemann.

IMGP3903 (Large)Fred 2

Først på med hjelmen, så er det berre å kaste seg utfor kanten. (Klikk på foto til høgre)

Det er bratt i starten

Fred Ingar (Large)

Så eitt frå motsett side

Så er det Torgeir sin tur.

Torgeir (Large)

Store Brekketind er her rett framom brillene til Torgeir - TK.

_IGP1663b_IGP1675b

IMGP3941 (Large)

Vi har no synt eit par fartsfantom, så ein tredje person...

_IGP1680b_IGP1687b

Det var framleis råd å finne "ubesudla" snø sjølv om det ned frå Slogen var mange skispor.

Eg for min del pakka no kameraet ned i ryggsekken.  Turen nedover Langseterdalen gjekk som ein leik.  Klokka 13 på dagen var det smelta ein liten styresnø på skaren.  Når føret er godt, er det rein glede å renne ned også slike parti.

_IGP1696b

Lutter glede

Denne gongen heldt vi tidsskjemaet med glans.  Fred Ingar fekk henta yngste dotter si i barnehagen, eg fekk henta junior på skulen og sauen - ja, sauen heldt ord.  Den lamma ikkje før klokka 1815.  Nemnde eg at Torgeir skal verte bonde også om eit år eller to?

Og til slutt:  Er Slogen også ein skitind?  Sjølvagt, berre prøv.

Så quizen til slutt. 

IMGP3950 (Large) (2) 

Kva heiter dette fjellet?

IMGP3869 (Large)