Starten var i 1959.  Ei ung kvinne frå Tyskland og ein ung mann frå Danmark kom tilfeldigvis til Finnmark og Kautokein på same tidspunkt.  Etter ei stund reiste dei frå staden, men kom tilbake igjen ikkje lenge etter.  Dei gifte seg og vart ekteparet Regine og Frank Juhls.  Dei to byrja med å reparere sølvsmykker til flyttsamane. Resten er historie.  I dag står det ei vakker sølvsmie og eit flott galleri like ved Kautokeino sentrum.  Men i denne smia vert ikkje berre laga sølvsmykker.  Ta ein tur innom når du dreg på ferietur til Finnmark, for det skal du vel?

Sølvsmia (Large)

Ekteparet Juhls er opptekne av arkitektur.  Dei har sjølve teikna denne smia/dette galleriet/ dette huset der dei også bur.  Frå deira eiga heimeside tek vi med denne setninga: "Takene over de mange rom brer seg ut i lave bølger - som snøskavler og viddas myke høydedrag."

Det er nok ikkje så mange samar som jobbar ved denne sølvsmia/galleriet, men der var eit svært så internasjonalt miljø.  Folk frå fleire nasjonar arbeider her og er samstundes under opplæring.

Galleriet har mange rom, t.d. har både 60-talet, 70-talet og 80-talet fått eigne rom med gjenstandar frå desse 10-åra.  Ekteparet har reist mykje rundt om i verda, m.a. har dei besøkt nomadefolk i Afghanistan.  Dette landet har fått ei eiga, stor utstilling i underetagen.  Under tek eg med nokre foto.

P1010034 (Large)

Vår omvisar frå Finland(t.v.) gav oss mykje lærdom.

P1010038 (Large)

Mykje vakkert...

P1010040 (Large)

Endå meir vakkert...  Det er kona mi, Jane, som ser.

P1010037 (Large)

Gjennom dette vindauget ser vi også delar av Kautokeino.

P1010045 (Large)

Kjenner du att stolane?  Dette må vel vere 70-talsromet?  Det bua taket skal førestella ein snøskavl slik han gjerne vert mellom to små hytter som ikkje står så langt frå kvarandre.

Frank Juhls er målar mens kona Regine helst lagar skulpturelle smykker.  Men ekteparet Juhls er no rundt  70 år og er dei i ferd med å lage sine siste store kunstverk?  På veggen ved inngangen finn vi eit stort motiv som Regine har arbeidd med i fleire år og ein skulptur som Frank sikkert til no har arbeidd med like lenge.  Sjå foto under.

P1010048 (Large) 

Kunstverket til Regine Juhls på  veggen er enno ikkje ferdig.

P1010047 (Large)

Frank Juhls er heller ikkje ferdig med fingeravtrykket sitt...

P1010049 (Large)

Over ser vi framsida av "mosaikkfingeren" til Fran Juhls.

P1010032 (Large)

Her står Jakob Hustad framfor knivutstillinga i galleriet.

P1010044 (Large)

I underetagen er det ei fantastisk utstilling av gjenstandar frå Afghanistan.

Det er ikkje inngangspengar for å kome inn i Juhls Silvergallery, men det er sjølvsagt høve til å kjøpe av alt det vakre av smykker m.m. som er utstilt.  Du treng ikkje reise til Kautokeino for å kjøpe - sølvsmia har visstnok ein butikk m.a. i Oslo, men i desse tider handar ein nok lettast på internett.  Kanskje du kan starte med å klikke deg unn her?: http://www.juhls.no/

Og lenger borte i vegen held det til ein knivsmed...