I begynnelsen av august i sommar måtte vi ta oss ein tur å besøke storesystra mi i Gausdal, Vibeke. Ho hadde kjøpt seg ny bil og den gamle skulle onkelen min på Trandal, Per,  kjøpe.Vi skulle ta buss til Lillehammer og køyre bilen heim til han.

Onsdag 1.august tok vi bussen frå Volda i middagstida, og ut på kvelden kom vi til Lillehammar, og der stod Vibeke med splitter ny bil, ein Volvo V50 av nyaste sort. Ho køyrde oss heim til garden, der ho bur på i Gausdal. Vi hadde vore her fleire gongar før så vi kosa oss heime med ho fyrste kvelden.
Dagen etter var det tur på byen i Lillehammar og Maihaugen. Det hadde vore regn og atter regn på Austlandet i sommar og Vibeke var lei regn, men plutseleg denne dagen skein sola og det vart flott sommar. Vi reiste rett på Maihaugen og gjekk i gjennom museumet og ut i området rundt, der vi såg ein gammal bydel frå Lillehammar og videre såg vi hus frå fleire tidsepoke og til slutt dei gamle gardane få Gudbrandsdalen med stavkyrkja frå Garmo

Her er bilda frå Maihaugen: 

200720070802_0463
Her ser eg og Vibeke på Trykkeriet .    Her er  modellen av Prinds Gustav. 

20070802_0467                20070802_0481
Her er vi ute å går i parken.                    Her er eg inni ei gamal skulestove.

Når vi var ferdig med Maihaugen køyrde eg og pappa rundt og såg etter den andre store attraksjonen, som eg var interessert i, og det var Skibladner. Mamma og Vibeke måtte på kjøpesenter, og det var greit, berre vi slapp. Vi fann den nye kaiplassen til den gamle damparen, men dagen etter gjekk den sørover og vi måtte til Hamar for å ta den til Gjøvik.

Dagen etter var det like fint ver og då måtte vi ha den dampskipsturen på Mjøsa og vi køyrde til Gjøvik. Der fann vi ut at å kome til Hamar var enkelt og greit med buss, og vi sette att bilen på dampskipskaia. Ein gamal holk av ein buss frakta oss til Hamar og kl.17.00 sat vi på dampskipskaia og såg Mjøsa "kvite svane" kom innimot oss. På brua stod ein stor og kraftig kaptein og dirigerte båten. Vi gjekk om bord i det strålande veret og var snart på veg utover Mjøsa med retning til Kapp for neste stopp. Vi køyrde under ei bru som gjekk over til Kapp og det var berre så vidt båten vår gjekk under. Under flaum må Skiblander senke pipa for å gå under. På brua stod der nokre personar og ein bil og med det same dampbåten var under brua slepte den ut damp, så vi skvatt til alle samen ilag med dei på brua. Like før brua såg vi ei kyrkje og der fekk vi gjennom høgtalaren opplyst at ein gong det var flaum måtte brugommen ro bruda framover kyrkjegolvet.
Når vi kom til Kapp stod her mykje folk på kai og venta. Pappa sa at dette var som i gamle dager når rutebåten på Hjørundfjorden kom frå bya om kvelden.
Vi var rundt på båten og såg på altslag og til slutt måtte vi spørje om vi kunne få lov å kome på brua å snakke med kapteinen, og det fekk vi, sjølv om det var adgong forbode. Kapteinen var ein kjekk kar, og ikkje på nokon måte så farleg som han såg ut når vi såg nedanfrå, når han stod på brua. Han var frå Gamvik i Finnmark og budde på Gjøvik. Han hadde fast arbeid i Opplandske Dampskips Selskap som har dreve skipet heilt sidan 1856, skipet blei bygd 1854-1856 i Sverige og blei frakta i seksjonar gjennom Gòta Kanal og samansatt ved Mjøsa .

AnkerSvane
På Hamar. Ankertet eg  står på                Her kjem endeleg Mjøsas kvite svane.
er truleg fra damparen Kong Oscar.

 KaiOmbord
Her legg ho til kai på Hamar.             Og her er eg endeleg ombord.

Dampmaskin20070803_0529
Dampmaskinene er i full gang.                    Kafeterian.

20070803_053520070803_0563
Promenadedekket.                                       Herresalongen.

20070803_0567             20070803_0568
Restauranten.                                                  Eg og restaurantpikene.
20070803_0546    20070803_0540

Herleg steming på dekk.                                 Flaumkyrkja.

Intervju med kapteinen på Skibladner:
Vi spurde fint eit av mannskapet på Skibladner om å få kome opp på dekk til kapteinen for å intervjue han, det var heilt greit! Kapteinen sat og sola seg på dekk i uniform og eg spurde om å få intervjuve han, då sa han berre ”ka spørsmåla e? Og her er dei:

Kva heiter du?
Harald Rassmusen.
Kor gammal er du?
63, reine ungdommen, så ler han godt!
Kar bor du?
Gjøvik, har bodd i Gamvik før.
Kor lenge har du vert kaptein?
10 år.
Kor lenge har du vert kaptein på Skibladner?
I 5 år.
Når starter sesongen med Skibladner?
Vi starter 29. Mai og går charterturer og vi starter med å gå i rute frå Jonsok og går til 17. September. Vi går til 7. Oktober med charterturer

Deretter prata vi litt med kapteinen som var ein hyggeleg kar og fortalte han om hjorundfjord.no, at det var ein bygdeportal og litt anna.
20070803_0550
Intervjuv med kapteinen. 

20070803_055920070803_0576
Rutebåtstemning, taubåten i                På kai i Gjøvik og turen er over.
bakgrunnen
er  Sævad.

Etter nesten to herlege timar og ein fantastisk tur, var vi komne til Gjøvik. Vi reiste no heim til Gausdal og fekk oss god mat og slappa av.
Dagen etter på laurdag, måtte vi heim, for mamma skulle på jobb. Og turen gjekk over Strynefjellet og ned til Geiranger. Eg synst det var deilig å komme tilbake til Vestlandet med fjordar og ferjer, for dei som kjenne meg veit at eg likar godt ferjer! Her tok vi ferja til Hellesylt og det var ein opplevelse å reise utgjennom Geirangerfjorden med kraftig vind, så fossene var i ei skoddesky, og på dekket under oss var det sjøsprøyt. Då tenkte eg at det er bra vi hadde spesialferja ”Bolsøy”, som var tett i baugen, for det den var bygd for å gå i ei værhard rute når den var ny. Der var nokre Tyskarar om bord og dei storkosa seg ilag med oss, og heldt seg i rekkverkt får å ikkje blåse over ende, men vi sto i ly for vinden bak pynteskorsteinen. Vi kom heim gjennom Norangsdalen og tok ferja på Lekneset ut på kvelden, og det var yndlingsferja mi ”Nørvøy”. Eg måtte ein tur oppi styrehuset og snakka med mannskapet. Då eg kom heim var det ingen tvil om at vi  hadde vore på ein fin tur!!

20070804_0589 20070804_0592
Geiranger.                                                          Ferga kjem.

 20070804_060320070804_0606

Geiranger kai.                                                Skyssbåten Geirangerfjord.

20070804_061020070804_0613
Fjord Molde.                                           Cruiseskipnavn, S/S Norway er der også.

20070804_0622  20070804_0623

Vi møter Voksa.                                               og Veøy...


20070804_0615

 De Syv Søstre.