Klikk på fotoa for stor versjon.

IMGP2922 kopi (Large)

Det har ikkje vore enkelt for fjellentusiastar som likar å ha ski på føtene, i det siste.  Underteikna har t.d. trøsta seg med langrennski, men Fred Ingar har hatt det verre.  Han har nemleg slete ut - totalt - den viktigaste boka i huset, Skiturar i Sunnmørsalpane, i si jakt på toppar som ikkje går over skydekket.  Heldigvis kan han no innhaldet utaboks. 

Men i dag lova yr.no sol - mange soler.  Det måtte bli ein tur, men kvar?  110 cm nysnø på Standaleidet sist veke kunne vi lese her på portalen i går.  Kva med fonnfaren?.  Vi hadde framleis ikkje bestemt oss då vi køyrde frå Storestandal og utover hjørundfjordstranda. Men Fred Ingar avgjorde det: - Jeg har nok mest lyst på Randers. Og slik vart det - uansett er det best å satse og måtte snu halvvegs framfor å ikkje satse.  - Randers Topp via Ystenesdalen, skreiv eg på ein lapp og la på dahbordet etter at bilen var parkert. Så gjekk vi - trass i manglande sol.

_IGP1074bIMGP2846 (Large)

Sledevegen gjennom skogen til Ystenesdalen er fint rydda sjølv om enkelte tre har gått over ende.  Denne strekninga må nok verte ein variant av den planlagde Hjørundfjordråsa.

Starten oppover Ystenesdalen var nok ikkje den enklaste å gå, i alle høve ikkje med ski på sekken, men etter kvart kom skina dit dei skulle vere - på føtene - og då gjekk alt så mykje betre. Og så kom sola.

IMGP2850b

Fred Ingar (Somby) passerer skoggrensa og snart kjem sola.

Vi frykta  skredfaren og var nok inne på tanken om at vi måtte snu før l Randers topp var nådd, men det kunne virke som om mesteparten av snøen var blåst bort til ein eller annan stad.  Nei, det var nok den harde skorpa på snøen som valda større problem eit par stadar, m.a. der ein skråar opp til høgre for å gå over i Inste Årsnesdalen - opp til Rysletta.

Giganten

Giganten må vere med.  Denne gongen tenkjer eg på han under raud pil

IMGP2860 (Large)

Skråninga opp til Rysletta og Inste Årsnesdalen kan vere skredutsett.  Heldigvis hadde skredet gått då vi kom, men underlaget vart svært hardt.  Her vel Fred Ingar å ta av skine og bere dei opp på sekken

_IGP1089bIMGP2866 (Large)

Rysletta - sletta mellom dei to dalføra er nådd.

Sjølv har eg på ingen måte vore på alle fjell i Hjørundfjorden.  Likevel vågar eg påstandan - når du kjem opp på Rysletta og ser rundt deg og går vidare oppover området til Bladet, Mohns og Randers Topp og alle dei andre toppane, ja, då er du i det vakraste fjellområdet Hjørundfjorden kan by på med omsyn til utsikt.

Å gå til Randers Topp via "omvegen" opp Ystenesdalen tek nok litt lenger tid, men den er vel verdt utsikta.

_IGP1090b

Så er det å halde fram over Rysletta.    Giganten vert her gøymd bak ein fjellformasjon, omtrent over underteikna sitt hovud

IMGP2877 (Large)IMGP2880 (Large)

Til venstre ser vi at vinden har gjort sitt - også ved overgangen til Inste Årsnesdalen. Til høgre: Ein mann og eitt spor.

Så var vi klare for den siste kneika opp til den vakre kvinne/dronninga.  No er kanskje ikkje Randers Topp det flottaste kvinnenamnet ein kan velje, men utan tvil er ho ei vakker om enn kjøleg kvinne.  Fred Ingar ville ha med skina heilt opp sjølv om skiforholda her ikkje var dei beste.  Underteikna greidde seg med stavane.  Og berre så det er sagt - ho slapp oss heilt opp denne gongen trass i sitt harde og kjølege ytre.

_IGP1106b_IGP1108b

Denne gongen kom også underteikna til topps.

IMGP2882b

Her ser vi det tradisjonelle toppfotoet av Randers Topp, men toppen er...

Toppen

....altså her.  To kjekke gutter.

Og for den som framfleis lurer.  Fotoet var tatt på denne måten:

IMGP2884b

Fred Ingar plasserer kameraet på rett plass og har så 12 sekund på seg til å springe til toppen.

Ålesund

Frå Randers Topp er det også god utsikt mot havet - og Ålesund.

Dette flotte lyset som ein ofte møter til fjells, sluttar aldri å forundre meg.  Eg tek med eit par foto til.

panR2b-snørenne fra randers

Molladalen under

IMGP2892 (Large)IMGP2896 (Large)

Lengst bak ser vi Jønshornet, for våre kjære naboar på Vartdal - Ramoen.  Nærast:  Randers Topp - med ig utan folk.

_IGP1115b

Den flotte, kvite, Mohns Topp bak til venstre.  Knuts topp får kvit hjelm. (Og den kom sikkert godt med)

Så var det berre å starte på nedturen.  Føret vart nok i vanskelegaste laget for underteikna - eg likar godt skorpe på brøda, men helst ikkje på snøen.  Fred Ingar har sendt meg fleire foto av meg også, men det er skrivaren som bestemmer kva foto som skal vere med.

Vi sakna sjølvsagt losjekameratane Olav og Ronny Haugen.  Då hadde det blitt gode køyrefoto av andre enn Fred Ingar, men så tok Ronny til i ny jobb i dag på Stokke Fabrikker A/S på Skodje.  Det passa seg vel ikkje å be om fri fyrste dagen?

Det er elles berre ein ting å seie om nedkøyringa frå Fru Randers Topp:  Den må prøvast.

IMGP2910bIMGP2901b

Fred Ingar på veg ned frå toppområdet.  Storfjorden til venstre.  Hjørundfjorden til høgre.  Til høgre greidde Fred Ingar tydelegvis å finne nok laus snø til ein liten snøsprut.

Så tok turen ned Inste Årsnesdalen til.

IMGP2922bb

IMGP2922b

Fred Ingar var her sterk og klar:  Berre nedkøyringa denne sida var verdt turen opp.

_IGP1130b

Men skina hadde eg no på eg også.

IMGP2929 (Large)

Her køyrer Fred Ingar ned mot Hjørundfjorden

Strekninga ned Inste Årsnesdalen er lang - og som nemnt utruleg flott.  Nemnde eg at vi var heilt åleine på toppen denne dagen og at vind og snø hadde fjerna alle tidlegare skispor?  Sidan dette vart ein kjempeflott tur kan eg no tillate meg å nemnde at den siste strekninga ned til bilen ikkje var heilt god.  Glatt svaberg, roten snø og småskog kombinert med ski er ikkje alltid ideelt Eg tillet meg å sitere ei lita verseline frå "Vestlandsfanden" sin Livet har aldri vært rettferdig.  Den lyder slik: Alltid eit strev og eit jækla slit...

Men kva er vel eit kvarters ubehag mot fem tidar samanhengande glede?  Og berre så det er sagt det også; Fred Ingar rakk barnehagen i Volda før 1615 denne gongen også.

Det er påske snart og  Fred Ingar og eg er i det lune hjørnet - vi må ha ein quiz, eller tre.  Og denne gongen med premie.

Vi køyrer tre fjellquizar - ein i dag, ein på onsdag og ein på fredag.  Den som kjem først med flest rette svar vinn seg ei t-skjorte.  Sjølvsagt er det hjorundfjord.no si.  Her kjem den første quizen. Vi startar litt enkelt

Quiz 1

Kva er det svarte omtrent midt på fotoet?