Hjørundfjordportalen » Lokalt » UNDERVERKET - Del 2: Møte med geologane

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum
Gjestebok
Søk


Annonse

Annonse

Annonse

  • Skriv ut
  • Hjelp

UNDERVERKET - Del 2: Møte med geologane

Leiar Siw Brandal Godø

Her kjem del 2 i framhaldssoga om Underverket i Langsæterdalen. Torstein Urke sin stein frå gropa på Steinreset skal underleggast sakkyndig vurdering!

Eg møtte i dag i klubblokalet til Ålesund og Omegn Geologiforening og vart presentert som gjest i medlemsmøtet av leiar Siw Brandal Godø. Ho referete bakgrunnen for saka ved å gå gjennom Hjørundfjordportalen sitt oppslag 30.10. For anledninga hadde ho engasjert foreninga sin spesialist, Einar Fivelsdal, som skulle sjå steinen for første gong i tillegg til at han skulle halde ei orientering om kalk / kalsitt.

 

Siw Brandal Godø uttalte då ho fekk sjå bilete av steinen at dette måtte vere ein kalsitt, men ho kunne ikkje vere sikker før testing med syreprøve.  Bjørn Pettersen fann fram saltsyra, bløytte Q-tips enden og prøvde:

Syreprøva

Ingen reaksjon på dei brune felta.

Dei brune felta ga ingen reaksjon med syra, men på det kvite feltet i midten var det ikkje tvil: Her brusa saltsyra, og dermed er det slått fast at midtfeltet er kalk. Det herska ei viss usikkerheit kva over- og undersidene var for noko. Her måtte vi vente til eksperten kom! I mellomtida fekk eg titte på lokalet ute i Stenvågen.

I underetasjen viste Siw fram verkstaden med sager og slipeutstyr der opp til 6 personar kan arbeide samstundes. Det er utruleg å sjå kor mykje vakkert ein kan trylle fram av stein. Rolf Haugen frå Horningdal har slipt anhenget Siw  hadde kring halsen i dag.

Leiarens anheng

Slipt av stein frå Jotunheimen.

Så hentar ho fram ein mylonitt-gneis frå Driva - saga og fukta, men ikkje slipt:

Mylonittgneis

Mylonittgneis med folding - råsaga. Tenk når denne er slipt!

Så er det klart for medlemsmøtet i Ålesund og Omegn Geologiforening. Det møter 20-25 medlemer, og her er det også kjentfolk. Syster til Knut Leknes, Jenny Jendem og ektemannen Gudmund er faste deltakarar slike kveldar.  Siw presenterer meg som gjest og viser fram steinen:

Siv granskar steinen

Siw brukar kjennarblikket, men er usikker på dei brune felta. I alle fall er det eit flott eksemplar, uttalar ho.

Siw har merka seg at det vert lagt opp til ein "ekspedisjon" på seinsommaren for å sjå Underverket, og ho lanserer dette som ein medlemstur i foreninga. Men så var det den endelege bestemminga av steinen....

Einar Fivelsdal er krytallklar i si vurdering.  Det kvite feltet er kalsitt- krystallar - som syreprøva viste. Dei brune krystallane er stilbitt - også eit svært vanleg mineral. Han forklarer at kalkfeltet er avsetningar i ei tidlegare opning mellom stilbittkrystallane. Kalsitten har blitt utfelt og knytt seg til stilbitten heilt til gangen vart tett.  I det syd-norske grunnfjellområdet er stilbitt eit spesielt vanleg mineral på sprekker og holrom. Og alt dette kan passe bra til Underverket, ei to meter djup grop, omlag ein meter brei og fem meter lang. At der er hol i botnen gjer området ekstra interessant.

Einar Fivelstad 

Einar Fivelsdal er foreninga sin ekspert innanfor geologifaget

Einar Fivelsdal orienterer medlemsmøtet om kalk, kalsium og andre bindingar. 45 % av vekta av kopipapir og anna kvalitetspapir er kalk.  Han nemner at CO2 - karbondioksyd - er livets gass og når denne bind seg til vatnet, oppstår hydrogencarbonat som er grunnlaget for all kalk.  Så veit i at 3 % av jordskorpa består av metallet kalsium. Kalsium bind seg til karbonat og det oppstår kalsiumkarbonat - CaCO3. Dette er kalkstein/ kalksteinkarbonat/ kalsitt. Mange andre metall kan binde seg til karbonatet og f.eks. av kopar oppstår blå azoritt eller av jarn oppstår jernspatt.. osv.

Geologiforeninga

Diskusjonen går livleg mellom "steingalne" medlemer. Jenny Jendem, f. Leknes, nr. 2 frå høgre, saman med ektemannen Gudmund, velkjende gjester på Leknes og i Urkebygda.

Konklusjonen min frå møtet er at vi har fått bestemt steinprøva frå Underverket. Kva meir som finst der, veit vi ikkje før saka vert undersøkt.  Geologane syner stor interesse for å finne ut meir om det, og vi må planlegge ein skikkeleg tur på seinsommaren - i august eller tidleg i september.  Helge L. Urke har sagt seg villig til å vise veg, og turen vil kunne bli langt meir interessann med geologar i følgjet.

Underteikna vil ta på seg turarrangementet og kjem tilbake til saka seinare når tida nærmar seg. Eg har e-postadresse per.urke@adsl.no og er du interessert, kan du i tida framover melde frå om du ønskjer å bli med!

 

 

 

 

Lagt inn av Per Urke
05.11.2007 23:58

Skriv kommentar:

Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av portalen med å klikke her.

Stikkord

Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.

Annonse

Aktivitetskalender

30.juli
(Sæbø)
(Hjørundfjord kyrkje)
31.juli
(Sæbø)
(Grasbana)
1.aug.
(Sæbø)
(Hjørundfjord kyrkje)
2.aug.
(Stokkehornet)
3.aug.
(Bakkedalen)
(Hjørundfjord kyrkje)
4.aug.
(Ytre-Standal)
(Sagafjord Hotell)
5.aug.
(Bjørke)
6.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
7.aug.
(Grendahuset)
9.aug.
(Vasstøylen/kvamsedalsreset)
10.aug.
(Hjørundfjord kyrkje)
11.aug.
(Sagafjord Hotell)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

736 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 15 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008

141 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
907424 besøk og 9094199 visningar totalt