Klikk på fotoa for stor versjon.

I går, tirsdag morgon, var himmelen blå, nysnøen oppover Grøtdalstinden lyste nærast i det blå morgonlyset, på lokalradioen hadde meterologen hos Værvarslinga for Vestlandet nyleg sagt at dagen i dag måtte nyttast godt - det kunne bli lenge til neste finevêrsdag. Vegard Riise, snart 22, tok henne på ordet.  Den lange og flotte nedkøyringa frå Grøtdalstinden måtte prøvast for første gong.

IMGP2287 (Large)

Vegard gjer seg klar.  Det er ikkje nødvendigvis toppen på Grøtdalstinden(lengst bak) som er målet, men den flotte nedkøyringa frå ca. 1100 meters høgde.

Vegard er ingen veteran i vinterfjella i Hjørundfjorden.  Faktisk har han hatt berre ein topptur på ski her, men han manglar slett ikkje skierfaring.  Han har t.d. nemleg køyrt på ski ein stad der berre underteikna kan drøyme om - nemleg i Chamonix i Frankrike.  Ein grunn til lite skigåing i fjeller her, skuldast for det meste at Vegard har budd ulike stadar rundt om i landet siste åra p.g.a. skulegang og arbeid. Derfor har vi også sett lite til han på heimstaden på Sæbø, men no er han sterk og klar - klar for oppstart på Idrettslinja ved Høgskulen i Volda den 28. januar. (På Idrettslinja set dei pris på lange juleferiar.)

IMGP2289 (Large)

På veg oppover.  Godt underlag, nysnø, dette lovar godt.

Vi gjekk oppover etter rute 8.6., Frøland - Sørvestryggen, som er omtalt i boka "Skiturar i Sunnmørsalpane".  Nokre minusgrader var det ved start på Frøland, men nysnøen vart djup etter kvart - mellom 10 og 50 cm - så lettelse i antrekk måtte raskt til.  Etter kvart kom også sola oss i møte. Dette måtte bli ein flott dag. Og tru det eller ei, sola varma etter kvart så mykje at det øvste laget av snøen vart litt kram.  Ja, vi frykta litt at snøen skulle verte tung å køyre ned i, men den frykta kunne vi ha spart oss.

IMGP2292 (Large)

Ein liten skål for sola som dukkar opp frå sin gøymestad bak Årsethornet.

For ein som skal drive litt med bygdemobilisering, kan det ikkje vere anna enn inspirerande å få vere med ein kar som Vegard. - Herli, høyrde eg fleire gonger, t.d. når  vi kom så langt at vi såg fjella vest for Bjønndalen, eller oppdaga toppen etter ein lang oppovertur.

IMGP2301 (Large)

- Herli!  Vegard har oppdaga fjella vest for Bjønndalen.  Hellefjellet/Seglet lengst til venstre.

Som nemnt gjekk vi oppover etter ryggen som vender mot Bjønndalen, men likevel ikkje heilt.  Dette skuldast tidlegare dagar med heller sterk vind.  Underlaget på denne ryggen hadde dermed blitt  svært hardt og til dels isete.  Dette gjorde at det var vanskeleg å få feste sjølv med eit ca. 10 cm tjukt nysnølag oppå.  Men det var berre å gå litt lenger inne så ordna dette problemet seg.

Inntil nyleg har Vegard jobba hos McDonalds i Trondheim, men kva skjer når vi skal ta oss ei velfortent pause?  Jau, når underteikna dreg fram sin svære sjokolade så dreg Vegard fram ein pose med tre epler.  Akkurat, tre epler.  Den karen må hankast inn tfor å vere med i ein reklamefilm for "Frukt og Grønt"

IMGP2303 (Large)

- Ikkje sjokolade her, nei.  Fem om dagen er idrettsmannen Vegard sitt mål.

No var det slett ikkje underteikna som tok opp problemstillinga, men Vegard nemnde at det i kameratgjengen hans var det fleire som ville- eller var i ferd med å utdanne seg innan idrett.  Likevel var det få av dei som gjekk på skiturar til fjells vinterstid.  Han trudde kanskje det kom av at dei flytta etter jentene/kjærastane  sine.  Javel, men i så fall når det vert vinterferie og påskeferie må desse jentene/kjærestane inviterast med hit til Hjørundfjorden.  Vert dei like entusiastiske som Vegard, vert dei sikkert verande her, eller i nærområdet seinare...

IMGP2307 (Large)

- Herli, igjen. Grøtdalstinden dukkar opp i ein liten skydott, men denne gongen var det nedkøyringa som var målet, ikkje sjølve toppen.  Vi snudde difor på høgda bak til høgre.

Tru det eller ei, men når vêr- og snøforholda var slik som denne dagen, har Grøtdalstinden to oppturar.  Opptur vert det sjølvsagt når ein går oppover.  Når ein så skal køyre/renne ned igjen, så vert sjølvsagt det den største oppturen. 

Så er det berre å setje av stad.  Først eit slakkare parti, så kan Vegard starte den flotte, sporfrie nedkøyringa med gjennomsnittleg 30 cm nysnø og opptil 40 graders helling.  Det vert ikkje så mykje meir tekst.  Sjå på fotoa og fototekst.

IMGP2309 (Large)

Ja, mor.  Vegard brukar sjølvsagt hjelm.

IMGP2310 (Large)

Tørre klede, mat...

IMGP2312 (Large)

... Og så må skifellane av. Bak ser vi Bondalen til venstre, Frølandsdalen til høgre.

IMGP2319 (Large)

Først eit slakkare parti, så kan Vegard hive seg utfor den bratte- og flotte nedkøyringa med opp til 40 graders helling i ca. 30 cm nysnø.  Vi ser at sola tek til å nærme seg Bondalen også, men underteikna, som bur der nede ein eller annan stad, må bu i skuggen enno ei tid.

IMGP2327 (Large)

Vegard har her fått opp farta.  Slogen og Smørskredtind i bakgrunnen. (Dessverre litt uskarpe p.g.a. at fotografen har flytta på kameraet då fotoet vart tatt)

Det må her opplysast at Vegard var så heldig at han hadde valet mellom m.a. sandvolleyball og surfing i Den Domenikanske republikk og Idrettslinja ved Høgskulen i Volda med hovudvekt på ski.  Han valde det siste.  Når vi ser på fotoet over, kan vi skientusiastar forstå kvifor.

IMGP2343 (Large)

Vegard og Hellefjellet igjen.

IMGP2350 (Large)

Enno er ikkje skogen nådd...

IMGP2354 (Large)

... Men køyring i småskogen var også herli denne dagen.

Vi tok våre siste svingar ved bildøra på bilen nede på Frøland.  Vegard tok så av seg hjelmen - håret stod til alla kantar (han likna då på han eine av dei tre komikarane som brukar å ta heile verdshistoria på fem minutt) og så kom det: - Herli.  Men så la han til: - At eg ikkje kjøpte meg breie telemarkski før...

Seint same kveld sende eg ei tekstmelding til Vegard.  Eg måtte vite alder og terningkast på nedkøyringa.  Eg tillet meg å sitere ein del av svaret eg fekk: "Sidan dette var min første skikkelege topptur hekje ej so mykje å sammenligne med, so ej gir det 6, alt var bra". 

Det var godt å høyre no i skrivande stund når det regnar kraftig ute. Og takk til meterologen hos Værvarslinga for Vestlandet for det gode rådet.