For å kome til Rovde måtte vi ta ferja Volda-Lauvstad, så eg sjekka ruta og såg at det gjekk ei kl.15.40 og den skulle vi ta. Eg hadde også sjekka på Fjord 1- MRF sine side at ”Kvernes” gjekk i denne ruta, så eg gledde meg til å sjå att ferja som gjekk på Hjørundfjorden ifjor sommar. Vi for i 3 tida og køyrde over Krøvelseidet til Volda. Då vi skulle stille opp såg eg at ferga hadde salong oppe, men det var ikkje ”Kvernes”, men ”Geiranger” , pussig sammentreff? Det bles ein del, og eg måtte ut på kaia, for pappa sa at eg måtte ta nokre bilde viss eg skulle skrive. Så eg gjekk avstad og tok ditta her bilde og fleire:

Ingress- geiranger
Her legg B/F Geiranger til med Volda

Vi køyrde om bord ferja, og eg sprong opp i salongen for å sjå korleis den såg ut, eg sprong også opp på øverste dekk. Deretter gjekk eg ned att på bildekket for å sjå korleis pappa hadde det, han snakka i telefon(som vanlig)klokka begynte å bli litt seint etter ruta. Eg gjekk opp på dekk igjen, og då begynte motoren å bromme og ferja la opp baugenporten, og la frå kai. Årsaka til forseinkinga var at ferja venta på ein ambulanse. Ferja snudde seg heilt om til Styrbord(høgre) å ga full gass med kurs mot Lauvstad, ej gjekk opp på soldekket, og då kom pappa. Han kom for å sjå etter meg og vi gjekk ilag opp på soldekk. Han likar å ta bilde, så han sa at vi måtte ta litt bilde for å ha som minne om dinna her turen.

Som vanleg når eg er på ei ferje så har eg lyst opp i styrehuset. Pappa sa at det berre var å banke på døra og spørje fint kapteinen, det. Kapteinen såg ut til å være ein koseleg kar og berre nikka når eg spurde. Då eg gjekk inn såg eg at det var kontrollpanel i kvar ende, noko som ikkje er på ”Nørvøy” som eg fekk lov å styre av kaptein Roy Lillebø for ei tid sidan.
Eg gjekk bort og såg kva kapteinen styrte med, han satt berre å slappa av og styrte. Så sa pappa at vi måtte ha nokre bilde av meg og kapteinen. Då sa kapteinen: ” men då må jo du sitte her” i kapteinstolen!
Då fekk eg styre sjølvaste B/F ”Geiranger”, det var dagens høgdepunkt!!!

Styring

Her styrer eg B/F Geiranger mens kapteinen fylgjer nøye med og gir ordrer.

Vi kom fort i prat og kapteien sa at ”Geiranger skulle ut av sambandet etter Nyttår og at NOR-ferjer(dei eig også ”Folkestad” )skulle sette inn ei ny ferge. Dette var jo interessant å høyre tenkte eg.

Turen gjekk mot slutten og pappa gjekk ned til bilen, han sa at eg berre kunne vere her når kapteinen la til kai. Eg ropte til han at han måtte ta eit bilde av GA-planen til ferja(dette er plantegninga av ferja som heng i alle ferjer), det er kjekt å ha viss man skal lage 3D-modell eller tegne ei tegning av ”Geiranger”. Kapteinen måtte snu om ferja når han skulle legge til, først opna han løftebaugen, og la til kai, det var ikkje noke dunking når han la til, så det måtte tyde på at han var ein like god som han var ein kjekk kaptein. Eg takka for at eg fekk komme inn og sprong nedatt på kaia, og inn i bilen igjen, så køyrd vi utover stranda, for å sjå etter ærverdige gamle B/F ”Geiranger”.

Etter ei stund vi hade kjørt såg, vi noke borti med eit oppdrettsanlegg, det var ein lektar med styrehus, kunne det vere den? Pappa sa at den låg på grunn, men etter ein kikk med kikerten såg eg at det var berre ein ny lektar med styrehus og med ein liten slepebåt ved siden av seg. Etter litt til såg vi noke med ei kai, det likna på ei ferje kunne det vere B/F ”Geiranger”? Vi måtte undersøke ditta nærmare, vi stoppa bilen. Eg sprong ned på kaia, no var eg kjempeheldig som fekk sjå gamle B/F Geiranger då såg eg styrhust som låg på ”land”. Eg gjekk ned til kanten einaste som var der var eit jern-rekke, eg såg ingenting, men plutseleg forsto eg at eg sto på den! Då vart eg litt skuffa at dei hadde gravd den inn i kaia. Og styrhuset sto opp på ”lektaren”, eg gjekk akter(bak), der var dekksplankane intakte! eg gjekk inn i styrehuset, restar etter taket låg ned i dørken når eg gjekk inn bakifrå. Men eg vart så skuffa då eg kom inn i sjølve styrehuset, her stod berre igjen rorstamma og masse rusk, vindua var knust og alt inventar var vekk. Eg såg også litt inn i bestikklugaren men gjekk ikkje så langt.

Akte InnvendigStyrehus
Her er tre dekket forsatt inntakt. Styrhuset ser slittinvendig. Det gjer det også utvendig.

Deretter gjekk eg litt på dekk då seg eg ”luka” midt i dekket enten så måtta det ha vert ”Casinga”(der skorstein, trapper og lufting går inngjennom) eller ei luka fra den tida den var sandlektar. Etterpå fann eg både ankerkjettingen og ankervinsja, men ikkje ankeret. Eg fann også baugen men den låg nedegravd og i sjøen. Eg gjekk bak til akterdekket og prøvde å sjå korleis rekka gjekk, det var litt problem å orientere seg for det at det låg eit styrehus av ein fiskebåt og rekka var nedgravd. Men så for pappa og tok nokre bilde bakaifrå og sa at vi måtte gå, men eg måtte ta eit siste farvel til æreverdige gamle B/F ”Geiranger” dette er kanskje siste gong vi ser den før dei dumpar den ned med grus. Ein ting eg synst burda vorte gjort er at dei tek å restaurerer styrehuset og sette det på museum!

vinsj Lektaren Navn
her er ankervinsja. her er "lektaren" framaifrå. Kvar er navnet "Gerianger" Skal tru?

AkterSiste Farvel
Her er "Geiranger" akter ifrå. Eit siste fravel.

Istaden for å skrive alt historie om ”Geiranger” legg eg berre inn historia scanna ifrå boka ”Om Samferdsel i Møre og Romsdal del II” + eit bilde eg har henta frå Fylkes galleriet.

Geiranger historieGeiranger Hellesylt
Historia til "Geiranger" . Eit Historisk bilde.

Ferga GeirangerGeiranger Orginal
Forliset og brannen til "Geiranger" . "Geriranger" på Geirangerfjorden.

Deretter for vi til Syvde å fylte bensin og snopa. Då gjekk turen heim rundt Dalsfjord og Austefjorden.

Når eg var heime sette eg med ned å skreiv ditta stykke

*Eg leiter etter bilde av den gamle Hjørundfjordferga Vestra (ex. Trygge) til ein artikkel eg skal skrive om den. Har du eit bilde så kan du sende det til meg på epostadresse: sondre(alfakrøll)sunnmore.net